Fagstoff

Planlegging og oppstart

Publisert: 08.03.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Det beste er naturlegvis at ungdomsbedrifta er ein del av skolen sitt ordinære tilbod, og at det blir orientert om dette tilbodet på same måten som det blir orientert om skolen sine andre tilbod – og ikkje minst om kva som finst innanfor Yrkesfagleg fordjuping.

Det kan vere lurt at initiativtakarane tek nokre uformelle forretningsideForretningsidémøte først for å lufte kva som er  mogeleg på eit heilt fritt grunnlag. Kva kunne de tenkje dykk å drive med? På kva slags måtar kunne forretningsideen til ungdomsbedrifta knytast opp mot det andre undervisningstilbodet? Skal de produsere det de vil tilby sjølve, eller har de tankar om eit produkt som andre må produsere for dykk? Storleiken på organisasjonen må tilpassast dette.

Ungt Entreprenørskap har formular for avtale med ansvarleg lærar for ungdomsbedrifta, normalvedtekter for ei ungdomsbedrift og malen for korleis protokollen for stiftingsmøtet skal sjå ut. Det mest ryddige er å registrere ungdomsbedrifta i Brønnøysundregisteret. Dei har spesielle vilkår for ungdomsbedrifter. UE tilbyr deg hjelp til å fylle ut dei nødvendige skjema som må til for dette også.

Stiftingsmøte

På stiftingsmøtet skal det veljast eit styre. Det er styret som med hjelp av kontaktlærar sørgjer for registrering av ungdomsbedrifta. Ei av dei viktigaste oppgåvene til styret er å tilsetje dagleg leiar. Formelt er det så dagleg leiar som skal tilsetje dei elevane ho meiner er best skikka til dei ulike stillingane som er nødvendige for å gjennomføre forretningsideen. For at det ikkje skal bli for mykje klikk-opplegg, kan det vere ein idé å utlyse stillingane på oppslagstavla i skolen og intervjue søkjarane for å finne fram til dei beste kandidatane. Elles er det heilt normalt for dei fleste gründerbedrifter at styremedlemmene også har stillingar i bedrifta.

Mentor

Ein av fordelane med ei tilknyting til UE er at dei vil skaffe dykk ein mentor frå det lokale næringslivet. Ein mentor er ein erfaren rådgivar som de kan spørje om alt som har med forretningsdrifta å gjere. Nokre ungdomsbedrifter har valt ein av foreldra til deltakarane som mentor. Det kan gå bra, men det vil ofte gi den eleven som har far eller mor som mentor ei litt vanskeleg stilling. Det beste er nok å finne ein mentor utan direkte personlege bindingar verken til styremedlemmer eller leiinga i ungdomsbedrifta.

Ungdomsbedrifta Leg Support UB frå Elverum vgs hadde ein av foreldrene som mentor. I filmen nedanfor presenterar dei sin produktidé.

Leg Support UB 

Relatert innhald