Fagstoff

Oppgåve; Strikking og hekling

Publisert: 24.06.2010, Oppdatert: 03.03.2017

I mars 2010 besøkte vi Rud vgs i Bærum utanfor Oslo. Der møtte vi tre jenter frå Design og handverk Vg1 som ville vise oss kva dei hadde gjort i emnet design og tekstil.

Først ut er Mari Jonsson. Ho har laga prøvelappar og eit stort og varmt skjerf.

Madeleine Aslan har også produsert prøvelappar i strikking og hekling, og viser oss dessuten to typar strikka tøfler, eit kort og eit langt par, som ser skikkeleg gode ut å gå i på eit kaldt tregolv.

Hege Mikkelstrup har sikkert meir hatt sommarvarmen i tankane når ho har hekla ein bikini.

Elever viser fram oppgaver i design og tekstil
Leverandør: NRK

 

To av jentene i klassen, Madeleine Aslan og Rebecca Dahle, var blitt valde ut til å representere skolen i ein konkurranse som NRK hadde utlyst i samband med Melodi Grand Prix-finalen i Oslo våren 2010. Oppgåva gjekk rett og slett ut på å teikne dei flottaste kjolane til dei kvinnelege programleiarane. Og på slutten av videoen over ser du også kva Madeleine og Rebecca hadde tenkt så langt i prosessen.

Her finn du heile temaoppgåva:

Strikking og hekling i yrkesfagleg fordjuping

Læreplanmål: Finn relevante kunnskapsmål i læreplanen for kjole- og draktsyarfaget.

Tid/innlevering: 28. januar - 4. mars. Ca 25 timar.

I denne perioden skal du lære grunnmasker i strikking og hekling og prøve ut ulike måtar å bruke dei på. (Bok: Framstillingsteknikkar, design og tekstil.)

Illustrasjon frå oppgåvearket.

Du skal først lage ulike prøvelappar.

Når du har lært deg alle grunnmaskene og øvd deg litt, skal du designe eit produkt. Vel eit produkt som ikkje er så stort. Det kan for eksempel vere: Lue, bikinioverdel, sjal, pennal, toalettmappe, pulsvarmarar eller gryteklut. Vel også teknikk og vanskegrad ut frå kor driven du er!

Produktet ditt kan også dekorerast med for eksempel perler og broderi. Du kan også velje å bruke hekling og strikking i same produktet.

Begynn å teikne skisser. Lag også fargeskisser. Når du har bestemt deg for kva du skal lage, må du teikne ei presentasjonsteikning i fargar og ei arbeidsteikning med mål. Kanskje du må kjøpe garn?

Du skal lære å lage prøvelapp for å rekne ut masketal og lage ei oppskrift ut frå denne.

Vurderingskriterium/innlevering:
• Prøvelappar, teknikk, kreativitet og mangfald
• Skisser, presentasjonsteikning og arbeidsteikning
• Produkt
• Eigenvurdering

Lykke til!