Fagstoff

Kulturfiltermodellen

Publisert: 13.10.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Kelnere

Vi brukte den klassiske kommunikasjonsmodellen for å introdusere nøkkelomgrepa i klassisk kommunikasjonsteori: avsendar, mottakar, teikn, melding, innkoding, avkoding, tilbakemelding, støy, osv. I denne artikkelen skal vi sjå på kulturfiltermodellen, en modell som i høgare grad tek omsyn til ei dynamisk kulturforståing.

Den klassiske modellen har blitt kritisert av mange forskarar, og somme har karakterisert han som ein injeksjonsmodell. Det kan nemleg synast som om avsendaren berre kan «injisere» ein bodskap inn i mottakaren, akkurat som når ein stikk ei sprøyte under huda på eit helsekontor og «injiserer» – sprøyter inn – ein vaksine. Modellen har også blitt kalla stimulus-respons-modellen. Ein enkel modell av denne typen kan sjå slik ut:

Grafisk fremstilling av stimulus, individ, respons. Illustrasjon.Stimulus-respons  

Medieforskarar, særleg i mellomkrigstida, meinte at dersom ein påverka eit menneske med visse stimuli, kunne ein vente ein bestemt respons. Til dels blir nok også denne modellen brukt av reklamebransjen den dag i dag. Enkelte plakatar eller videosnuttar påverkar menneska slik at dei kjøper visse varer.

I seinare tid er forskarane blitt meir og meir opptekne av at menneske ikkje reagerer på same måte overfor dei same stimuli. Her kan vi også tenkje på forskjellen mellom det beskrivande kulturomgrepet og det dynamiske kulturomgrepet. Ifølgje den dynamiske kulturforståinga kan ein ikkje heilt seie på førehand korleis menneske reagerer berre ved å ha kjennskap til vedkommande sin kulturelle bakgrunn. Kulturen kan ikkje avgrensast og føreseiast, derimot er kulturen ifølgje den dynamiske forståinga det som eit menneske gjer gjeldande i ein gitt situasjon.

Vi skal sjå på ein modell som i større grad tek omsyn til den dynamiske forståinga av kultur. Den viser også tydeleg kva komplikasjonar som oppstår når avsendar og mottakar tolkar kvarandre ut frå ulik kulturell ståstad – det vi kan kalle ulike kulturelle referanserammer. Modellen er utvikla av Øyvind Dahl i hans bok: Møter mellom kulturer (Dahl 2001:661).

  

Her ser du ein avsendar og ein mottakar. Avsendaren har (eller gjer gjeldande) ein kulturell bakgrunn som vi her illustrerer som eit firkanta kulturfilter. Mottakaren har (eller gjer gjeldande) ein kulturell bakgrunn som vi viser med eit trekanta kulturfilter. (For å gjere det enkelt kallar vi her avsendaren for han og mottakaren for ho.)

Kva meiner vi med eit kulturfilter?

Vi kjenner uttrykket: «Vi ser gjennom kulturelle briller.» Med det meiner vi at vårt syn blir farga av dei brillene vi ser verda med. Brillene fungerer som eit filter. Men brillene kan vi ta av og på; det kan vi ikkje med kulturfilteret. Det er ein del av personlegdommen, derfor har vi teikna dei innanfor sirklane, som representerer avsendar og mottakar. Sjølv om eg kler meg annleis og lærer andre språk, er eg framleis meg sjølv.

Kulturfiltera våre er farga av oppvekst og erfaring, foreldra våre, søsken, venner, dei menneska vi har møtt like til i dag.

Kulturfiltera våre er heller ikkje statiske og uforanderlege. Vi blir stadig utsette for nye påverknader, vi møter nye menneske, vi lærer andre språk, vi blir påverka av reklame, musikk og film. Derfor har vi teikna disse kulturfiltera med ei stipla linje.

