Hopp til innhald

Fagstoff

Førebyggande arbeid

Førebygging handlar i denne samanhengen først og fremst om å hindre at barn og unge gjer straffbare handlingar. Det handlar òg om å stoppe ein vidare kriminell livsveg for dei barna som allereie har gjort noko kriminelt.
 Ungdommar som går tur ved eit vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rollemodell

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du kome i kontakt med barn og ungdom i barnehage, skule, ungdomsklubb og liknande. Korleis du som fagarbeidar er overfor dei barna og ungdommane du møter, kan vere svært avgjerande for dei vala som dei gjer seinare i livet. Om du viser gode haldningar og er eit godt førebilete, kan dette bidra til at dei vel å følge dei lovene og reglane som gjeld i samfunnet. Om du oppfører deg på ein motsett måte, kan det bidra til at somme tenkjer at dei òg berre kan gjere det dei ønsker – for du er jo ein vaksen person som ikkje bryr deg om lover og reglar, og du har jo ein jobb.

Barn og unge står overfor mange ulike utfordringar, og du som barne- og ungdomsarbeidar vil derfor vere ein viktig støttespelar når dei står overfor vanskelege val. Som rollemodell og førebilete er du viktig i det haldningsdannande arbeidet. Det er òg viktig at du som fagarbeidar ser korleis barn og ungdom har det, og at du grip inn dersom du har mistanke om at nokon er på veg inn på ein kriminell livsveg. Det å lære seg å sjå og høyre er viktig i den daglege jobben din, og det er viktig at du klarer å fange opp signal om korleis dei unge har det, slik at du eventuelt kan setje inn ulike former for hjelpetiltak dersom dei treng det.

Tverrfagleg samarbeid

Du kan òg vere ein viktig bidragsytar og samarbeidspartnar i kriminalførebyggande arbeid ettersom du jobbar tett med barn og unge.

Det finst organisasjonar som jobbar tverrfagleg nettopp med kriminalitetsførebyggande arbeid, og Samordning av kriminalitetsførebyggande tiltak (SLT) er ein slik modell. Han er utvikla av Det kriminalitetsforebyggende råd og blir brukt i mange av kommunane i landet.

Fleire kommunar har i dag éin eller fleire stillingar som berre jobbar med nettopp SLT. Det har vist seg at eit slikt samarbeid mellom politiet, skulen og kommunen er ein svært positiv og effektiv måte å arbeide førebyggande på.

Når du skal byrja i jobb etter fullført utdanning, vil du kunne bidra i kriminalitetsførebyggande arbeid på ulike måtar – ut frå kva for ein jobb du har. Ein god start kan derfor vere å ta kontakt med SLT-koordinatoren i kommunen din for å lære meir om dei ulike organisasjonane eller deltakarane i SLT-arbeidet der du bur.

Førebyggande arbeid

Dei fleste av oss vil truleg før eller seinare kome i ein situasjon der vi ser eller høyrer om personar som har gjort kriminelle handlingar. Det er derfor viktig å vere bevisst på korleis ein skal handtere slike situasjonar. Ver open om haldningane dine til kriminalitet, og forsøk å spreie gode haldningar til omgivnadene dine. Om du og alle rundt deg klarer dette, er det stort håp om at vi i fellesskap kan bidra til at det blir mindre kriminalitet i samfunnet rundt oss.

I det førebyggande arbeidet er det viktig å skape gode haldningar.

Korleis kan vi unngå at enkelte vel å gjere kriminelle handlingar?

Arbeid med barn og unge

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere med på å skape gode oppvekstmiljø der barn og unge opplever å bli sett, inkludert og verdsett. Du kan hindre at grupper og individ opplever seg ekskluderte og marginaliserte. Vi skal gi dei moglegheit til å delta, handle og gjere kloke, reflekterte val ved å gi dei omsorg, støtte og rettleiing. Slik blir dei i stand til å ta ansvar for seg sjølve, medmenneska sine og verdiane til fellesskapet.

Vi må involvere oss positivt i barn og unge sine liv. Vi skal oppmuntre og vere positivt merksame på alle barn. I tillegg skal vi samhandle med barn og unge på ein støttande måte, skape gode relasjonar og ha tydelege forventingar til sosial åtferd. Når barn og unge viser utfordrande sosial åtferd, må vi møte dei med føreseielege reaksjonar på ein måte som skaper tryggleik. Da må vi hjelpe og støtte dei i utviklinga si av sosiale ferdigheiter, slik at dei opplever å meistre samhandlinga med andre.

Førebyggande arbeid er den beste måten å hindre at unge utfører kriminelle handlingar på. Du kan drive førebygging gjennom det du seier og gjer i det daglege arbeidet ditt.

Utfordringar til deg

  1. Kva er kriminalitetsførebyggande arbeid?
  2. Kvifor er det å vere ein god rollemodell av betyding i det førebyggande arbeidet?
  3. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar bidra til at unge ikkje gjer kriminelle handlingar?
  4. Korleis kan du støtte og hjelpe barn og unge på ein trygg måte slik at dei utviklar gode samhandlingsferdigheiter?

Relatert innhald

Barne- og ungdomsarbeidarar er rollemodellar. Kva ligg i omgrepet rollemodell, og kva blir kravd av deg for å vere ein god rollemodell?

CC BY-SASkrive av Frode Skjervø, Guri Bente Hårberg, Gro Nedberg Grønlid og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Kriminalitet og rus