Hopp til innhald

Fagstoff

Hyggelege måltid

Måltida skal gi både næring og hygge. Kva som gjer eit måltid til ei positiv oppleving, varierer frå person til person. Som profesjonell helsefagarbeidar må du vere både oppfinnsam og merksam på same tid.
Kvinneleg helsefagarbeidar serverer mat til eldre mannleg pasient. Ho set maten på eit lite bord ved sida av stolen hans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måltid er meir enn mat

Førebuingar og tilrettelegging er nødvendig for å lage gode måltid. Målet må vere at brukarane opplever måltida som noko positivt i det daglege, og at situasjonen rundt matbordet bidreg til å gi auka matlyst og å skape ein god atmosfære.

I tillegg til næring gir måltida moglegheiter for sosial trening, sansestimuli og ADL-trening, og det er ein god arena for brukarmedverknad i praksis. Mat og måltid er òg knytte til tradisjonar, kultur og religion.

Prosedyrar

Det er viktig at de som jobbar saman, har ei positiv og felles haldning til korleis de skal gjennomføre måltida. Gjer deg kjend med dei prosedyrane som gjeld på arbeidsplassen din. På mange arbeidsplassar er det til dømes bestemt at dei tilsette skal ete saman med brukarane. Dette kan bidra til ein god fellesskap og føre til gode samtalar rundt bordet.

Handhygiene

At dei tilsette har god handhygiene, er sjølvsagt, men mange tilsette gløymer at dette òg bør gjelde brukarane. Om de legg til rette for det, kan de få det til.

Omgivnadene

Rom som de serverer mat i, må vere reine, ryddige og utan ubehageleg lukt. Luft rommet før måltidet viss det er nødvendig, men pass på at det ikkje blir for kaldt.

Omgivnadene bør vere oversiktlege og rolege. Enkelte institusjonar serverer måltida i ei felles matstove. Erfaring viser at det er betre med fleire små bord enn eitt stort, for då blir det lettare for kvar enkelt brukar å komme seg fram, og det blir ikkje så mange å ta omsyn til. Nyare institusjonar har ofte fleire mindre fellesrom for å skape eit rolegare miljø.

Tid og ro

Nok tid og ro rundt måltidet gjer at brukarane får den tida dei treng. Med motivering og god tilrettelegging greier mange å gjere meir sjølv. Nokon treng rettleiing og hjelp under måltidet. Pass på at brukaren sit godt, anten det er i ein stol eller i senga. Tenk òg over korleis du sit, og korleis du kommuniserer når du hjelper brukaren under måltidet.

Maten

Maten må ha god smak, vere delikat og ha rett temperatur. Varm mat skal vere varm, og kald mat og drikke skal vere kald. Du bør derfor ikkje servere fleire retter samtidig, men heller servere små porsjonar og tilby brukaren påfyll. Viss brukaren treng hjelp til å dele opp eller mose maten, kan du gjere det mens han eller ho ser på. Viss det er mogleg, kan du legge maten på serveringsfat slik at brukarane kan forsyne seg sjølv. Mat som er pynta med litt grønt, tomat, paprika eller liknande, verkar ofte meir freistande og appetittvekkande.

  • Korleis trur du det er å ete kald middag?
  • Korleis smaker drikke som har stått i romtemperatur i fleire timar?

Hjelpemiddel

Det finst fleire typar hjelpemiddel som kan bidra til at brukarane greier å gjere mest mogleg sjølv. Ved institusjonar er dei vanlegaste hjelpemidla tilgjengelege på avdelingane. I samarbeid med ein ergoterapeut kan de få tak i andre nødvendige hjelpemiddel.

Ein eldre mann et middag på eit brett framfor seg. I bakgrunnen sit fleire andre eldre og et rundt eit større bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

  • Kva ressursar har brukaren?
  • Korleis kan du som helsefagarbeidar rettleie, leggje til rette for eller hjelpe brukaren slik at han eller ho greier mest mogleg sjølv?
  • Kva hjelpemiddel finst det som kan hjelpe brukaren til å ete sjølv?
  • Ønsker brukaren å sitje saman med andre under måltidet eller å ete åleine?
  • Kven ønsker brukaren eventuelt å sitje saman med?
  • Kva liker brukaren å ete?
  • Kva prosedyrar finst det for måltid på praksisstaden din?

Bordet

Dekk bordet fint og marker gjerne forskjell på kvardag og fest. Ein fin duk, fint servise og serviettar skaper trivsel. Telys eller kubbelys med LED-pærer er eit godt og brannsikkert alternativ til levande lys.

Ver merksam på at personar som er demente, kan bli urolege om det er for mykje pynt på bordet. Dukar og servise utan for mykje mønster skaper meir ro enn mønstra.

Utfordringar til deg

  1. Kva er ei positiv oppleving ved matbordet for deg?

  2. Korleis kan tilrettelegging av måltida påverke matlysta?

  3. Korleis kan du legge til rette for brukarmedverknad i samband med måltid?

Relatert innhald

Bakteriar finst også i matvarer, og nokre av desse kan vekse og gjere deg sjuk. Lær deg riktig hygiene ved handsaming av mat og tillaging av måltid.

CC BY-SASkrive av Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Ernæringsarbeid