Hopp til innhald

Fagstoff

Å jobbe med eldre menneske

I dagens eldreomsorg prøver styresmaktene å legge til rette for miljø som gir menneske moglegheiter til å ta vare på og utvikle ressursane og eigenskapane sine samtidig som dei eldest. Til dette trengst fagpersonell som har kunnskapar om aldring, aldersforandringar og sjukdommar knytte til aldring.
Ung mannleg helsefagarbeidar saman med ein eldre mannleg pasient i blå skjorte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dagens samfunn har omsorga for eldre i stor grad vorte ei samfunnsoppgåve. Endringar i familiestrukturar, bumønster og ein travel kvardag har gjort at dei eldre i mindre grad enn før er integrerte i familien.

Tidlegare fekk eldre som trong pleie og omsorg, dette behovet dekt av familien, mens dei eldre i dag i stor grad får dekt pleie- og omsorgsbehovet av profesjonelle som arbeider i heimebasert omsorg eller i sjukeheim.

På kva arbeidsplassar i helsevesenet kan helsefagarbeidaren møte eldre menneske?

Eldre menneske er ei gruppe som ofte er takksame for pleie- og omsorgstenestene dei får av helsefagarbeidarar. Mange av dei eldre set pris på å kunne dele noko av visdommen sin og livserfaringane sine med yngre menneske. At nokon har tid og lyst til å høyre historia til eit eldre menneske, gir den eldre ei kjensle av at han eller ho blir sett og framleis har verdi.

Unge helsefagarbeidarar kan synast det er vanskeleg å finne eit tema å prate med dei eldre om, men det å spørje dei eldre om livshistoria deira er eit utmerkt samtaletema. Sjølv demente kan hugse barndommen og ungdommen sin. Gjennom samtale med eldre menneske kan helsefagarbeidaren òg få kunnskapar om historia og samfunnsutviklinga.

Arbeidsoppgåver i arbeid med eldre

Som helsefagarbeidar kan du jobbe med eldre både på omsorgssenter, sjukeheim og i heimebaserte tenester. I arbeid med eldre menneske vil sentrale arbeidsoppgåver for helsefagarbeidaren vere

  • å observere for å sjå etter endringar i helsetilstanden til personen og kva hjelpebehov personen har

  • å planlegge arbeidet, lage ein plan for korleis dagen skal gjennomførast med mellom anna stell, måltid, aktivitet og omsorg

  • å gjennomføre stell og hjelpe til med personleg hygiene etter gjeldande prosedyrar, og å alltid vere nøyen med eigen og andre sin hygiene, for å forhindre smitte

  • å hjelpe til ved måltid og sørge for god ernæring med næringstett kosthald, lage enkle måltid, delta og hjelpe til under måltid, bidra til hygge og trivsel under måltidet for å auke matlyst

  • å vise omsorg, kommunisere og samarbeide med personar for å skape trivsel og for å vareta brukarmedverknad

  • å motivere og rettleie til aktivitet og sosiale tiltak

  • å rapportere og dokumentere for å kunne avgjere kva tiltak som skal setjast i verk, og for å vurdere om tiltaka som er sette i verk, verkar

I tillegg må du som helsefagarbeidar ha kunnskap om ulike sjukdommar, og det er viktig å vere klar over at eldre kan ha atypiske symptom på ulike sjukdommar. Du må vite kva som er gode arbeidsteknikkar og rette arbeidsstillingar, både av omsyn til personen du skal hjelpe, og deg sjølv som arbeidstakar. Å bruke rette flyttingsteknikkar reduserer belastningar og skader.

Utfordringar til deg

  1. Kva er god eldreomsorg?

  2. Kvifor er det viktig å sjå mennesket bak funksjonstapet og diagnosane?

  3. Det at du trivst og har ei positiv innstilling til jobben som helsefagarbeidar, er nødvendig for at eldre personar skal få den beste pleia. Kva haldningar og verdiar meiner du er viktige og nødvendige i arbeid med eldre menneske?

  4. Kva kan du gjere for at eldre skal få bruke og utvikle eigne ressursar?

  5. Kva verdi og nytte meiner du samarbeid med pårørande har i eldreomsorga?

Relatert innhald

Gode rapportar er viktig for pasienttryggleiken og for å yte best mogleg pleie. Å rapportere betyr å formidle naudsynt informasjon til dei som treng han.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten og Siv Stai. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.06.2022

Læringsressursar

Eldre og helse