Fagstoff

Marimekko i 1970-åra

Publisert: 15.07.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Stoffmønster-Marimekko: blomster

Marimekkos produksjon blei modernisert og utvida på 70-talet. Det blei inngått avtalar om produksjon av Marimekko-design med andre produsentar. Det blei etablert eit eige firma, The Décembre, for å ta seg av utvikling og marknadsføring av alle dei små tilleggsprodukta som Marimekko etter kvart hadde utvikla, blant anna dei kjende strieveskene. Sjefdesignar i selskapet var Ristomatti Ratia. Mange av hans bagdesign har med åra blitt velkjende klassikarar over heile verda. Firmaet blei kjøpt opp av Marimekko i 1983.

1970-årene: Marimekko utvider NRK
Leverandør: NRK
 

stofftrykk: fire store jordbær mot ei blå bakgrunnJordbærmønster
Kunstner: Maija Isola

 

stoffmønster, rødt og brunt bybildeBymønster, inspirasjon frå Øst-Europa
Kunstner: Katsuji Wakisaka

 

skisse til stoff, kuer"Kalver på beite" av Fujiwo Ishimoto
Kunstner: Fujiwo Ishimoto

I 1972 blei dei første utanlandske lisensieringsavtalane signerte i Japan og USA. Ein ny Marimekko-fabrikk blei i 1970-åra bygd i to etappar i Herttoniemi-området utanfor Helsingfors. Her blei det rom for tekstiltrykkeriet, ferdiggjeringsavdelinga og det sentrale varelageret. I 1974 blei det etablert ein ny klesfabrikk i Kitee, lengst aust i Finland. Det same året opna Marimekko eit stort utsal i Helsingfors sentrum, der det framleis (2010) ligg med adresse 31 Pohjolsesplanadi. Og Marimekko blei registrert på børsen i Helsingfors.

I 1974 begynte Fujiwo Ishimoto å designe stofftrykk for Marimekko. Hans omfattande produksjon består etter kvart av meir enn 300 unike mønster.

I 1979 kom Marja Suna til Marimekko som motedesignar og skapte Marimekkos første kolleksjon med strikkevarer. Ved sida av sine populære strikka klede designa ho også ei rekkje andre klede, frå frakkar til T-skjorter i løpet av sine 25 år i Marimekko.

I 1979 avsluttast første kapittel i historia om Marimekko. Armi Ratia døyr 3. oktober, 67 år gammal.