Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsvitreglar

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er likeverdig med andre forretningsmål.
Mange tannhjul med ulike symbol. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

God leiing er å setje standarden

  • Helse, miljø og sikkerheit (HMT) er likeverdig med andre forretningsmål.
  • Kartlegg, reduser og gjer kjent risikoforhold og helsefarar.
  • Innarbeid respekt for reglar og rutinar.
  • Legg til rette arbeidet, og vel byggjevennlege løysingar.
  • Sørg for riktige hjelpemiddel for lyfting og transport.
  • Sørg for tilgang til funksjonelt verne- og sikkerheitsutstyr.
  • Lytt til og vis respekt for medarbeidarane dine.

Eiga helse er eige ansvar

  • Lær riktig arbeidsteknikk.
  • Førebygg belastningsskade − følg signala frå kroppen, og varier arbeidsstilling ofte.
  • Brukstilvisingar for kjemikalium skal følgjast.
  • Ikkje mobb kameraten min! Trivsel på arbeidsplassen fremjar god helse.
  • Lær førstehjelp − du kan fort få bruk for det!
  • Bruk personleg verneutstyr.

Ta vare på miljøet

  • Ta vare på miljøet − tenk på etterkommarane dine.
  • Unngå sløsing og søl med olje, gass, straum og vatn.
  • Støy minst mogleg.
  • Reduser avfallsmengda − sorter for gjenvinning.
  • Lever spesialavfall til godkjent mottak.

Ikkje ta unødvendige sjansar − nokon er glad i deg

  • Tryggleiken din kjem før produksjonsomsyn.
  • Bruk nødvendig personleg verneutstyr.
  • Respekter kjemikalium, olje, gass, trykkluft og elektrisitet.
  • Bruk trygge understøttingar, og gå ikkje under hengande last.
  • Stillas skal ha sertifikat. Stigar skal vere typegodkjende og sikra mot fall.
  • Drøft problem med føresette eller verneombod.

Ta ansvar og bry deg om tryggleik!

  • Bidra til at vedtekne retningslinjer blir gjennomførte og etterlevde.
  • Bidra til at arbeidsplassen er forsvarleg sikra.
  • Orienter deg om plassering av redningsutstyr og rømmingsvegar.
  • Hald rømmingsvegar opne − det er ein tryggleik i alvorlege situasjonar.
  • Unngå brannfarlege situasjonar.
  • Rydd litt meir enn du rotar.
  • Aksjoner med ein gong − og rapporter uønskte forhold.
CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2018

Læringsressursar

Sikkerheit