Oppgåve

Nytte av vanlege dataprogram

 

OppgåveOppgåve
  1. Lag ei liste over generelle dataprogram eller delar av dataprogram som du veit korleis du kan bruke til å løyse ulike problem. Døme kan vere tekstbehandlar, stavekontroll, fletting av brev, rekneark, diagramverktøy, formelverktøy. For kvart program eller del av program skal du opplyse om kva problemtype det er til hjelp for.
  2. Lag ei liste over nokre generelle dataprogram eller delar av program du har høyrt om, men som du ikkje veit korleis du skal bruke. For kvart døme skriv du kva problemtype du trur det kan vere til hjelp for. Kanskje du skal skrive eit brev og sende det til mange personar, men ikkje veit korleis du kan flette namn og adresser på klistrelappar. Å bruke datamaskina til å flette ei lang adresseliste på klistrelappar kan vere til god hjelp når du skal sende ut brev til til dømes 50 personar.