Fagstoff

Kultur som meiningsfellesskap

Publisert: 20.07.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Som menneske har vi eit felles erfaringsområde samtidig som vi også har våre særområder. Vårt meiningsfellesskap kan utvidast ved læring og mellommenneskeleg kontakt. Men læringa må vere gjensidig. Til meir A lærer om B, og til meir B lærer om A, dess større blir felles erfaringsområde, og til større sjanse er det for at vi lykkast i å kommunisere med kvarandre og forstå kvarandre.

Men som vi har sett er det ikkje nok med kunnskapar. Også åtferd og haldningar er ein viktig del av interkulturell kompetanse. Til meir vi lærer om andre, til meir må vi også sjølv arbeide med eiga åtferd og eigne haldningar.

Frå ungdomsprogrammet "U" (NRK 1992). Reporterane Gunnar Vikene og Sjur Aarthun har møtt vennene i X-ray Posse, venner som kjenner seg utanfor det norske samfunnet fordi dei kjem frå andre kulturar. 

Interkulturell kompetanse kan brukast både til godt og vondt. Innsikt kan brukast til å selje ein defekt bil til ein godtruande kjøpar. Innsikt kan også brukast til å underminere den andre sitt verdsbilde og kulturelle føresetnader, eller til manipulasjon og hjernevask. Maktbruk blir umoralsk.

Innsikt i interkulturell kommunikasjon kan også brukast til å søkje felles løysingar på fellesmenneskelege problem – kultur som meiningsfellesskap. Felles søking kan føre til fornying og inspirasjon og medverke til utveksling av tankar og erfaringar mellom likeverdige menneske, der alle kan gi og få. Vi må alle ha fridom til å låne, fridom til å gi, fridom til å ta imot, fridom til å omskape og fridom til å nyskape! Det er dette som gjer kulturmøtet så spennande!

Frå "Nyhetsblikk" (NRK 2001). Reportar Arne Berg besøker Osloklubben X-Ray der dei driver eit prosjekt kalt Edutainment, som går ut på at folk frå ulike kulturar møtes for å utveksle erfaring og dele musikk. Her møter vi Sheldon Blackman frå Trinidad. 

 

Relatert innhald