Fagstoff

Gradientstabilisering

Publisert: 06.10.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Orbcomm-satellitte

Ein satellitt utstyrt med ein lang bom og med ein masse i enden av bommen, har ein tendens til å innrette seg slik at aksen med lågast tregleiksmoment peikar mot sentrum i jorda. Dette kan i somme tilfelle nyttast til retningskontroll av satellittar.

Prinsipp

Den krafta som rettar inn satellitten, er bestemd av bomlengd og bommasse. Krafta er vidare bestemd av storleiken på gradienten for gravitasjonsfeltet. Det vil seie at han eignar seg mest for satellittar i låg bane. Prinsippet for gradientstabilisering er vist på figuren.

 

Gradientstabilisering. Illustrasjon.Gradientstabilisering
Forfatter: Gunnar Stette
 

Fordelen med denne stabiliseringsmåten er at han er passiv. Det er ingen rørlege delar, og det trengst inga energitilførsel.

Ei ulempe er at gradientstabiliseringsmekanismen ikkje har nokon innebygd dempande faktor. Det fører til at satellitten vil "pendle", med mindre han blir utstyrt med spesielle dempingsmekanismar. Dermed blir metoden mindre nøyaktig.

Metoden er likevel brukeleg til ulike føremål. Vitskaplege satellittar, til dømes, kan vere utstyrte med ei mast for måling av tilstanden i bana (ionosfæren), og i visse tilfelle kan ein slik målebom kombinerast med gradientstabilisering.