Fagstoff

TLE – baneparametrar på standard form

Publisert: 06.10.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Kor er ein bestemd satellitt på eit bestemt tidspunkt? Dette spørsmålet kan dukke opp i samband med nedlasting av data frå satellittar, eller ved undersøkingar av dekningsområde. Svaret er gitt av baneparametrane, og desse er tilgjengelege på standard form som eit TLE (Two Line Element) som blir brukt av dei ulike dataprogramma for sporing av satellittar. Slike program er tilgjengelege på Internett, både som betalprogram og som gratis programvare.

Banedata for satellittar i jordbane blir gitt på eit standardformat, TLE. NORAD, the North American Air Defence Agency, avgjer og oppdaterer desse parametrane for eit høgt tal satellittar, fleire gonger per veke om det trengst.

TLE-data kan hentast inn frå mange kjelder på Internett, til dømes frå Celestrak (sjå lenke). Her er også ulike program for baneberekning og satellittsporing.

TLE-data er gitt på ASCII-format og har følgjande format:
AAAAAAAAAAA
1 NNNNNU NNNNNAAA NNNNN.NNNNNNNN +.NNNNNNNN +NNNNN-N +NNNNN-N N NNNNN
2 NNNNN NNN.NNNN NNN.NNNN NNNNNNN NNN.NNNN NNN.NNNN NN.NNNNNNNNNNNNNN

Den første linja er eit namnefelt med 11 teikn. Linje 2 og 3 er standard TLE dataformat slik det blir nytta av NASA og NORAD.

Line 2
Column Description
01-01 Line Number of Element Data
03-07 Satellite Number
10-11  Innational Designator (Last two digits of launch year)
12-14  International Designator (Launch number of the year)
15-17  International Designator (Piece of launch)
19-20  Epoch Year (Last two digits of year)
21-32  Epoch (Julian Day and fractional portion of the day)
34-43  First Time Derivative of the Mean Motion (rev/day^2) or Ballistic Coefficient (Depending of ephemeris type)
45-52  Second Time Derivative of Mean Motion (Blank if N/A)
54-61  BSTAR drag term if GP4 general perturbation theory was  used. Otherwise, radiation pressure coefficient.
63-63    Ephemeris type
65-68    Element number
69-69    Check Sum (Modulo 10)

Line 3
Column   Description
01-01    Line Number of Element Data
03-07    Satellite Number
09-16    Inclination [Degrees]
18-25    Right Ascension of the Ascending Node [Degrees]
27-33    Eccentricity (decimal point assumed)
35-42    Argument of Perigee [Degrees]
44-51    Mean Anomaly [Degrees]
53-63    Mean Motion [Revs per day]
64-68    Revolution number at epoch [Revs]
69-69    Check Sum (Modulo 10)

Alle epokar er UTC (sjå nedanfor). Legg merke til at den lange halvaksen ikkje er oppgitt. Til gjengjeld blir talet på omløp per 24 timar eller 86 400 sekunder (1 soldøgn) opplyst om. Eit døme på TLE-data er vist nedanfor.

EKSEMPEL på TLE-Data. Illustrasjon.Eksempel på TLE-data
Forfatter: Gunnar Stette
 

TLE-data for ENVISAT

Relatert innhald

Kjernestoff

Generelt