Fagstoff

Nyttige adresser når du jobbar med kriminalitet

Publisert: 11.11.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Kriminalitet

Kriminalitet er eit stort og viktig område som du kan bruke mykje tid på å fordjupe deg i dersom du ønskjer det.

Du vil finne mengder med fagstoff dersom du søkjer på nettet, men hugs å vere kritisk til det du finn, for det er ikkje alt som er like seriøst.

Gutt som jobbar med PC. Illustrasjon.Niels Henrik jobbar med pc  

 

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du halde deg fagleg oppdatert. Det betyr at du må følgje med slik at du heile tida får med deg dei endringane som skjer.

 

Teikning av gut som skriv. Illustrasjon.Å søkje informasjon 

Her finn du nokre nyttige adresser. Nokre av adressene har innlogging til delar av sidene sine, men er opne på andre delar.
Du finn lenkjer til alle adressene i lenkjesamlinga.

Barneombodet si temaside om kriminalitet
Her kan du finne ei rekkje aktuelle fagartiklar.

Statistisk sentralbyrå
Ved å søkje på temaet kriminalitet kan du finne ei rekkje med statistikkar og fagstoff om emnet.

Forebygging.no
Forebygging.no er ein kunnskapsbase for rusførebyggjande og helsefremmande arbeid. Nettenesta blir utvikla gjennom eit breitt samarbeid mellom fagmiljø i Noreg.

(Kjelde: Forebygging.no)

Det kriminalitetsførebyggjande råd
Oppgåva til KRÅD er å bidra aktivt til ei samordning av dei ulike førebyggjande tiltaka i kriminalpolitikken, og rådet har spesiell informasjon retta mot barn og unge. Administrativt er rådet knytt til Justisdepartementet, men det er fagleg uavhengig. Det betyr at det er rådet sjølv som avgjer kva som står på dagsordenen, og at det er rådet som vedtek kva for felt i mandatet som skal prioriterast.

Ungdom og fritid

Ungdom og fritid er ein demokratisk barne- og ungdomsorganisasjon for brukarar, tilsette og frivillige i kommunale og kommunalt støtta fritidsklubbar, ungdomshus og liknande tiltak.

 

Ung.no

Ung.no er eit oppslagsverk for deg som er ung. Her får du svar på det du lurer på. Nettstaden er driven av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). (Kjelde: ung.no)


Gjer deg kjend på nettstadene over
.
Noter ned adresser på andre gode nettstader du finn.

Relatert innhald