Hopp til innhald

Fagstoff

Andre samanstillingsforbindelsar

I tillegg til skruar og gjenge har vi andre samanstillingsforbindelsar. F.eks. kilar, lim og friksjonsforbindelse.
Limtube. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kilar

Tverrsnitt av kilspor. Illustrasjon.

I tillegg til at vi kan montere saman maskinelement med skruar, kan vi nytte kilar. Kva for metodar ein skal velje, må vurderast ut frå om forbindelsane skal vere faste, eller om dei skal kunne løysast eller flyttast i forhold til kvarandre.

Ein kileforbindelse er eit løyseleg samband som er enkel å montere og demontere.

Ein kile verkar som ein ”medbringar” eller ei kraftoverføring.

Fleirkileforbindelse

Tverrsnitt av flerkileforbindelse med kile, hjulnav og aksel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleirkileforbindelse blir nytta dersom momentet mellom aksling og nav blir påverka av eit stort dreiemoment.

I tillegg finst det ei rekkje andre kileformer som mellom anna passkilar og skivekilar.

Friksjonsforbindelse (krympeforbindelse)

Krympeforbindelser. Illustrasjon.

Dersom vi ikkje ønskjer å bruke kilar mellom nav og aksling, kan vi nytte krympe- eller presspassingar. På biletet ser de ulike typar av press- og krympepassingar. Bilete A viser ei form for presspassing som blir nytta ofte. Bilete B viser ei presspassing der aksel blir pressa mot navet med ei skruinnretning.

Hugs at metallet utvidar seg ved varme og krympar når det blir nedkjølt. Det er denne effekten som blir utnytta ved krympepassingar.

Lim

Lim blir brukt for å låse pinneskruar, boltar og skruar og andre typar av gjenga detaljar. Liming gir vibrasjonssikker låsing og hindrar at detaljen losnar ved mekanisk påverknad og temperaturpåverknad. Samtidig eliminerer ein risikoen for spaltekorrosjon.

Gjennom å fylle gjengespalta mellom metallflatene held ein ved like ei jamnfordeling mot mekanisk spaltepåverknad i fuga og sikrar eibest mogleg låsing / tetting mot dei fleste medium som: vatn, gass,olje, bensin eller andre kjemikalium. Produkta kan normalt doserast direkte frå flaska.

Hugs å bruke ein limtype som er godkjend for det materialet som skal limast. Hugs å bruke rett verneutstyr som briller og friskluftsmaske når du utfører liming.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2018

Læringsressursar

Gjenge