Fagstoff

Båtbyggjar ved Blakstad vgs

Publisert: 01.09.2010, Oppdatert: 03.03.2017

I mars 2010 drog vi til Blakstad vgs i Froland kommune i Aust-Agder. Der har dei Vg2 båtbyggjarlinje, og vi ville sjå nærmare på kva dei driv med der. Vi møtte faglærar Jan Steinar Degn og elevane Marius Flakk, Kenneth Jebsen Mathisen, Olav Arnfinn Berg og Teimor Mirzai.

Båtbygger (Froland)
Leverandør: NRK

For å få ordentlege båtar å jobbe med, tek skolen inn to til tre båtar kvart år som dei restaurerer fullstendig for eigarane. Som de ser kan det vere ganske omfattande oppgåver, som for eksempel montering av heilt ny motor.

Marius rubbar eit slite skrog for å få det like blankt som om båten skulle vere ny. Dersom du skulle prøve deg på noko liknande, må du hugse å ikkje bruke ein pussemaskin som går fortare enn ca. 600 omdreiingar i minuttet, ellers blir overflata overoppheta!

Kenneth skifter heile det elektriske anlegget og dei mekaniske overføringane på ein annan båt. Og han uttrykkjer undring over at den leidningen som utgjer det elektriske anlegget han tek ut, er standard frå produsenten. Ifølgje han altfor dårleg, men no skal det bli skikkeleg solid!

Alle elevane på båtbyggjarlinja byggjer seg i løpet av året sin eigen kano. Vi ser Olav ved sin kano og Teimor som pussar på sin.

Det går for det meste i komposittbåtar på Blakstad vgs, men til slutt viser Teimor og Olav også ein Nordlandsbåt i tre som dei har fått i oppgåve å få sjødyktig igjen. Særleg Teimor er begeistra for Nordlandsbåten, og viser oss ein modell han har bygd av den.