Fagstoff

Marimekko i 1960-åra

Publisert: 12.10.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Unikko

På 1960-talet voks Marimekkos forretningsverksemd raskt, og blei absolutt internasjonal. Produktutvalet blei utvida, og Marimekko blei ei etablert merkevare over heile verda. Meir enn det, det blei sett på som eit uttrykk for ein heilt ny livsstil. Mot slutten av tiåret fekk likevel selskapet finansielle vanskar, som blei løyste gjennom ei omfattande restrukturering.

1960-årene: Marimekko slår gjennom
Leverandør: NRK

Marimekkos suksess internasjonalt blei sterkt fremja av at Jacqueline Kennedy kjøpte sju kitlar i bomull på ein gong. Den amerikanske valkampen var på det heitaste akkurat då, og fru Kennedys val av moteplagg skapte overskrifter i avisene. På denne måten blei Marimekko straks kjent over heile USA gjennom oppslag i rundt 400 aviser og blad. Nokon hevdar til og med at det folkelege designuttrykket medverka til valsigeren.

foto av tre damer i MarimekkokjolerMarimekkokjoler på forsiden til Time Magazine
stoff med oransje frøkapslar og grønne bladPlantemønster

1960 var og det året Marimekko opna sitt første utsal i utlandet – i Stockholm. Og Annika Rimala starta som motedesignar hos Marimekko. Hennar moderne og originale antrekk blei stadig presenterte både på omslaga og inni alle dei førande moteblada over heile verda. Annika Rimala designa klede for Marimekko heilt fram til 1982.

Samstundes introduserte Liisa Suvanto med sine skulpturelle plagg laga av handstrikka ulltøy ein heilt ny stil innanfor Marimekko-kolleksjonen. Suvanto jobba for Marimekko fram til 1975. I 70-åra laga ho også mange kolleksjonar med stofftrykt bomullstøy som grunnlag. Mange av desse trykka blei skapte av den japanske designaren Katsuji Wakisaka, som designa både klede og interiørdesign for Marimekko frå 1968 til 1976 og med ein gjestevisitt i 2001.

I 1964 begynte Kristina Isola å jobbe som designar for Marimekko saman med mor si, Maija Isola. Ho er framleis (2010) aktiv designar for Marimekko. I tillegg til å utvikle nye trykte stoff og interiørdekorasjonar er ho også hovudansvarleg for Marimekkos nye fargeskjema. Og ho arbeider også vidare med Maija Isolas designprodukt for nye bruksområde.

Ein klassisk, beige herredress med firkanta snitt.Klassisk herredress
Kunstner: Pentti Rinta

I 1968 designar Annika Rimala Marimekkos første jersey-klede, den såkalla Tasaraita-kolleksjonen. Og året etter begynte Pentti Rinta hos Marimekko som motedesignar. Han arbeidde for firmaet heilt til 1987, og designa enkle skjortekjolar for dagleg bruk med dempa mønster, så vel som klede i sterke fargar for begge kjønn. I 1972 designa han Marimekkos første dress for menn (Kuski), som skulle bli ein klassikar.