Fagstoff

Oppgåve; Skåp i eige design

Publisert: 21.06.2010, Oppdatert: 03.03.2017

I mars 2010 besøkte vi igjen Skedsmo vgs. Denne gongen møtte vi elevar frå design og handverk på snekkarverkstaden, der faglærar Hans Eggen hadde gitt dei følgjande oppgåve:

Lag eit skap etter eigen design. Til hjelp for elevane stod det ei arbeidsrekkefølgje i sju punkt på tavla:

1. Ta ut materialar (18 millimeter furu limtreplate).

2. Grovkapp delane (breidda er ferdig).

3. Reinkapp ein ende, justerkapp den andre enden. (Viktig: Emnet må liggje godt inntil vinkelanlegget på saga.)

4. "Leggje saman" delane. Merkje med trekantmerke.

5. Merkje for gradspor. Frese lamellar.

6. Frese gradspor på sinkemaskin.

7. Frese gradtapp på sinkemaskin.

Vi følgde Tonje Arnesen i arbeidet med materialuttaket. Først til justersaga, som blir brukt
til kapping og kløyving. Deretter over til sinkemaskinen for å frese gradspor til hyllene i sideveggen. Til slutt freser ho gradtappane i den same maskinen. Legg merke til kor støtt Tonje står, på ei spesiell matte som skal hindre at ho sklir. Ho brukar også øyreklokker for å verne høyrselen mot støyen frå maskinen. Og så knyter ho opp håret for at det ikkje skal komme borti dei roterande delane av maskinen. Alt saman viktige HMS-tiltak!

Tonje Arnesen,Carina Kleven og Victoria Nicoline Osvik fra Lillestrøm vgs
Leverandør: NRK

 

Tilbake i snekkarverkstaden monterer Tonje saman hyllene til skapet sitt. Carina Kleven viser korleis ho beisar sitt skap med vassbasert beis. Og Victoria Nicoline Osvik viser oss eit skap som er sett saman med lamello-teknikk, eller "kjeks", som er det populære faguttrykket som blir brukt til dagleg. Sentrumstappar og lamello er dei mest brukte samansetjingsteknikkane som blir brukte på moderne snekkarverkstader i dag. Det har å gjere med tida ein brukar på å lage eit møbel innanfor ein fornuftig pris og kvalitetskravet som ligg i faget. Ho viser oss også eit fora skrin som er laga med same samansetjingsteknikk.

Eit skap og eit skrin er altså dei to oppgåvene elevane ved design- og handverk Vg1 får dei vekene dei jobbar med trearbeid ved Skedsmo vgs. Vi har fått lov til å sitere frå dokumentasjonsmappa til Renate I. Iddmark, som viser korleis ho har utført desse to oppgåvene.

 

Arbeidsbeskriving skap

1. Skrive kapplister. Setje mål på enkeltdelar, breidd/lengd og djupn på skapdører, rygg og vegger.

2. Kløyve furuplater. Skjere ut materialane på langs med sirkelsaga.

3. Kappe furuplater.

4. Trekantmerke. Etter at eg hadde skore ut materialane mine, sette eg dei som skulle vere mot kvarandre og teikna med blyant på den sida som skulle vere framsida.

5. Frese lamelloar. Eg freste inn lamello-"hol" i toppen, på begge sider av delane og botnen med lamello-maskinen for å lage spor for å få delane til å sitje best mogeleg saman når eg skulle lime dei saman.

6. Pusse innsider. Eg pussa først med 100-kornig sandpapir, og så med 150-kornig sandpapir for å få ei glatt overflate. Dersom vi ikkje pussar godt, er det fare for å få flis. Dette unngår ein mest sannsynleg dersom ein pussar godt nok.

7. Lime skrog med pvac-lim. Då endeleg pussinga av delane var gjord, var det å setje sjølve skapet saman. Det første eg gjorde var å leggje lamelloar ("kjeks"), som eg hadde laga på lamello-maskinen, i hola. Berre på dei sidene som skulle mot kvarandre, sjølvsagt! Deretter sette eg delane saman. Då eg fann ut at det gjekk, (som eg sjølvsagt visste frå før av), tok eg delane frå kvarandre igjen og tok ut "kjeksa". Deretter putta eg litt pvac-lim (trelim) ned i alle hola og putta "kjeksa" tilbake igjen. Så venta eg i om lag ein time på at limet skulle tørke heilt.

