Fagstoff

Marimekko i 1950-åra

Publisert: 15.07.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Armi Ratia

Marimekkos glade og fargerike tekstilar, moteplagg og anna tilbehør har gått sin sigersgang over verda frå etableringa i 1951 og fram til i dag. Stilmessig høyrer Marimekko til det vi gjerne omtalar som Scandinavian Design, og har medverka til å løfte finsk design til noko heilt spesielt. På utstillinga fikk vi presentert eit rikt utval av fargerike tekstilar, og blei litt betre kjende med designarane bak produkta.

Stoff med krukkerKrukker og blomstrar
Kunstner: Maija Isola

 

striperMørke striper
Kunstner: Vuokko Eskolin-Nurmesniemi

 

1950 åra: Marimekko etableras
Leverandør: NRK
   

Historia om det finske design-ikonet Marimekko starta i 1949, då Viljo Ratia kjøpte produksjonsbedrifta Printex, som hadde spesialisert seg på å lage voksdukar med ulike mønster. Kona, Armi Ratia, tok over som administrerande direktør i bedrifta, og ganske snart blei produktspekteret utvida til også å omfatte tekstilar.

Marimekkos visjon er i dag å vere den mest populære tekstiltrykk-designen i verda, og samtidig eit av dei mest appellerande designbaserte varemerke i verda. Firmaet ønskjer å vekse vidare på den internasjonale marknaden som eit finsk designfirma med sterk identitet. Forretningsutviklinga fokuserer primært på ein kontrollert organisk vekst i Finland og i utvalde eksportmarknader. I dag har Marimekko forretningar i meir enn 20 land verda over.

Armi Ratia engasjerte unge finske kunstnarar til å designe nye mønster for stofftrykk, og dette resulterte ganske raskt i produksjon av ein ny type tekstilmønster i dristige fargar. Mange gav uttrykk for at dei likte mønstra, men kva kunne dei bruke dei til? Med desse reaksjonane som utgangspunkt blei det bestemt å lage ein liten kolleksjon av klede for å demonstrere korleis dei trykte stoffa kunne brukast. Samtidig blei det bestemt å etablere eit nytt aksjeselskap, Marimekko Oy, for å stå for klesproduksjonen. Den aller første Marimekko-kolleksjonen blei designa av Riitta Immonen, og blei vist fram for eit finsk publikum på restauranten Kajastajatorppa i Helsingfors i mai 1951. Firmanamnet er ei samanstilling av jentenamnet ”Mari” og ”mekko”, som på finsk er ein kjole med opning bak som blir brukt som ermeforkle.

nært stoffmønsteret Unikko, røde og oransje blomster tett i tettUnikko

I 1949 designa Maija Isola sine første tekstilar for Printex. Ho heldt fram som designar for Marimekko heilt til 1987. Isola blei ein viktig reformator av tekstiltrykket, og låg alltid eit par skritt framfor andre designarar i utviklinga. Hennar ”Unikko” frå 1964 er kanskje det trykket som er best kjent blant dei mange utruleg populære stofftrykka hennar.

Marimekko blei offisielt registrert i det finske firmaregisteret 25. mai 1951. Året etter blei den første forretninga for Marimekko-produkt opna.

kjolarKjolar

Vuokko Nurmesniemi kom til Marimekko i 1953 som designar av klede og stoff for klede og interiørdekorasjonar. Ho kom til å spele ei svært viktig rolle i utviklinga av Marimekkos originale linje i motebildet, og var med på å vidareutvikle produksjonen. Ho designa i 1953 det stripete ”Pikkolo”-mønsteret. I 1956 laga ho dei velkjende Jokapolka-skjortene, som framleis er i produksjon, av dette mønsteret.

I 1956 sende Marimekko dei første varene sine ut av Finland. Den internasjonale merksemda rundt merkevara Marimekko voks kraftig i 1958, da både klede og trykk blei viste fram i den finske paviljongen ved verdsutstillinga i Brüssel og på ei eiga Marimekko-utstilling i Stockholm.