Kulturfiltera våre kan tilpassast. Vi har evna til å «klatre over våre egne horisonter og strekke oss inn i andres» (Larsen 19842). Vi kan lære nye språk, firkantfilteret kan tilpasse seg trekantfilteret ved å lære trekantspråk og trekanten sine kulturelle kodar. Tilsvarande kan menneske med trekantfilter lære firkantspråk og firkantkulturen sine kulturelle kodar. Dette gir også ein grunn til å teikne filtera med stipla linje.

Intendert meining og motteken meining

Tenk deg no at avsendaren (han) har ein idé eller ein tanke han ønskjer å formidle til mottakaren (ho). Vi kan kalle denne sirkelen intendert meining. Det er denne han har til intensjon å sende til henne.

For å kunne sende denne meininga må avsendaren formulere den i eit språk eller eit kroppsspråk (ord, lyd, ansiktsuttrykk, handrørsle, handling) slik at det kan sendast eller observerast av mottakaren. Det blir illustrert på modellen med ei pil frå intendert meining gjennom kulturfilteret og vidare ut av sirkelen. Det som kjem ut er ein firkant. Uansett kva som er tenkt eller intendert (her illustrert med ein sirkel), så er det som kjem ut ein firkant, fordi tankar og idear må formulerast i eit språk slik at det kan sendast og gjerast tilgjengeleg for andre personar.

Det som kjem ut kan vere eit verbalt teikn, altså språk, lyd, men det kan også vere eit ikkje-verbalt teikn, kroppsspråk, klesdrakt, osv.

No kunne vi tenkt oss at denne pila går vidare til mottakaren slik som i den klassiske kommunikasjonsmodellen. Men då får vi ein injeksjon, ein stimulus-respons-modell. Den neste pila kjem derfor kanskje som ei lita overrasking:

Den kjem ikkje frå avsendaren, men frå mottakaren. Det er mottakaren som må «ta inn» teiknet og avkode (fortolke) det gjennom sitt kulturfilter. Dersom ho ikkje gjer det, blir det ingen kommunikasjon. Ho må lytte, sjå, føle, lukte, eller smake – kort sagt: ho må bruke sansane for å ta inn teikna/meldingane frå avsendaren. Så må desse tolkast ut frå hennar kulturelle bakgrunn, dvs. ho «siler» informasjonen gjennom sitt kulturfilter.

Når mottakaren har avkoda (fortolka) meldinga, finn den plass i hjernen hennar som «motteken meining», her illustrert med ein trapes, ein litt klemd firkant fordi den har passert gjennom det trekanta kulturfilteret hennar.

Dersom vi samanliknar det som var intendert meining hos avsendaren med det som er motteken meining hos mottakaren, ser vi at det har skjedd mykje på vegen. Sirkelen representerer den intenderte meininga. Den blei ein firkant når den blei send gjennom firkantfilteret og kom ut som ein firkant. På mottakarsida er firkanten blitt skvisa gjennom trekantfilteret slik at den er blitt ein litt klemd firkant – eit trapes. Det er eit bilde på at mottakaren tek imot ut frå sin eigen kulturelle ståstad og tolkar ut frå eigne kulturelle føresetnader.

Det som her har skjedd, kan vi oppsummere i fire punkt:

1. Tenkt (intendert) meining er berre kjend for avsendaren.
2. Send melding er innkoda gjennom avsendaren sitt kulturfilter.
3. Motteken melding blir avkoda gjennom mottakaren sitt kulturfilter.
4. Mottakaren si meining er ikkje nødvendigvis lik avsendaren si meining.

Vi har tidlegare sagt at vi kan sende meldingar, men ikkje meiningar. Det er mottakaren som gir meining til den meldinga som ho tek imot. Det gjer mottakaren heilt suverent, ut frå den kulturelle referanseramma ho har tileigna seg. Mottakaren tek imot på sine eigne premissar, kan vi seie. Ofte skjer det eit tap i forhold til det som blir sendt, men det kan også hende at mottakaren legg noko til for si eiga rekning når ho prøver å forstå kva den andre formidlar.

