Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsmiljølova

Hovudlova for arbeidsmiljøarbeidet er arbeidsmiljølova. Som andre lover har ho ein underliggjande dokumentstruktur av forskrifter og rettleiingar.
Arbeidshanske og ein raud arbeidshjelm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljølova

Hovudlova for arbeidsmiljøarbeidet er arbeidsmiljølova. Som andre lover har arbeidsmiljølova ein underliggjande dokumentstruktur av forskrifter og rettleiingar.

Arbeidsmiljølova er ei minimumslov som set nedre grenser for arbeidsmiljøstandarden samtidig som ho krev ei kontinuerleg utbetring av arbeidsmiljøet. Lova fordeler òg ansvar og oppgåver i HMS-arbeidet og beskriv arbeidsmetodar som skal følgjast.

Formålet med lova er mellom anna å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon, som gir full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader, og som har ein velferdsstandard som heile tida er i samsvar med den teknologiske og sosiale utviklinga i samfunnet.

Arbeidsmiljølova skal sikre alle arbeidstakarar full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader. Dette er ein versjon av nulltankegangen som du finn i arbeidsmiljølova.

Les meir om arbeidsmiljølova

Sjå heile lova på Lovdata.no

Internkontroll

Definisjonar

Internkontroll vil seie systematiske tiltak som skal sikre at aktivitetane til verksemda blir planlagde, organiserte, utførte og haldne ved like i samsvar med dei krava som er fastsette i, eller i samsvar med, helse-, miljø- og tryggleikslovgivinga.

Dei som er ansvarlege for verksemda, skal sørgje for at internkontroll blir innført og utøvd i verksemda, og at dette blir gjort i samarbeid med arbeidstakarane og representantane deira. Arbeidstakarane skal medverke ved innføringa og utøvinga av internkontroll.

Internkontrollen skal dokumenterast i den forma og det omfanget som er nødvendig på bakgrunn av arten, aktivitetane, risikoforholda og storleiken til verksemda. Dokumentasjon som følgjer av krava i eller i samsvar med helse-, miljø- og tryggleikslovgivinga, for eksempel instruksar, løyver, kompetansebevis, sertifikat og liknande skal inngå.

Brot på reglar og rutinar

Sveisar med verneutstyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle har plikt til å rette seg etter gjeldande reglar og rutinar. Brot på reglar og rutinar skal handterast etter arbeidsreglementet til bedrifta.Alvorlege eller gjentekne brot kan føre til oppseiing. For underleverandørar og kontraktørar kan dette føre til bortvising eller oppseiing av kontrakt.

Tilsynsstyresmaktene kontrollerer at HMT-føresegnene blir haldne gjennom tilsynsbesøk, stikkprøvar eller meir omfattande gjennomgang av heile HMT-systemet i bedrifta.

Ved brot på regelverket kan styresmaktene gi pålegg om å rette opp forholdet innan ein viss frist.

Dersom pålegget ikkje blir oppfylt innan fristen, kan bedrifta få dagbøter heilt til pålegget er oppfylt. I alvorlege tilfelle kan det òg bli snakk om forureiningsgebyr og melding til politiet.

Mange kundar og leverandørar stiller òg krav til HMT. Stadig fleire krev for eksempel at kontraktspartnarane og underleverandørane deira kan dokumentere godt HMT-arbeid.

Gode rutinar for HMT kan òg vere viktige for forsikringspremien. Mangelfulle rutinar kan derimot føre til problem med forsikringsoppgjer i eit skadetilfelle.

Sjå heile forskrifta på Lovdata.no

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2018

Læringsressursar

HMS for arbeidstakeren