Fagstoff

Satellittplattformer

Publisert: 07.10.2010, Oppdatert: 09.12.2010

Ein satellitt i rommet har to hovuddelar. Den eine delen skal utføre dei funksjonane som er bestemde av bruken, og den kallar vi nyttelasta. Den vil vere ulik for kommunikasjonssatellittar, jordobservasjonssatellittar og navigasjonssatellittar.

Den andre delen, som skal sørgje for at nyttelasta får dei rette driftsvilkåra, kallar vi plattforma. Viktige funksjonar for plattforma er å sørgje for at satellitten held seg i riktig bane, at peikeretningane er korrekte, at det er tilførsel av energi til nyttelasta, at temperaturen er innanfor toleransegrensene, og at det er mogleg å overføre data mellom plattform/nyttelast og kontrollstasjonar på bakken. Utvikling av satellittplattformer er kostbart, og derfor vil industrien utvikle plattformer som kan brukast til flest moglege bruksområde.

Funksjonar

Funksjonane for satellittplattformer


For at nyttelasta kan utføre funksjonane sine, må ho ha rette arbeidsvilkår, ho må få tilført elektrisk effekt, ho må ha rett temperatur, og ho må vere i riktig bane og ha riktig retning i rommet. Dessutan må det vere mogleg å kommunisere med nyttelasta, ta imot data om tilstanden i nyttelasta og sende instruksar for å gjennomføre visse funksjoner, som endring av forsterking eller skifte av retning for eit kamera. Hovudkomponentane i ei satellittplattform er vist på figuren.

PlattformfunksjonerPlattformfunksjoner
Forfatter: Gunnar Stette