Hopp til innhald

Fagstoff

Nøytralisering og pH

Det å nøytralisere ei syre betyr å blande ein sur løysning med ein basisk løysning slik at pH-verdien stig til det nøytrale punktet, pH 7,0.
Eit pH-meter viser alkaliteten av jord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nøytraliseringa

Blandar vi ei syre og ein base, vil desse reagere med kvarandre og danne salt og vatn. Vi blandar saltsyre (HCl) med natronlut (NaOH).

Bland dei berre i sterk fortynning, det er farleg å blande dei i konsentrert form!

HCI+NaOHNaCI+H2O

Vi får natriumklorid (NaCl, vanleg koksalt) og vatn. Reaksjonen i ioneform skriv vi slik:

H++CI-+Na+OH-Na++CI-+H2O

Det viktigaste som skjer, er følgjande:

H++OH-H2O

Ved slik nøytralisasjon blir det alltid danna vatn. Det vi får ved sida av vatn, vil vere salt, som blir danna av syrerest-ionet og metall-ionet i basen. Saltet får forskjellig formel, alt etter syre- og baseformelen.

Nøytraliserer vi vassløysningar av syrer og basar med kvarandre, blir det alltid danna salt pluss vatn!

Saltet vil vere oppløyst i ioneform så lenge det er vatn til stades. Dampar vi vatnet bort, vil saltet bli liggjande igjen i fast form.

pH-omgrepet

pH-skala som viser at 0-6 er surt område, 7 er nøytralt og 8-14 er basisk område. Grafikk.

pH er ei måleeining for surleiksgrad i vassløysningar. Ein nøytral løysning, reint vatn, har ein pH på 7. Løysningar med pH under 7 er sure, dei som har pH over 7, er basiske. Dei fleste stoff har pH mellom 0 og 14, men pH-verdiar under null og over 14 finst.

Når vi skal måle pH i ein løysning, kan vi bruke eit pH-papir. Det er ein papirstrimmel som får forskjellig farge ved ulike pH-verdiar. Ved å samanlikne med ein fargeskala finn ein lett pH-området for den væska ein har undersøkt. Ein atskilleg meir nøyaktig metode er å bruke eit pH-meter. Dette er ein elektrokjemisk målemetode. Prinsippet er å måle forskjell i elektrisk spenning mellom elektrodane og oppløysinga. Denne spenninga vil variere med pH.

CC BY-SASkrive av Per Erik Rangberg. Rettshavar: Industriskolen
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Organisk kjemi