Fagstoff

Oppgåve; Bord i tre

Publisert: 24.06.2010, Oppdatert: 03.03.2017

I mars 2010 besøkte vi Vg1-elevar på Rud vgs i Bærum utanfor Oslo. Dei første vi møtte var på snekkarverkstaden, der dei fekk hjelp til å løyse oppgåvene sine av faglærar Svein Thoresen.

nært bord med skuffFerdig bord

Den eine oppgåva dei skulle løyse, var å lage eit bord. Det første dei måtte gjere var å ta ut dei materialane dei trong for å lage bordet og arbeide vidare med dei for sitt bruk. Dei begynner med det rammeverket sjølve bordplata skal leggjast på. Alle delar må kappast i korrekt lengd. Det blir gjort på ei kappsag. Nokre materialar må delast på langs, eller kløyvast, som det heiter på fagspråket. Til det blir det brukt ei kløyvsag. Og så må dei kanskje rettast opp litt etter grovskjeringa. Dette heiter rett og slett retting, og blir gjort på ein avrettarhøvel. Justering av lengd, breidd og tjukn blir gjort på ei justersag og ein høvel for tjukner. På dei fleste mindre og mellomstore verkstader har dei kombinerte kløyv- og justersager.

Når vi har fått fram alle dei delane rammeverket skal lagast av, blir det mange delar. For å halde orden på dei legg vi dei på kvarandre etter kvar dei skal plasserast, og teiknar med ein blyant ein trekant som går over alle borda. Slik kan vi enkelt sjå kvar den enkelte delen høyrer heime. Vi stemmer ut firkanta tapphol i beina i ein borstemmemaskin før vi skråhøvlar dei på to sider med ein mal i ein høvel for tjukner. Deretter freser vi tappar på fire sargar, som er faguttrykket for dei delane som utgjer sidene i ramma. No kan vi setje saman den ramma som bordplata skal kvile på.

Til bordplate vel vi å bruke ei såkalla MDF-plate. MDF er ei forkorting for Medium Density Fibreboard, og er ei vidareutvikling av tradisjonelle trefiberplater. MDF-platene har svært gode tilverkingseigenskapar, og blir mykje brukte i møbelindustrien fordi dei er godt eigna for lakkering og måling. Vi brukar justersaga for å få riktig storleik på MDF-plata vi skal bruke til bordplate. Bordplata må kantlistast, og det krev høvling av kantlister. For å få eit meir spennande mønster i bordplata brukar vi også finér, som blir kappa på same måten som MDF-plata. Finérplatene blir samanfuga til begge sider av MDF-plata. Deretter må bordplata pussast og lakkast.

Elevane skal også lære seg å utføre tresamansetjingar etter gamle og nye kvalitetssikra handverksmetodar. Sinking er ein slik metode. Vi skil mellom to vanlege sinkesamansetjingar: Gjennomsink, som blir brukt ved samansetjing av skrog til skap og liknande og fordekt sink, som blir brukt til skuffer og skapskrog der sinken er usynleg frå utsida.

tegning av sinketeknikken gjennomsinkArbeidsteikning gjennomsink

 

teikning sinketeknikk fordekt sinkArbeidsteikning fordekt sink

 

På videoen under ser du Jorge Avalos og Johan Olav Flatin som får hjelp av Svein Thoresen til å feste limknektane som skal presse rammeverket saman. Legg merke til teknikken som blir nytta for å få nøyaktig same lengd oppe og nede på beina. Simona Arnesen og Ilvana Mistric har komme litt lenger i prosessen, og får hjelp av Svein Thoresen til å skru dei siste skruene som fester bordplata til rammeverket.

Trearbeid ved Rud vgs
Leverandør: NRK

 

Til sist på videoen viser Svein Thoresen elevane korleis tappane blir laga. Dette er ein samansetjingsmetode som blir brukt når ein skal setje saman bein og sarg til stolar og bord. Tappen er ca. to tredelar av tjukna på emnet, og har ei "nakking" i toppen på 10-15 millimeter.

Til å vere første gongen dei arbeider i snekkarverkstaden, synest vi elevane i Design og handverk på Rud vgs var skikkeleg flinke!

 
Relatert innhald