8. Pusse skrog utvendig. Då skapet hadde tørka, tok eg og pussa det igjen, denne gongen på utsida. Først med 100-kornig, deretter med 150-kornig.

9. Rett front. For å rette fronten, slik at delane går kant-i-kant, tok eg pussepapiret i hjørna og pussa litt hardt for å få dei like.

10. Skjere ut dør og pusse begge sider. Eg skar ut døra ved hjelp av sirkelsaga.

11. Brekk alle kantar. Eg brekte laust ned alle kantane på skapet med sandpapir, 150-kornig, for at skapet ikkje skulle ha så vonde og skarpe kantar.

12. Kappe til rygg i 5 millimeter kryssfinér og pusse innsida av ryggen. Etter å ha funne igjen måla som stod på kapplista, sette vi dei riktige måla på sirkelsaga, fordi den hadde ei slik målesak. Så kappa vi til ryggplata.

13. Bore hol i rygg og montere. Eg laga hol i ryggen ved hjelp av søyleboremaskinen. Dette gjorde eg for at det skulle bli enklare å setje på ryggen seinare.

14. Overflatebehandle. Eg beisa skapet med "nr. 88 kirsebær" med svamp over det heile, også rygg og dører. Etter at dette hadde tørka, strauk eg over med pensel silkematt trestjerners klarlakk. Dette måtte også tørke. Når lakken hadde tørka skikkeleg, pussa eg forsiktig med 320-korna sandpapir for å få ei glatt overflate. Til slutt lakka eg ein gong til.

15. Montere knott på dør. Først måtte eg finne ut kva slags knottar eg skulle bruke. Min første idé var å bruke to kvister som knottar, men så funka det ikkje å bøye dei nok, og dermed måtte eg leite etter ein annan type knottar. Eg fann til slutt to ganske enkle knottar.

16. Montere hengsel. Først målte eg opp kor langt pianohengsel eg trong med tommestokk. Det gjorde eg ved å måle på de to sidene hengsla skulle sitje. Deretter brukte eg tong for å klippe av riktig lengd. Før eg skrudde hengsla på, tok eg ein syl for å lage "hjelpehol", slik at eg kunne vere sikker på at hengsla blei skrudde fast på riktig stad. Deretter tok eg ein stjerneskrutrekkjar og festa hengsla.

17. Skru på opphengbeslag. For å skru på opphengbeslag fann eg først ut kvar det var lurest å setje det, ca. 2 cm under hylla. Eg fann så fram til skruer og drill for å skru det fast.

 

Arbeidsbeskriving skrin

1. Lime ramme (bruk jigg). Eg starta med å ta botn, topp og sidevegger som var ferdig skorne på førehand, og limte dei saman med pvac-lim (trelim). Eg tok sideveggene først, og brukte ein jigg for å få dei rette.

2. Pusse ramme rett. For å pusse ramma rett, brukte eg sandpapir. Eg festa to remser sandpapir ved sida av kvarandre ut over bordet, for så å pusse.

3. Lime topp og botn. Deretter limte eg på botn og topp med pvac-lim, så både botnen og toppen stakk ut like mykje på alle kantar.

4. Skjere av omkant. Då eg hadde limt på botn og topp, måtte eg bruke justersag for å skjere vekk det som låg utanfor sjølve skrinet.

5. Pusse skrin på kantpussar. Då eg skulle pusse sideveggene, gjekk eg bort til kantpussarmaskinen. Då trong eg berre å pusse eit minutt eller mindre på kvar side før det blei ei jamn og fin overflate.

6. Skjere ut finér. For å skjere ut finéren teikna eg opp og målte 1 cm meir enn sjølve skrinet på alle delar. Lokket: 260 millimeter langt og 190 millimeter breitt. Langside X 2: lengd 260 millimeter og høgd 90 millimeter. Kortside: lengd 190 millimeter og 80 millimeter høgd. Eg brukte tapetkniv og ein stållinjal for skjere finéren i riktig storleik. Etter at jeg hadde limt på finéren, låg han utanfor skrinet, og dermed måtte eg bruke tapetkniven heilt inntil skrinet for å få det jamnt med sjølve skrinet.

