Hopp til innhald

Fagstoff

Ulykker ved elektriske anlegg

Elektrisitet er ikkje til å spøkje med. Han er svært dødeleg, og mange får store handikap etter eit møte med dei høge spenningane.
Skapelsen av elektrisitet inspirert av maleriet Skapelsen av Adam fra det sixtinske kapell i Vatikanet i Roma. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elektrisitet er ikkje til å spøkje med. Han er svært dødeleg, og mange får store handikap etter eit møte med dei høge spenningane. Lågspenning kan òg vere livsfarleg. Uforsiktig omgang med straumførande leidningar, uvettig klatring i høgspentmaster, defekte elektriske apparat og hobbyelektrikarar som feilkoplar, er dei vanlegaste årsakene til ulykker. Straumskadar er som regel alvorlege og må behandlast av lege.

Høgspenningsskadane er dei alvorlegaste; rundt ein firedel fører til amputasjon. Totalt sett er heldigvis straumskadar sjeldne.

Undersøkingar viser at menneskeleg svikt ligg til grunn i dei aller fleste tilfella. Trøyttleik, slurv, misforståingar eller manglande informasjon har skylda for mange tragiske ulykker på arbeidsplassen.

Straum kan skade på fleire måtar

Fareskilt for høgspenning på gjerde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom ein person har fått straum i seg og framleis er i kontakt med straumen, må du først sørgje for å fjerne den elektriske gjenstanden. Skru av hovudbrytaren dersom han er lett å nå fram til, eller skyv bort gjenstanden med eit treskaft eller noko anna som ikkje leier straum. Pass på at du er tørr på hendene og ikkje står på vått underlag.

Dersom du ikkje har noko å skyve bort den straumførande gjenstanden med, må du prøve å trekkje personen vekk. Ikkje ta på huda, men isoler handa di med ei avis eller noko tørt stoff mens du trekkjer den skadde unna.

Eit kraftig elektrisk støyt gir ein momentan sjokkverknad på heile kroppen. Ei rekkje ulike organ kan bli skadde på ein augeblink. Er straumen sterk nok, vil varmen som blir utvikla, gi store indre brannskadar. Høgspenning gir dei største brannskadane, men eit støyt frå eit defekt støpsel eller ein uisolert leidning kan òg vere nok til å gi djupe brannsår. Små barn som bit i pluggar eller kjem borti uisolerte leidningar, er særleg utsette for skadar i munn og fingrar. Den største faren i samband med lågspenning er å bli sitjande fast i ein straumkrets. Hos personar med svakt hjarte eller hjartefeil kan det gi hjartekrampe og infarkt.

Førstehjelp

Rask handling er nødvendig ved straumskadar. Dersom den skadde sit fast, må han gjerast fri så snart som mogleg. Slå av straumbrytaren dersom han er i nærleiken, eller riv den skadde laus ved å dra han etter kleda. Ver klar over at våte og skitne klede kan vere gode straumleiarar. Bruk om nødvendig isolerande materiale som lêrbelte, tørre taustumpar eller anna. Å frigjere nokon frå ein høgspentleidning er svært farleg og må berre gjerast av kunnige folk.

Ved høge spenningar tek ofte kleda fyr. Elden må sjølvsagt sløkkjast så fort som mogleg. Det kan gjerast på fleire måtar:

Hell reint vatn over, men ikkje før den skadde er ute av straumkretsen.
Pulverapparat kan brukast utan risiko. Hald munninga på kolsyreapparat minst ein meter frå huda for å unngå frostskadar. Kvel elden med eit ullteppe eller ein presenning.
Rull den skadde rundt på bakken eller golvet. Han må ikkje stå oppreist og framfor alt ikkje springe rundt. Då går elden rett opp i ansiktet og hovudet og kan føre til store brannskadar.

Person som ligger i sideleie. Illustrasjon.

Er den skadde medvitslaus, skal han leggjast i sideleie. Legg aldri ein medvitslaus person på ryggen. Han kan bli kvalm og kan då bli kvelt i sitt eige oppkast. Start med ein gong med munn-til-munn-metoden dersom pasienten ikkje pustar. Unormal pust og manglande medvit gjer at det òg er nødvendig med utvendig hjartemassasje i tillegg. Ring etter ambulanse med det same.

Rask gjenoppliving kan bety liv eller død for den skadde, og det kan lykkast sjølv under svært primitive og vanskelege tilhøve.

Korleis handsame elektrisitet

Monter aldri eit støpsel med jording på ein ujorda leidning, uavhengig av om leidningen er ein skøyteleidning, høyrer til ein omn, ei lampe eller kva som helst elektrisk apparat.

Hald deg til lovlege elektriske reparasjonar. Du kan skifte leidning og støpsel på lamper, omnar og andre lause apparat. Du har lov til å skifte lokk på faste brytarar og stikkontaktar, men der går òg grensa. Alt arbeid på fast installasjon skal utførast av fagfolk.

Kontroller at leidningar og pluggar er frakopla før du skal skifte eller montere. Skal du skifte lokk på ein fast brytar, skal du skru ut begge sikringane som høyrer til kursen. Unngå skøyteleidningar, eller kjøp dei ferdige. Defekte elektriske apparat skal kastast eller reparerast av fagfolk.

Stikkontakt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tryggleik

For å hindre ulykker har vi forskrifter som regulerer arbeid med elektriske anlegg.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2018

Læringsressursar

Elektrisitet