Hopp til innhald

Fagstoff

Slik lagar du cappuccino

Cappuccino består av espresso, varm mjølk og mjølkeskum. Her får du sjå trinn for trinn korleis du lagar den gode drikken.

1. Lag espresso

Lag espresso direkte i ein forvarma cappuccinokopp.

2. Stim mjølka

"Blås ut" vatnet som ligg i stimarmen, før du startar. Om du ikkje tappar ut denne vassmengda, blir mjølka fortynna!

Fyll mjølkekanna litt under halvfull med kald mjølk, og tre kanna inn på stimarmen til sprayhovudet kjem rett under overflata på mjølka. Skru på stimen, og før sprayhovudet ut mot kanten av kanna slik at mjølka roterer i kanna. Samtidig høyrer du ein vislande lyd.

Frå mjølka er kald til ho når cirka 45 °C, vil det dannast skum, og du ser at mjølka stig i kanna. Ved cirka 45 °C fører du sprayhovudet inn mot midten av kanna og litt ned (nærare botnen). Hald fram med å varme mjølka til ho held i underkant av 70 °C.

Tips!

Når du trenar på å stime mjølk, kan du nytte eit mjølketermometer for å følgje med på oppvarminga. Ver merksam på at temperaturen som blir vist på termometeret, er litt forseinka, slik at den reelle temperaturen på mjølka er nokre grader varmare.

Steng stimkrana når termometeret viser 65 °C. Termometeret må ikkje overstige 70 °C, for cappuccinoen skal kunne drikkast så å seie med ein gong. Dessutan vil mjølka lukte og smake ubehageleg (risgrautlukt) viss temperaturen overstig 72 °C. (Du høyrer ei stigande brumming rett før mjølka blir for varm.)

2. Stabiliser mjølkeskummet

Skummet skal bli fløyelsmjukt. For å stabilisere mjølkeskummet bør du dunke mjølkemugga eit par gonger mot eit hardt underlag og etterpå rotere mjølka i kanna. Då brest luftboblene, og skummet blir meir kompakt og fyldig.

3. Reingjer stimarmen

Tørk omgåande av alle mjølkerestar på stimarmen med ein fuktig klut. Skru på stimen eit par sekund for å blåse ut innvendige mjølkerestar.

4. Hell mjølka over espressoen

Hell mjølkeskummet varsamt over kaffien slik at det legg seg fint i koppen og det blir danna ein mørk kaffiring ytst langs kanten. Server straks. La gjesten sjølv få tilsetje sukker og eventuelt krydderdryss.

Hugselapp

  • Cappuccino blir laga av espresso og stima mjølk.
  • Forholdet er definert til 1/3 espresso, 1/3 mjølk og 1/3 mjølkeskum.
CC BY-SASkrive av Norsk Kaffeinformasjon. Rettshavar: Norsk Kaffeinformasjon
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022

Læringsressursar

Varme drikkar