Fagstoff

Pianostemming og pianoteknikk ved Rud vgs

Publisert: 30.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017

I mars 2010 drog vi til Rud vgs i Bærum. Her, like utanfor Sandvika, ligg den einaste linja i landet for utdanning av pianostemmarar. Vi møtte faglærar Tore Leinebø, som sjølv i si tid fekk utdanninga si ved Rud vgs, og Øystein Røisi, som i dag går i sitt andre år på pianostemmar- og -teknikklinja som einaste elev.

Og her merkar vi straks at vi har hamna midt i ein stillingskrig mellom Akershus fylkeskommune og Kunnskapsdepartementet. Rud vgs har søkt om at pianostemmar- og pianoteknikk-linja skal få landslinjestatus. Dette betyr at Kunnskapsdepartementet tek ein vesentleg større del av kostnadene til opplæringa. Akershus fylkeskommune seier dei vil leggje ned linja om det ikkje blir landslinje. Departementet grunngir avslaget på søknaden med at dei rett og slett ikkje har pengar til å etablere fleire landslinjer.

Med det store talet piano i norske heimar, og ikkje minst stadig fleire konsertflygel i norske konserthus, er det eit klart behov for denne utdanninga. Fleire aktive musikarar har teke til orde for at utdanningstilbodet på Rud må reddast. Pianisten Tor Einar Bekken skriv i Dagbladet: "Det er i dag rundt sytti pianostemmarar i Noreg, dei aller fleste lokaliserte i større byar. I distrikta er det etter kvart skrikande mangel på kvalifiserte pianostemmarar, noko som medfører at mange pianistar driv provisorisk naudhjelpsstemming av instrumenta før konsertar, eller har med digitalpiano som ikkje treng stemming. Dette er ein uhaldbar og fornedrande situasjon for musikarar som har brukt store delar av livet sitt til å lære seg å beherske eit av dei viktigaste musikkinstrumenta i vår kultur. Pianoet slik vi kjenner det i dag, er over to hundre år gammalt, og har inspirert musikarar frå Brahms til Keith Jarrett. Instrumentet inneheld fleire tusen delar, noko som burde gjere det innlysande at det trengst godt skolerte fagfolk til vedlikehald og reparasjon." Også Ketil Bjørnstad uttalar seg kritisk om departementets avslag: "Både internasjonalt og i Noreg er pianobransjen i stor vekst, og pianostemmaren er eit viktig mellomledd mellom fabrikk, forhandlar og utøvar. Dersom vi mister nyrekrutteringa til yrket, vil det merkast for heile fagmiljøet. Eg fryktar framtida dersom vedtaket blir ståande," seier Bjørnstad til ABC Nyheter.

Men tilbake til Leinebø og Røisi. Når vi kjem på besøk, sit dei ved ein modell som Øystein har laga og går gjennom funksjonen til dei forskjellige delane. Som vi ser av figuren på bildet, "Snitt av pianomekanikk", består denne av heile 20 ulike delar: 1. Klaviaturbotn, 2. Styrestiftbjelke, 3. Midtbjelke, 4. Heiltonetangent, 5. Tangentbelegg, 6. Klaviaturbakke, 7. Pilot, 8. Heveledd, 9. Spelarkapsel, 10 Heveleddkapsel, 11. Spelar, 12. Mekanikkbjelke, 13. Hammarnett, 14. Hammar, 15. Dempar, 16. Hammarfallslist, 17. Fangar, 18. Dempararm, 19. Kontrafangar og 20. Demparstopplist.

Lærer Tore Leinebø og elev Øistein Røisi viser fram en pianomodell
Leverandør: NRK

 

Vi fekk med oss ei "reguleringsliste for flygel" då vi gjekk, berre for å understreke kor grundig prosessen med å stemme eit slikt instrument er:

1. Etterskru alle skruer i klaviaturramme, mekanikk, demparsystem og pedalsystem. Med kontroll av mekanikkbjelkane sitt pedalsystem. Sjekke om festeskruer er lause.

2. Juster spelarar sidevegs. Ein spelar er sjølve utløysarhammaren i flygelmekanikken. Vi justerer ved å banke laust med hammar ovanfrå.

