Fagstoff

Innsamling og bearbeiding av informasjon

Publisert: 06.09.2010, Oppdatert: 03.03.2017
holbergprisen Logo. Illustrasjon.Universitetet i Bergen
Opphavsmann: Universitetet i Bergen
 
Fagteksten på denne sida er skriven av Gisle Andersen og publisert med løyve frå Holbergprisen i skolen.

 

Innsamlingsmetodar

Vi skal no sjå nærmare på fem innsamlingsmetodar som er spesielt godt eigna i skoleprosjekt:

  • Spørjeskjemaundersøkingar
  • Bruk av eksisterande statistikk
  • Kvalitative intervju
  • Observasjon
  • Dokumentanalyse

Vi vektlegg særleg spørjeskjemaundersøkingar og kvalitative intervju fordi desse ofte blir brukte i elevundersøkingar. I tillegg skal vi komme inn på korleis de kan bearbeide og analysere empiri (data) av ulik art.