Hopp til innhald

Fagstoff

Måltida

For mange er måltid god mat, trivsel og fellesskap med venner, medan måltid for andre kan vere frustrerande og ubehagelege. Det er viktig at personalgruppa har ei felles haldning til korleis ein skal organisere måltida, og prosedyrar knytte til måltid og ernæringsarbeid.
Måltid i institusjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rammene rundt måltida har noko å seie for korleis dei som skal ete, opplever måltida, og dei kan påverke kor mykje mat ein et. Her er det mange faktorar som speler inn.

  • Korleis syt ein for å ha god handhygiene?
  • Er maten delikat tillaga?
  • Har ein omtanke for kvar enkelt brukar?

Det vil alltid vere individuelle forskjellar. Blant anna treng nokre lengre tid enn andre, og det er derfor viktig å setje av nok tid til sjølve måltidet. Gode måltid i eit triveleg miljø gir ei kjensle av tryggleik og samhald, og det kan vere fine utgangspunkt for gode samtalar og observasjonar. Nokre brukarar, som til dømes menneske med demens, kan bli forvirra og urolege dersom ein snakkar for mykje under måltida.

Måltida er forskjellige i ulike kulturar. I Noreg har vi tradisjonelt ete brødmat til både frukost, lunsj og kvelds. Det er mange måtar å setje saman eit sunt kosthald på, men uansett er det viktig å ete regelbundne måltid.

Drikke er òg ein naturleg del av måltidet. Avhengig av fysisk aktivitet og temperatur treng ein om lag to liter væske om dagen.

Måltid i skulen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar til deg

  1. Beskriv kva du assosierer med eit triveleg måltid.

  2. Beskriv nokre faktorar som kan medverke til at nokon opplever eit måltid positivt eller negativt.

  3. Kvifor er det viktig å ha ein god måltidsrytme

  4. Kva generelle observasjonar kan du som fagarbeidar gjere under eit måltid?

Relatert innhald

I denne interaktive oppgåva skal du setje saman setningar til relevante utsegner om måltid.

CC BY-SASkrive av Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021

Læringsressursar

Mat som grunnleggjande behov