Fagstoff

Kakao

Publisert: 09.09.2010, Oppdatert: 20.03.2013

Visste du at:

  • det finst 5-6 millionar kakaogardar i verda?
  • 40-50 millionar menneske i verda har kakao som livsgrunnlag?
  • det årleg blir produsert 3 millionar tonn kakao i verda?
  • 70 prosent av all kakaoen kjem frå Vest-Afrika?
  • kakaotreet produserer dei første bønnene sine etter 3-5 år?
  • kakaobønner blei brukte som betaling?

 

Bilde av ett kakaotrekakaotre 
Ganefryd 
Bilde av kakaobønner i sekk  

Kakao

Indianarane i Amazonas-regionen har kjent til og brukt kakaotreet i over 4000 år.Etter kvart som indianarane erobra land nordover, tok dei med seg kulturplantane sine, deriblant kakaotreet. Slik enda altså treet i Mexico cirka 600 år før Kristus, og då Columbus nådde Mellom-Amerika i 1502, blei han ein av dei første europearane som fekk sjå kakaobønner.

Den spanske conquistadoren Hernando Cortéz introduserte den drikken som aztekarane i Mexico kalla chocolatl, for europearane.

Kakaofrukta veks rett på stammen til kakaotreet, og sjølve kakaobønna ligg inne i kakaofrukta.
Bønnene blir gjæra, tørka les mer her og brukte til kakaopulver og kakaosmør.

Kakaosmør blir brukt i produksjon av sjokolade. Sjokolade inneheld kakaomasse, sukker, tørrmjølk eller mjølk og smaksstoff.

Vi bruker kakao og sjokolade i dessertar, kaker og varm drikke.

Lagar du varm drikke av kakaopulver, sukker og mjølk, kallar vi det kakao.
Lagar du varm drikke av sjokolade og mjølk, kallar vi det sjokolade.