Hopp til innhald

Fagstoff

Elektrisk straum

Her skal vi lære om elektrisk straum, straumkrinsar, spenning, resistans og Ohms lov.
Rheostat kontrollerer straum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elektrisk straum er elektron i rørsle i ein leiar. Straumretninga går frå + til -.

Måleininga for straum er ampere (A).

Symbolet for straum er I.

Symbolet blir brukt til å identifisere måleinstrument i ei kopling, det blir òg brukt som symbol for formlar. I står for intensitet.

Mengda elektron som passerer eit punkt i leiaren per sekund, viser straumstyrken.

1 ampere er 6,25 x 1018 elektron som passerer eit punkt i leiaren per sekund. Dette er eit ufatteleg stort tal. Skal vi skrive det på vanleg måte, ser det slik ut:

1 ampere = 6 250 000 000 000 000 000 elektron per sekund

Straumretninga går frå pluss til minus, mens elektronvandringa går frå minus til pluss.

For å forstå korleis elektronvandringa skjer, må du sjå på atoma og atomoppbygging.

Likestraum

Straum som går éin veg, blir kalla likestraum (Direct Current, DC). Likestraum har vi i dei fleste svakstraumkrinsar og alle plassar som får straum frå batteri. Batteri kan berre bli ladde med likestraum.

Vekselstraum

Straum som går begge vegar, blir kalla vekselstraum (Alternating Current, AC). Straumen som vi har i bustadhus, i industrien og liknande, er vekselstraum.

Spenning

Spenning er elektrisk kraft.

Måleininga for spenning er 1 volt (V).

To lyspærer med ulik lys-styrke på grunn av forskjellige spenningar. Foto.

Spenninga er den elektriske krafta som driv straumen gjennom ein elektrisk krins. Spenninga blir redusert etter kvart som ho møter elektrisk motstand i krinsen.

Den elektriske spenninga vi måler, er spenningsforskjellen mellom to punkt i ein elektrisk krins.

Vi måler for eksempel 12 volt mellom + og - på eit tolvvoltsbatteri.

Symbolet for spenning er U og E.

U er batterispenning eller spenningsforskjellen mellom målepunkta i ein belasta krins, det vil seie at det går straum i krinsen. E står for elektromotorisk spenning (ems). Dette er symbolet for ei ubelasta spenningskjelde, det vil seie når det ikkje går straum i krinsen.

Resistans

Resistans er elektrisk motstand.

Måleininga for resistans er ohm (Ω).

Resistansen er den hindringa elektrona møter gjennom krins. Resistans kan samanliknast med friksjon som vatnet møter i eit vassrøyr, og hindringar vatnet støyter mot, som ventilar og liknande.

Resistans har måleininga ohm, forkorta Ω (den greske bokstaven omega), og han har symbolet R (R står for resistans).
Resistansen i ein leiar blir bestemt av materialet i leiaren, tverrsnittet på leiaren, lengda på leiaren og temperaturen i leiaren.

Den største resistansen i ein elektrisk krins har vi i forbrukarane, lyspæra, motoren og liknande. Når det er brot i ein elektrisk krins, har vi ein uendeleg resistans (∞ ohm).

Ohms lov

Ohms lov definerer samanhengen mellom straum (I), spenning (U) og resistans (R). Ohms lov kan hjelpe oss til å rekne ut ein av dei tre storleikane som er med i formelen, når dei to andre er kjende.

CC BY-SASkrive av Industriskolen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2018

Læringsressursar

Elektrisitet