Oppgåve: Feltoppgåve

Tang og tare

Publisert: 26.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Tang og Tare

Langs norskekysten er dei store tareskogane dominerande heilt ned til omtrent femten meters djupn. Nokre store brunalgar, slik som stortare, fingertare og butare, dominerer tareskogane, men på stilken av dei store brunalgane veks mange mindre tareartar, mellom anna mange delikate raudalgar. I fjøresona, som er grunnare enn dei store tareskogane, er mangfaldet av grøne, brune og raude algar ofte stort i eksponerte område.

Til denne feltoppgåva treng du:

 

  • algekrok med tau (og ev. òg med "sikringsline")
  • algeflora
  • store plastbakkar
  • skriveunderlag
  • kamera eller mobiltelefon med kamera
  • eventuelt båt

 

Ein "epifytt" er ei plante som veks på ein annan plante.


Tett vekst av tang og tare i fjøra.Tett algevekst i fjøresona. Kor mange ulike algar ser du?
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
  


Tang og tare i fjøresonen ved Hidra i Vest-Agder.Mangfaldig vekst av tang og tare.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
  


Sagtang.Sagtang (Fucus serratus). Namnet har denne brunalgen fått frå den taggete kanten på tallus.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
  


Havsalat.Havsalat (Ulva lactuca). Denne vakre grønalgen veks heilt øvst i eksponert fjøre.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
  


Vakker og mangfaldig algevekst helt øvst i fjøra ved Hidra i Vest-Agder.Vakker og mangfoldig algevekst helt øvst i fjøra. Kva for artar ser du på biletet?
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
  


Algekrok

I denne feltoppgåva er målet å samle inn og artsbestemme tang- og tareartar frå fjøresona og ned i tareskogen ved hjelp av ein algekrok.

algekrokAlgekrok.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

Ein algekrok er ei lita rive av metall fest til enden av eit langt og sterkt tau. Somme krokar kan faldast saman. Når kroken blir falda ut og kasta ut i tareskogen, vil han fange tarestilken når du dreg han sakte på land. Det er ein fordel å kaste kroken frå ein stad der botnen er relativt glatt og ikkje full av store steinar, fordi kroken lett kan setje seg fast. Dersom de har tilgang på båt, er det lurt å ha ei sikringsline med ein liten dobbe på kroken og sleppe kroken ut frå båten. Dersom kroken set seg fast når han blir halt mot land, kan han løysast den motsette vegen frå båten ved at de haler i sikringslina.

Algekroken hales i land.Algekroken blir halt i land.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

Innsamling

Begynn med å lage ei oversikt over korleis tangbeltet ser ut der du skal samle inn algane. Noter, og ta bilete. Etter kvart som algane blir samla inn, er det lurt å leggje dei på eit fuktig underlag eller på ein annan måte halde dei fuktige, for eksempel ved å leggje algane i store plastbakkar. Dersom dei blir liggjande i steikande sol, tørkar dei fort inn. Bruk algeflora eller annan bestemmingslitteratur, og artsbestem algane de har samla. Ta notat, lag teikningar, og ta bilete. Sjå spesielt etter små algar som veks på stilkane til dei store brunalgane (epifyttiske algar).

Fingertare på algekrokenAlgefangst.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

Til ekskursjonsrapporten:

Lag ei artsliste over algane de fann, og ta med bilete av nokre arter. Kva for artar var mest talrike? Kva for artar voks heilt i vasskanten, og kva for nokre fann de djupare? Fann de algar med flyteorgan? Skildre grisetang som er vanleg i fjøresona, og finn formeirings- og flyteorgan hos denne arten. Kva for algar voks på stilken på dei store brunalgane? Kvifor veks dei raude algane her? Korleis er dei tilpassa, og kva blir avgrensande abiotiske faktorar på tarestilken? Fann du virvellause dyr på somme av algane? Skildre og artsbestem desse.

Mangfoldig vekst av tang og tare i fjæresonen.Mangfaldig vekst av tang og tare i fjøresona.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 

Kan du bestemme algar frå eit bilete?

Ovanfor ser du eit bilete frå strandkanten i ei eksponert fjøre. Bruk ein algeflora, og prøv å bestemme algane. Kor mange artar kan du finne?

Oppgåver

Til fordjuping