Fagstoff

Observasjon

Publisert: 06.09.2010, Oppdatert: 05.03.2019

Observasjon er ein metode du kan bruke for å hente inn systematisk informasjon om eit fenomen eller ei åtferd.

Mennesker i ferd med å krysse en fotgjengerovergang i Stortingsgata ved Nasjonalteateret i Oslo sentrum på rødt lys. En trikk venter på at fotgjengerne krysser gata. Foto.Ein enkel observasjon kan vere å studere korleis fotgjengarar oppfører seg i eit lyskryss. Kor mange går på raudt lys? Kor mange stoppar opp og ventar på grønt? Er det fleire menn enn kvinner som går på raudt lys? 

Forskaren som førstehandskjelde

Observasjon som innsamlingsmåte inneber at du som forskar observerer og registrerer sosial samhandling eller åtferd. Forskaren blir på denne måten ei førstehandskjelde og kan setje observasjonane sine inn i ein større samanheng.

Den informasjonen som blir registrert kan vere av både kvantitativ og kvalitativ karakter:

  • Kvantitativ informasjon
    Vi kan til dømes vere interesserte i å finne ut følgjande: "Kor stor del av fotgjengarane går på raudt lys, og korleis varierer denne delen med kjønn og alder?" For å undersøkje ei slik problemstilling kan vi observere åtferda til alle personane som skal krysse eitt eller fleire fotgjengarfelt.
  • Kvalitativ informasjon
    Eit anna døme kan vere ei undersøking av korleis personar oppfører seg i køar på offentlege stader: i nærbutikken, på togstasjonen, flyplassen, postkontoret og så vidare. Når er køane velorganiserte rekkjer, når er dei kaotiske? Kan vi eventuelt finne eit mønster, og noko som forklarer mønstra?

Ikkje-deltakande observasjon

Det som er felles for døma ovanfor, er at vi som forskarar er ikkje-deltakande observatørar av sosial samhandling, og at undersøkinga i tillegg er skjult, det vil seie at dei som blir observerte, ikkje er klare over at dei blir det. Vidare observerer vi åtferd i eit offentleg rom der både personane som blir observerte, og vi som forskarar, er anonyme for kvarandre.

Open observasjon kan likevel i mange tilfelle vere ein aktuell forskingsmetode. Då veit dei vi observerer at dei blir observerte. Ulempa er at det kan påverke åtferda deira.

Når treng du samtykke frå dei som blir observerte?

I døma vi har nemnt hittil, er det akseptabelt med skjult observasjon. Men det er knytt strenge krav til bruk av denne typen observasjon når vi skal undersøkje andre typar sosial samhandling. Hovudregelen er uansett at personane vi observerer, skal vere informerte om at dei blir forska på. Observasjonen skal altså vere open.

Ikkje nok med det: Personane skal i tillegg ha gitt sitt samtykke til at dei blir forska på. Dersom de til dømes har tenkt å observere personar på ein skule, i ein barnehage eller på ein sjukeheim, må desse personane ha gitt aktivt samtykke til å bli observerte. For barn under 15 år må dessutan føresette samtykkje i observasjon. I tillegg må sjølvsagt leiinga ved institusjonen bli spurd om løyve.

Vi kan til dømes tenkje oss at nokre idrettsfagselevar er utplasserte i skule eller SFO og har sett seg som mål å kartleggje ulike motoriske ferdigheiter hos barna. Då må dei i forkant innhente løyve frå institusjonen og frå dei føresette til barna som skal observerast. Det vanlege er då at ein spør om skulen kan informere foreldra om den planlagde observasjonen og tilrå at dei samtykkjer i at barna deira blir observerte.

Deltakande observasjon

Deltakande observasjon er også mykje brukt blant forskarar, mellom anna blant sosialantropologar. Med deltakande observasjon meiner vi at forskaren driv feltarbeid, ho blir ein del av miljøet ho skal observere. Feltarbeid er nok til vanleg ikkje aktuelt i skuleprosjekt.

Påliteleg informasjon om åtferd

Observasjon av åtferd i offentlege rom kan gjere det mogleg å undersøkje problemstillingar der intervju eller spørjeskjema aleine kjem til kort. Ved å observere kan vi ofte få meir påliteleg informasjon: Mange vil kanskje ikkje innrømme at dei går på raudt lys. Det kan også hende at vi er interesserte i ei problemstilling som folk ikke sjølv reflekterer over (når dei står pent i kø for eksempel, og når dei ikkje gjer det).

Ein viktig fordel ved ikkje-deltakande og skjult observasjon er at vi som forskarar ikkje bryt inn i den normale samhandlinga mellom menneske. Spørjeskjemaundersøkingar og kvalitative intervju (djubdeintervju) inneber at vi set informantane våre i ein kunstig situasjon. Dette kan verke inn på kva slags informasjon dei gir oss.

Registrer det de observerer

De må registerere observasjonane dykkar. Anten kan de lage eit strukturert skjema for å registrere åtferd, eller de kan ta notat som kan analyserast seinare.

Ein alternativ framgangsmåte kan vere å bruke eit videokamera slik at de har eit filmmateriale som de kan analysere. Men dersom de skal gjere filmopptak, må de alltid innhente løyve frå personane de skal filme.

Denne fagartikkelen har NDLA fått tillatelse til å publisere av Holbergprisen i skolen. Holbergprisen i skolen inviterer kvart år vidaregåande skular over heile landet til å bli med og forske.