Oppgåve: Feltoppgåve

Vasskvalitet

Publisert: 24.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Bølgeslag

Livet i havet er tilpassa det å leve i saltvatn, altså i vatn som inneheld oppløyste salt. Korleis salta fordeler seg i havet, og korleis saltforholda er, er noko som varierer både med lokalitet og årstid. Tidleg på våren når snøen smeltar, kan avrenning senke innhaldet av salt i overflata, og vatnet er dessutan oftast ganske kaldt. Etter kvart som sommaren nærmar seg, stig temperaturen, og av og til er sikten dårleg fordi havet er rikt på plankton. Denne variasjonen i dei fysiske og kjemiske eigenskapane til vatnet er det vi kallar "vasskvalitet". I denne oppgåva skal du kartleggje vassforholda både i overflata og lenger nede i vassmassane.

Her er nokre aktuelle feltoppgåver som høyrer inn under temaet vasskvalitet

Til feltoppgåvene om vasskvalitet treng du dette utstyret:

 


 

  • vasshentar
  • plastflasker og (plast)glas med skrukork
  • pH-meter eller pH-sticks
  • termometer
  • densimeter (til måling av saltinnhaldet)
  • to målesylindrar (1000 ml)
  • sikteskive (rund kvit skive med diameter på 30 cm, festa i eit tau eller vire med merke for kvar meter)
  • skriveunderlag
  • kvit plastduk
  • 1 liter destillert vatn
  • eventuelt båt

 

 

 

pH-meterpH-meter.
Opphavsmann: Peter Shanks

 

 

 

 

Måling av vannets tetthetTettleiken til vatnet.
Opphavsmann: Peter Shanks

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sikteskive for måling av siktdypSikteskive (secchiskive).
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 


 

  1. Å måle vasstemperatur

    Vannhenter.Vasshentar.
    Opphavsmann: Kristin Bøhle

    Bruk termometer og mål temperaturen i overflatevatnet. Noter resultatet. Bruk vasshentaren og hent ei vassprøve frå litt djupare vatn, helst djupare enn 5 meter. Mål temperaturen i prøven, og noter resultatet.

    Ta vare på litt av vassprøven i eit plastglas som du fyller heilt fullt og lukkar med tett lokk. Merk glaset.

    Dersom det er mogleg, hentar du ein prøve frå endå større djupn, for eksempel frå 10 eller 15 meter, og måler temperaturen. Noter resultatet. Ta vare på litt av vassprøven i eit plastglas som du fyller heilt fullt og lukkar med tett lokk. Merk glaset.

    Til ekskursjonsrapporten

    Kva var forskjellane i temperatur då du kom lenger ned? Framstill resultatet grafisk dersom du har fleire målingar frå ulike djupner. Stemde resultata med det du hadde rekna med?

  2. Å måle pH (surleiksgraden)

    For å måle pH-verdien treng du eit elektronisk pH-meter. Elektroden må på førehand vere nøyaktig kalibrert, og du må ha lært å bruke apparatet.

    Skyl elektroden med litt av vatnet frå prøven, og mål deretter pH-verdien. La verdien stabilisere seg før du noterer resultatet. Mål først pH-verdien i overflata, og mål deretter verdien i vassprøvane du har henta frå større djupn (sjå punkt a ovanfor).

    Til ekskursjonsrapporten

    Kva betyr pH? Kva viste måleresultata dine? Var det nokon forskjell på pH-en ved overflata og lenger nede? Kvifor har sjøvatn etter teorien tilnærma same pH-en overalt?

  3. Å måle saltinnhaldet

    Saltinnhald er vanskeleg å måle, men kan målast på fleire måtar. Dersom skulen har ein leiingsevnemålar med god elektrode, kan saltinnhaldet målast elektronisk. Vanlegvis bruker ein eit ”densimeter” og måler den spesifikke vekta av saltvatnet. Densimeteret er laga av glas og har ein skala som viser eigenvekt (oftast i gram/cm3). Destillert vatn vil ha ei eigenvekt på 1,000 g/cm3, mens sjøvatn med eit saltinnhald på 35 promille er tyngre og vil ha ei eigenvekt på 1,023 g/cm3 (ved 25 °C). Tettleiken er avhengig av temperatur, og måleresultatet må reknast om til saltinnhald (promille) ved hjelp av ein omrekningstabell.

    Fyll målesylinderen med éin liter vatn. Mål først temperaturen på vatnet nøyaktig, og noter. La densimeteret flyte i målesylinderen, og les av eigenvekta til vatnet nøyaktig på skalaen. Noter. Gjer dette med vassprøvar frå overflata og frå andre djupner for å kunne samanlikne.

    Til ekskursjonsrapporten

    Kva for eigenvekter målte du på dei forskjellige vassdjupnene? Vis korleis du bruker tabell for å rekne om til saltinnhald i promille. Noter eigenvekt, temperatur og saltinnhald i ein tabell, og framstill resultata grafisk. Kan du finne ut kva det gjennomsnittlege saltinnhaldet i havet er?

  4. Registrering av vassfarge

    Fargen på sjøvatn er avhengig av miljøforholda. Om våren og hausten, når oppbløminga av planteplankton er på det høgaste, kan vatnet vere grønt eller brunt, mens det om vinteren ofte er krystallklart. For å registrere vassfargen fyller du ein blank målesylinder eller eit begerglas med sjøvatn og set dette oppå eit kvitt underlag. Fyll ein annan, lik målesylinder (eller begerglas) med destillert vatn. Gransk målesylindrane ovanfrå slik at du ser gjennom vatnet. Skildre fargen på sjøvatnet når du samanliknar med fargen på det destillerte vatnet. Ta bilete, eller skildre. Gjer det same med vassprøvar henta frå eitt eller fleire andre djupner.

    Ein annan måte å registrere vassfarge på er å senke sikteskiva til ho forsvinn. Registrer kor djupt dette er, og hal skiva halvvegs opp til overflata. Fargen vatnet har over sikteskiva no, kan brukast som eit godt mål på vassfarge.

    Til ekskursjonsrapporten

    Skildre vassfargane ved ulike djupner, og illustrer med eventuelle bilete du tok. Kva meiner du er årsaka til at vatnet er farga eller ikkje?

  5. Måling av siktedjupn

    Når du skal måle siktedjupn, er du avhengig av å vere ein stad der det er ganske djupt, helst djupare enn 15 meter.

    Bruk ei 30 cm kvit skive som er fest på eit tau eller vire. Tauet har knutar for kvar meter og eit lodd i enden under skiva. Senk skiva ned i vatnet heilt til ho akkurat forsvinn, og trekk ho så litt opp til du så vidt kan sjå ho. Talet på meter du har senka tauet, er lik siktedjupna.

    Til ekskursjonsrapporten

    Forklar kva vi meiner med siktedjupn, og korleis vi kan måle dette, og presenter resultatet av målingane for klassen din. Kva kan vere årsakene til at vatnet er misfarga eller svært klart? Kva har siktedjupna å seie for livet i havet?

Oppgåver

Til fordjuping