Fagstoff

Juliansk dato

Publisert: 08.10.2010, Oppdatert: 16.01.2013
Julian

Kalendertid med år, månader, dagar, timar og minutt er uhandterleg ved numeriske berekningar av tidsforløp og tidsdifferansar. Det vi ønskjer å ha, er ein felles skala med eit tal veldefinerte tidseiningar frå eit felles referansepunkt. Med ein slik skala kan vi finne tidsintervall med ein enkel subtraksjon av tidseiningar, og her kjem juliansk dato inn.

Dette merkelege startidspunktet blei føreslått av ein lærd italienar, Giuseppe Scalinger, i 1582 som byrjinga på ein juliansk periode på 7980 år. Denne perioden er gitt som produktet av tre tal:

  • solsyklusen, som er dei 28 åra som går før alle vekedagane fell på dei same datoane,
  • månesyklusen, som er gitt av talet på månemånader, som er 19 per år, og
  • den skatteperioden på 15 år som blei innført av keisar Constantin i år 313.

Førre gongen desse periodane starta samstundes, var i 4713 f.Kr., og den neste ville bli i år 3267 e.Kr.

Lokal tid varierer med eit heilt tal timar mellom tidssonene på jorda, og blir endra i delar av året (sommartid). For å ha ein felles tidsreferanse på heile jordkloden blir Universal Time (UT), som tidlegare blei kalla Greenwich Mean Time (GMT), nytta. Ho er 1 time mindre enn norsk normaltid og to timar mindre enn norsk sommartid. UTC, Universal Time Coordinated, er for alle praktiske høve lik UT.

Innan astronomien blir det nytta ein slik tidsskala som blir kalla juliansk dato (JD). Tidnemninga blir da eit tal tidseiningar, i dette tilfellet dagar, frå referansepunktet som er klokka 12, Greenwich Mean Time, den 1. januar år 4713 f.Kr. Grunnen til å velje middag i staden for midnatt var at astronomane gjorde observasjonane sine om natta, og da ville det vere upraktisk å skifte dato midt i observasjonsperioden.

Referansetidspunktet er altså middag 0. januar, som er 31. desember året før. Dermed vil det nøyaktige tidspunktet for alle årsskifte ha JD som endar på xxx,5. For mange praktiske berekningar er det innført ein modifisert juliansk dato. For det første blir 2 400 000 dagar trekte frå. Dessutan blir det trekt frå ein verdi på 0,5 som flyttar starttidspunktet frå middag til midnatt.

Det finst fleire stader på Internett som bereknar samanhengen mellom modifisert juliansk dato og gregoriansk dato, sjå ekstern ressurs.

Juliansk dato, JD, for byrjinga av kvart år er tabulert i mange almanakkar. Byrjingstidspunktet for år 2009 i juliansk dato er gitt som 2400000 + 54831,5. Eit tidspunkt dette året kan finnast ved å leggje til dagnummer for det aktuelle året, og den aktuelle delen av ein dag som kjem i tillegg, gitt som desimalbrøk.

Relatert innhald

Generelt