Fagstoff

Marimekko 1980-2010

Publisert: 15.07.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Marimekko: sommerkjole

Armia Ratias bortgang blei etterfølgd av eit tiår med uvisse og store omveltingar i Marimekko. Tidleg på 80-talet var verksemda framleis blomstrande. I 1985 blei selskapet selt til den finske Amer-gruppa, som sidan 1950 hadde bygd opp store ressursar gjennom tobakksproduksjon. Særleg etter at dei i 1961 fekk rettane til å produsere og selje Philip Morris’ tobakksvarer i Finland, gjekk firmaet med store overskot, som blei brukte til å investere i nye bransjar: eit reiarlag, ei forlags- og trykkeriverksemd, bilimport og – motar. For Marimekko var ikkje dette heldig. Firmaets finansielle situasjon blei raskt svekt, og Marimekkos offentlege omdømme som varemerke blei delvis øydelagt.

1980-2010: Nedgang og store forandringer
Leverandør: NRK
 

Utvidinga av fabrikken i Herttoniemi blei fullførd, og alle Marimekkos operasjonar i Helsingfors blei flytte hit. Aksjane til selskapet blir tekne av børsen i Helsingfors i 1985.

kvit dress for kvinnerKvit dress for kvinner
 

Marimekko begynte å blomstre igjen først etter at Kirsti Paakkanens firma Workidea hadde kjøpt det frå Amer-gruppa i 1991. Dette gav Marimekko eit karismatisk ansikt mot utanverda igjen, og selskapet starta på ein ny periode med sterk og lønnsam vekst. Dette kom nok først og fremst av at design igjen fekk ein sentral posisjon i firmaet. Nye produktlinjer, som formelle forretningsklede designa av Ritva Falla, blei introduserte.  Blant andre designarar som begynte i Marimekko i 1990-åra må nemnast Erja Hirvi, Jaana Parkkila, Mika Piirainen, Jukka Rintala og Marjaana Virta. Marimekko blei igjen representert på Helsingfors-børsen i 1999.

indiskinspirert mønsterKlassisk mønster og bruk av farger
  
To papegøyarPapegøyemønster
Kunstner: Maija Isola

Sidan hundreårsskiftet har Marimekko halde fram med å vekse. Firmaets posisjon i den internasjonale marknaden er styrkt, blant anna gjennom etableringa av ei lang rekkje Marimekko-utsal over hele verda. Mange omfattande Marimekko-utstillingar har medverka til å auke eksporten. Produksjonen har igjen blitt modernisert og vareutvalet endå meir utvida. Blant dei designarane som har arbeidd for Marimekko i denne perioden må nemnast: Anna Danielsson, Samu-Jussi Koski, Maija Louekari, Teresa Moorhouse, Bjørn Dahlström, Harri Koskinen og Ilkka Suppanen.

I 2004 blei ein ny trykkmaskin og eit nytt digitalt produksjonsutstyr tekne i bruk ved fabrikken i Herttoniemi. Produksjonen blei endå meir modernisert i 2006, då eit nytt dampapparat for tekstilar og eit automatisk fargevalverktøy blei installerte på fabrikken.

I 2006 organiserte Marimekko konkurransen ”Design møter brukar!”, som tok sikte på å finne fram til nye idear for Marimekkos interiørdesign. Fleire designarar har blitt knytte til selskapet. Her må nemnast Iiro A. Ahokas, Anna Ervamaa, Pia Holm, Tuula Kaakinen, Elina Keltto, Aino-Maija Metsola, Jenni Tuominen og Katriina Viitaniemi.