7. Lime på finér. Då eg hadde komme så langt at eg skulle lime på finéren, tok eg først spray-lim på dei to lengste sidene (overfor kvarandre). Då eg hadde lagt finéren på, tok eg ein finérhammar over kvar side for å glatte ut overflata. Det same gjorde eg når eg hadde limt finéren på dei to kortaste sidene pluss lokket.

8. Pusse og overflatebehandle. Eg pussa lett med 100-kornig, 150-kornig og 320-kornig sandpapir. Eg skulle eigentleg leggje intarsia oppå lokket, men eg valde å ikke gjere det, sidan eg syntest det var fint slik som det var. Dersom eg fiksar litt meir på det, risikerer eg berre at det blir heilt mislykka, tenkte jeg.

9. Dele skrin på bordfres. Så var det lokkets tur. Lokket skar vi ut ved hjelp av bordfres. Sidan vi måtte ta omsyn til hengslet, blei det ca. 2 cm høgt. Aller først skar vi berre omrisset av der vi skulle skjere. Så skar vi gjennom det heile. Då vi hadde skore alle sider utanom den siste, putta vi i tynne lister som vi pressa litt inn. Hadde vi ikkje gjort det, kunne lokket ha falle ned, og blitt skore feil. Så pussa eg med 150-kornig sandpapir på kantane der eg hadde skore av lokket.

10. Stoff. Då eg skulle feste stoffet, brukte eg først papp som eg hadde skore ut til kvar enkelt del pluss lokket. Aller først la eg ned stoffet som eg på førehand hadde klipt til slik at det var ca. 1 cm større enn pappen. Deretter tok eg tekstillim på kantane på heile pappen og feste stoffet til pappen ved å dra litt i stoffet slik at det skulle sitje stramt.

11. Lakkere - pusse - lakkere - pusse - lakkere. Då eg skulle lakkere skrinet, spraylakkerte eg. Eg slo inn fire spikrar i ei plate slik at skrinet kunne liggje oppå dei mens eg lakkerte. Eg gjorde det same både med sjølve skrinet og lokket. Etter at eg hadde lakkert ein gong, måtte eg til pers med lett, fin puss igjen med 320-kornig sandpapir. Eg gjentok denne prosessen tre gonger, men utan å pusse etter å ha lakkert den tredje gongen.

12. Lime stoffet på skrinet. Då eg skulle lime på stoffet til skrinet, tok eg kontaktlim på baksida av stoffet og på alle sideveggene og botn og lokk i skrinet. Sidan eg brukte kontaktlim, venta eg til det var nesten heilt tørt før eg la det på.

13. Montere lås og hengsler. Då jeg skulle montere lås og hengsler, tok eg tommestokken og merkte opp der eg ville ha det. Så heldt eg lås og hengsler, ein ting om gongen, på plass der dei skulle vere, og stakk ein syl i holet som er på låsen og hengslene, slik at det skulle bli enklare å få spikra spikrane inn på riktig plass.

 

Eigenvurdering

Målet med denne perioden var å lage to ting: skap og skrin. Eg har klart å lage ferdig begge tinga, sjølv om eg var igjen og fiksa det aller siste ei lita stund. Eg har lært korleis ein lagar skap og skrin. Dette syns eg ikkje var så frykteleg vanskeleg, sjølv om eg nokre gonger stod der utan å vite kva eg skulle gjere. Eg lærde også kva dei forskjellige maskinane vi brukte heitte, og korleis vi brukte dei. Eg lærde også korleis vi la finér utanpå. No kan eg faktisk sjå blant anna både korleis kommoden eg har heime og andre ting i tre er laga. Det mest interessante for meg i denne perioden var likevel at eg fikk jobbe veldig sjølvstendig utan at nokon hang over meg, men likevel få hjelp når det trongst. Og at vi fekk lov til å bruke maskinane når vi skulle skjere ut det vi skulle."

Takk til Renate for ein grundig dokumentasjon!