Oppgåve: Feltoppgåve

Skildring av lokaliteten

Publisert: 24.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Når du dreg på ekskursjon, er det viktig å lage ei kort, men likevel nøyaktig skildring av ekskursjonsområdet (lokaliteten). Gjennom denne vil du kunne fortelje andre korleis du opplevde lokaliteten og forholda der. Du vil òg få bruk for notata når du skal forklare korleis organismane du fann, er tilpassa miljøet dei lever i.

Til denne feltoppgåva treng du:

 

 

  • kart over ekskursjonsområdet
  • digitalt kamera
  • skriveunderlag
  • skrivesaker

 

Elever på ekskursjon til eksponert fjæreTre elevar på ekskursjon til eksponert fjøre.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 

Vi tilrår å bruke den digitale karttenesta Kart i skolen til for- og etterarbeidet. Denne karttenesta er gratis og gir tilgang til mange nyttige ressursar.

Det kan vere lurt å først merkje av området på eit kart og finne ut kor stort det er. Dette kan ofte gjerast før klassen dreg på ekskursjon.

Ei bukt på Hidra i Vest-Agder. Bukta vender mot sør-vest og er eksponert mot det åpne havet.Eksponert fjøre mot sør-vest i Vest-Agder.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

Når du er framme på lokaliteten, er det lurt å først skrive nokre stikkord om korleis du opplever området:

  • Korleis er vêrforholda?
  • Er det mykje bølgjer?
  • Kvar kjem vinden frå?
  • Frå kva retning er området mest eksponert for bølgjer og vind?
  • Korleis ser det ut der land og hav møtest? Kjenner du nokon spesielle lukter?
  • Ser du nokon levande organismar ved første augekast?

Få med alt du synest er viktig, men skriv kort. Seinare kan du reinskrive notata til ekskursjonsrapporten.

Når du har notert, kan du ta eit par oversiktsbilete med kameraet ditt. Du kan òg lage nokre skisser dersom du vil. Illustrasjonane blir fine å bruke i ekskursjonsrapporten seinare.

Oppgåver

Til fordjuping

Relatert innhald

Til inspirasjon

Generelt