Mottakaren er ikkje ein passiv postkasse, men ein aktiv konstruktør av meining. Han eller ho hentar element til konstruksjonen både frå tidligare erfaring, frå forståing av omgivnader (kontekst), frå kjensler og relasjonar for den andre personen, og sjølvsagt frå innkommande signal eller teikn (Dahl 2001:673). Meiningane finst berre i menneska, ikkje i kanalen. I kanalen mellom dei to partane er det berre data. Det er menneska som tilskriv meldinga meining.
 

Tyding av relasjonar

Kva innbyrdes relasjonar betyr, kan vi illustrere med ein oval. Er det ein relasjon av tillit eller mistillit? Det kan vere viktig for korleis kommunikasjonen blir oppfatta. Tenk for eksempel på kommunikasjonen mellom israelerarar og arabarar i Midtausten.

Dei kjensleprega relasjonane kan spele ei viktig rolle for korleis teikna eller signala blir tolka. Tenk for eksempel på korleis Muhammed-karikaturen frå Jyllandsposten i Danmark blei motteken i Midtausten for nokre år sidan. Der blei den tolka som blasfemi – hån av profeten Muhammed og dermed gudsbespotting.
 

Tyding av kontekst

Også konteksten er viktig. Rundt heile modellen har vi teikna ein stor ellipse som opplyser om kontekst: innverknad frå omgivnader, situasjonen, miljøet, osv. Korleis sending og mottaking skjer, avheng ofte sterkt av kva kontekst kommunikasjonssituasjonen skjer i. Er det en fortruleg samtale i ein sofa, ein offentleg tale, eller er det lesing av ein avisartikkel på bussen? Sjå animasjonen.
 

Forståing av meining

Sjølv om både avsendar og mottakar trur at dei forstår kvarandre, og trur at dei tilskriv dei same meiningane til det som blir sendt, kan det godt tenkjast at dei har forstått same melding (teikn, signal) på svært ulike måtar, slik som eksemplet med katter, der to partar skal finne fram til kva katt den eine har. Og no snakkar vi ikkje om innhaldet, men om korleis dei forstår meldinga. Dei kan godt vere usamde om saka, men poenget her er om dei forstår kva den eine eller den andre tilskriv av vekt og meining. Kulturfiltera kan føre til at den meininga mottakaren til slutt tilskriv avsendaren si melding, er heilt annleis enn det avsendaren hadde til intensjon å sende.

Det kan synast som modellen er ganske komplisert, men om du går gjennom han ledd for ledd trur eg at du vil kjenne igjen mange situasjonar frå dagleglivet. Eigentleg burde han vore endå meir komplisert, fordi vi ofte er både avsendarar og mottakarar på ein gong. Den prosessen som her er teikna frå venstre mot høgre, skjer samtidig frå høgre mot venstre. Vi kunne teikna ein spegelvend versjon av modellen og lagt han oppå den første.

Ein spegelvend modell blir lagd oppå den første. Mykje av poenget er at den pågåande prosessen medverkar til å etablere eit meiningsfellesskap – ei felles forståing.

Som ein illustrasjon av modellen skal eg ta med eit eksempel eg sjølv opplevde då eg var rektor ved ein lærarskole på Madagaskar (Dahl 2001:694). Ein dag kom ein student inn på kontoret, og følgjande episode utvikla seg (litt forkorta):

 

Kontekst: rektors kontor. Innbyrdes relasjonar: forholdsvis nøytrale, men ulik status som  rektor og student.
Student (fortvilt ansiktsuttrykk):
– Eg må be om fritak frå skolen fordi mor mi er død. Eg må heim til gravferda som allereie er i morgon!
Rektor (ser medfølande på studenten):
– Det var sørgjeleg å høyre. Sjølvsagt skal du få fri. Bli heime så lenge du treng det og tenk på familien din.