3. Juster spelarar mot hammarrull. Baksida av spelar skal gå parallelt med hammarrullen.

4. Juster høgda på repetisjonsarmen over spelartoppen. Spelartoppen skal vere 0,2 millimeter under repetisjonsarmen.

5. Innpass klaviaturramme.

6. Fell klaviatur og byt foringar dersom det er nødvendig. Dette blir gjort dersom foringane er slitne, eller om det er for trongt.

7. Spas tangentar. Sjekk at det er jamne mellomrom mellom tangentane.

8. Prøveinnstill hammaravstand, avnikk, utløysing, høgd og djupn på tangentane, avspark, halvgang, fanging og ettertrykk. C og C# - hammaravstand skal vere 45 - 47 millimeter. Avnikk betyr at hammaren skal falle 1 - 2 millimeter frå strengen når ein trykkjer laust på tangenten. Halvgang betyr at dempar skal løfte seg når hammaren har gått halve avstanden.

9. Gradlegg tangentane. Til dette brukar vi små vekter.

10. Juster hammargangen (skeiving) og kontroller aksestiftar. Vi justerer hammarkapsel anten ved å leggje på papir eller brenne hammarstilkane om dei er forvridde.

11. Rett (brenn) hammarstilkane.

12. Rett hamrar mot kor. Reguler yttarst i kvar ende av kvart parti.

13. Rett inn heveledd. Dei tre berøringsledda er heveleddsunderdel, utløysarknott og hammarrulle. Vi kan justere med papir under heveleddskapsel.

14. Juster hammaravstanden (høgda) og hammarfallslista. Hammaravstanden blir justert ved å skru på piloten. Når dette blir gjort, skal hammarstilk ikkje kvile.

15. Juster avnikk. Sjekk utløysarknotten først. Deretter at avnikk ikkje er for høg.

16. Juster utløysing. (Avnikk.)

17. Juster speledjupn. Reguler først dei kvite tangentane, deretter kjenn individuelt på dei svarte, som skal liggje ein 50-ørings høgd over dei kvite. Dei skal kjennast likt.

18. Juster ettertrykk og etterjuster avnikk.

19. Rett inn fangarar. Vi utfører spasing, det vil seie sjekkar at fangarar ligg parallelt og rett i forhold til hammarhovud.

20. Juster fanging. Det er viktig at alle fangar likt. Når han fangar, skal hammaren vere 15 -16 -17 millimeter frå strengen. (Dette avheng litt av kor hardt ein slår på tangentane.)

21. Tilpass og monter klaviaturtopplist. Klaviaturtopplist skal vere eit par millimeter over klaviaturet.

22. Juster repetisjonsfjører (avspark). Hammaren skal sprette tilbake saktare og saktare nedover i bassen.

23. Monter demparopplist. Demparen skal stoppe etter 2 millimeter.

24. Monter demparar og juster demparløft. Alle demparar skal løfte likt: ikkje for tidleg, ikkje skeivt.

25. Juster dempartopplist.

26. Juster halvgang.

27. Juster venstre pedalfunksjon.

28. Juster sostenutofunksjon. Sostenuto betyr tilbakehalde, og dei fleste klaverinstrument har ein pedal for dette.

29. Juster spelevekt. Ein legg 50 gram på tangenten, som skal gå sakte ned.

30. Sluttkontroll.

modell av delane til eit flygelSnittbilde flygelmekanikk

Som du skjønnar, brukar pianostemmarar ei lang rekkje uttrykk i arbeidet sitt som vi andre ikkje kjenner tydinga av. Dette førte til at ein kreativ elev på pianostemmar- og -teknikklinja i 2002 lag ein "Pianostemmarane sitt interne sommar-x-ord". Vi har fått lov til å bringe kryssordet ut til eit større publikum her. Vi kan vel hjelpe dykk så mykje i gang at vi fortel at tre av dei sentrale pianodelane det blir spurt etter er "KLAVIATURBELEGG", "MEKANIKKSTØTTEBOLT" og "KASJMIRFILTFORINGAR"!

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialise correctly. Download player
Pianostemmernes kryssord, utformet av en tidligere elev ved Rud vgs
Leverandør: Amendor AS