Fagstoff

Prøvelappar; strikking, hekling og maskinsaum

Publisert: 24.06.2010, Oppdatert: 03.03.2017

I mars 2010 kom vi på besøk til Skedsmo vgs utanfor Oslo. Vi skulle besøkje ein klasse Vg1-elevar i Design og handverk som denne perioden jobba med design og tekstil med rettleiing av faglærar Jeanette Skaarer Rajczi.

Det var tre aktivitetar på gang i klassen då vi var der. Amand Nicole jobba med overføring av bilde til tekstil. Kamilla Kamås og Marie Foss strikka prøvelappar, Nina Hornseth og Maria Christine Tangen-Jensen hekla prøvelapper, mens Mathilde Guldahl både hekla prøvelappar og viste oss ulike teknikkar på symaskinen.

Hekling og strikking
Leverandør: NRK

 

Oppgåva elevane hadde fått når det galdt strikking lydde slik:

Bør ha:

1. rettstrikking/ribbestrikking
2. glattstrikking
3. vrangbord med ein rett og ein vrang eller to rette og to vrange
4. perlestrikk
5. anna

Oppgåva elevane hadde fått når det galdt hekling lydde slik:

Bør ha:

1. luftmasker
2. fastmasker
3. stavar
4. doble stavar
Må gjerne også ha:
5. halvstavar
6. anna

Oppgåva elevane hadde fått når det galdt saum på maskin lydde slik:

Bør ha:

1. rettsaum, siksak
2. fransk saum
3. forenkla (falsk) indresaum
4. stikning langs rettsaum
5. løpegang
Må gjerne også ha:
6. legg og liser
7. skråband
8. anna

Oppgåva elevane hadde fått når det galdt produkt lydde slik:

Bør ha:

Minst tre posar/mapper, gjerne:
1. pompadur (med snor)
2. sjølvlukkande mappe
3. mappe med glidelås

Lag prøvelappane store nok. Hugs at presisjon gir eit betre resultat!

Relatert innhald

Generelt