Ei tid etterpå var studenten tilbake på skolen og deltok i undervisninga igjen. Men så ein dag var han tilbake på rektors kontor endå meir fortvilt enn forrige gong:

Student (fortvilt ansiktsuttrykk):
– Eg må be om fritak frå skolen igjen, fordi mor mi er død. Gravferda blir allereie i morgon!
Rektor (med overraska blikk, studenten hadde jo allereie gravlagt mor si!):
– (?)
Student (observerer rektors ikkje-verbale forundring, ansiktet viser stor fortviling):
– Denne gongen er det mi eiga rette mor, ho som har fødd meg!
Rektor (ansiktet uttrykkjer forståing og uvisse):
– Sjølvsagt skal du få fri, men du må forklare meg litt nærmare kven di forrige mor var, ho som alt er gravlagd.
Student (letta, forstår at rektor ikkje forstår):
– Det var søster til mor, den eldste. Ho er også mi mor …

Episoden viser at eg i mottakarposisjonen sat med mitt norske kulturfilter og avkoda (tolka) ordet «mor» slik eg ville gjort det på norsk. Eg gløymde, sjølv om eg visste det, at neny (mor) også kan bety mors eller fars systrer – altså dei vi kallar tanter.

På gassisk blir vanlegvis same ordet brukt, neny, dersom det ikkje er nødvendig å presisere. I storfamilien har ein fleire mødrer og fleire fedrar, nemleg brør til far eller mor. Studenten på si side uttrykte seg heilt korrekt (men kanskje ikkje presist) ut frå si kulturelle referanseramme.

Ved seinare høve passa eg på å spørje nærmare. Når ein av studentene sa han skulle reise til hovudstaden og besøkje bror sin, spurde eg: «Kva slags bror er det?» Og svaret kunne for eksempel vere: «Han er son til syster til mor.»

Dette eksemplet er ikkje berre eit eksotisk eksempel frå Madagaskar. Familienemningar kan variere frå kultur til kultur, og kan også føre til misforståingar i Noreg. Kor mange tilsette på norske sosial- og trygdekontor eller i andre etatar kjem på å stille slike spørsmål når temaet for eksempel er familiegjenforeining? Kva veit ein norsk sosialkurator eller ein funksjonær i framandpolitiet om lokale slektskapsnemningar?

Det enklaste er å behandle saka heilt formelt og slå opp i det norske lovverket for å sjå kva vedtekter som gjeld i slike saker. Kva seier lova når det gjeld mor, bror, osv. Jo, når det dreier seg om ei rett oppstigande eller rett nedstigande  linje, er familiegjenforeining mogeleg. Men her kan det lett bli gjort feil i forhold til norsk lov.

Eksemplet ovanfor viser at det ofte er altfor lett å tenkje at dei orda som blir brukte, dekkjer nøyaktig dei same omgrepa som dei norske orda. Sjølv om innvandraren snakkar norsk, er omgrepa oftast direkte omsette frå morsmålet. Ei tante vil då heite «mor» på norsk, onkel blir «far», søskenbarn vil være «brødrer» og «systrer».

Når Utlendingsdirektoratet (UDI) oppdagar, ved hjelp av DNA-test, at den som kom ikkje var «mor», eller «son», kan vedkommande lett bli skulda for å vere løgnar og bedragar, ein person som prøver å utnytte det norske sosialsystemet. Men det kan altså hende at heile misforståinga kjem av manglande kunnskap om elementære forhold i interkulturell kommunikasjon.
Det er viktig at vi ved bruk av denne kulturfiltermodellen ikkje oppfattar kulturfiltera som altfor rigide. Dersom vi tenkjer på kultur ut frå det beskrivande kulturomgrepet, er det lett å tenkje seg at ei betre forståing av den andre sitt kulturfilter ville hjelpe oss til å skjønne korleis den andre forstår og tolkar. Og det er sant eit stykke på veg, men som vi har sagt tidlegare: det er ikkje mogeleg å føreseie nøyaktig andre menneske sin måte å tenkje og handle på. Dersom vi har fokus på det dynamiske kulturomgrepet, vil vi lettare forstå korleis eit menneske brukar kulturen sin og gjer visse kulturelle element gjeldande i eit bestemt kulturelt møte. Det gjeld anten det er to nordmenn som kommuniserer eller ein nordmann og ein utlending, ein fiskar og ein jurist, ein lærar og ein elev, eller ein mann og ei kvinne.

Oppgåver

Oppgåve til "Kulturfiltermodellen" 

Oppgåver