Fagstoff

Oppgåver knytt til Kostymemakarfaget på Vg3

Publisert: 30.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Tekstil Lillestrøm

I november 2009 besøkte vi Lørenskog vgs for å sjå korleis dei der la opp ei veke som skulle vise elevar i Design og handverk Vg1 korleis det var å jobbe med kjole- og draktsyar- eller kostymesyarfaget.

Oppgåvene

Faglærarane Sigrunn Flottorp og Jorunn Sæter hadde laga tre oppgåver til elevane. Dei kunne velje mellom å lage ein hettegensar, eit haremsantrekk eller ei klovnedrakt. Alle oppgåvene tok utgangspunkt i læreplanen for kostymesyarfaget Vg3/opplæring i bedrift. Der heiter det at målet for opplæringa er at lærlingen skal kunne

  • framstille målsydde klede i ulike materialar, former og fargar på bakgrunn av teikningar
  • overføre mønster til materialar, dessutan klippe og merkje stoff
  • utnytte materialar på ein handverksmessig måte
  • utføre handsaum, maskinsaum og andre teknikkar i kjole- og draktsyarfaget
  • dokumentere og vurdere eige arbeid
  • utarbeide mønster til kostyme (karnevalskostyme)
  • utnytte materialar ved tilskjering på ein fagmessig måte
  • utføre handsaum, maskinsaum og andre teknikkar i kostymesyarfaget
  • gjere innprøvingar og tilpassingar av kostyma
  • utføre kostymearbeid innan gitte tidsrammer
  • analysere, vurdere og korrigere eigen produksjon
  • rekne ut materialforbruk, tidsbruk og pris på eigne produkt og tenester.

Produksjon av hettegenser

Oppgåveteksten var slik:
- Tilpasse mønster til eigne mål
- Leggje mønster på stoff, klippe
- Sy hettegenseren
- Lag eit enkelt kostnadsoverslag av plagget (materialar)
- Vurder eige arbeid

Til å gjennomføre oppgåvene hadde elevane tre skoledagar på seks timar. På Lørenskog vgs var det tilgjengeleg rom med alt nødvendig utstyr og to faglærarar som kunne gi elevane rettleiing.

Til hjelp i arbeidet fikk elevane eit ark med produksjonsrekkefølgja i oppgåva.

Collage genserCOLLAGE GENSER
Fotograf: Ukjent
 
Mahdi Farahi, Lørenskog, får hjelp til å ta på seg sin nye hettegenser som nesten er ferdig. Lærar Sigrunn Flottorp.

 

Jan Øistein Heistad Naverud frå Lørenskog hadde valt å lage en hettegenser med ein litt spesiell design på sjølve hetta. Han fikk følgjande forklaring på produksjonsrekkefølgja:

-Genseren har 1 cm saummonn. Vær svært nøyaktig, så får du eit fint resultat

-Brett inn 1 cm lang dei bøygde linjene og set i knappenåler

-Sy ein stikning langs bogen på overlocken

-Brett inn 1 cm øvst og langs sidekantane på lomma. Bruk knappenåler

-Plasser lomma lengst nede midt på forstykket. Fest med knappenåler

-Sy lomma fast til forstykket øvst og langs sidene

-Sy ermene fast til forstykket. Fest med knappenåler langs saumen først

-Sy ermene fast til bakstykket. Fest med knappenåler langs søauen først

-Sy hetten saman på toppen. Bruk knappenåler

-Overlock ermsaumane, og hetta langs saumen og i forkant

-Brett inn 2 cm rundt hetta framme og sy ein stikning

-Fest hetta til genseren, rette mot rette. Fest MF først. Bruk knappenåler. Sy på hetta

-Sy erme- og sidesaumane saman i ein søm

-Overlock sidesaumane, nedrekanten og rundt halsen med hetta

-Sy ein stikning rundt halsen slik at saumen ikkje stikk opp, ca 0,5 cm brei

-Klipp vrangborden til ermane og nedrekanten, 14 cm brei og lengd tilpassa genseren. Sy han sammen til ein sirkel

-Brett han dobbelt og fest den til ermane og nedrekanten, sy langs kanten og overlock saumen

 

Elev Jan Øistein Heistad Naverud, Lørenskog vgs, får instruksjoner av lærer Jorunn Sæter.
Leverandør: NRK

Etter at oppgåva var gjennomførd, blei elevane bedne om å vurdere resultatet basert på tre kriterium: 1) Kvaliteten på plagget, kan det seljast? 2) Jamne saumar med overlock på plagget? 3) Kostnadsoverslag.

I tillegg til å setje ein karakter frå 1 til 6 på kvart av desse kriteria, blei elevane bedne om å kommentere kva dei syntest var bra, og kva som kunne ha vore gjort betre.

Produksjon av haremsdrakt

tegning av tre haremsdrakterSkisse av haremsdrakter
Fotograf: Ukjent

 

Fire elevar på besøk frå Jessheim vgs valde å lage haremsdrakter. Dei fekk følgjande forklaring på produksjonsrekkefølgja:

- Legg til 1 cm saummonn. Ver svært nøyaktig, så får du eit fint resultat

Buksa:
- Klipp med brukt til sidesaumen

- Tråkl saman begge innerbeinsaumane

- Sy med 4 trådars overlock

- Sy skrittsaumen

- Overlock buksas livkant

- Brett inn 3,5 cm øvst på buksa til løpegang for strikk. Og sy med rettsaum

- Tre i strikken og sy ein saum på midten. Strekk stoffet når du syr

- Overlock buksebeina lengst nede og legg opp med maskinsaum. Tre inn strikk

Overdel:
- Klipp vesten med fôr

- Tråkl saman skuldersaumen. Overlock saumen

- Gjer det same med fôret

- Stryk ut saumane

- Legg fôr og vest rette mot rette og vrengsy hals og forkant, ermhol og nedrekant.

- Stryk ut saumane og vreng gjennom sidesaumen

- Sjekk at sidesaumane er like lange

- Overlock sidesaumane saman

- Stryk godt til slutt

 

Elevene fra Jessheim lagde haremsdrakter
Leverandør: NRK

 

Produksjon av klovnedrakt

Andre elevar valde å lage ei klovnedrakt. Dei fekk følgjande forklaring av produksjonsrekkefølgja:

- Legg til ca 1 cm saummonn. Ver svært nøyaktig, så får du eit fint resultat

Buksa:
- Overlock mønsterdelane

- Legg bakbuksedelen og forbuksedelen rette mot rette. Pass på trådretning

- Sy saman innerbein- og ytterbeinsaumen på begge sider

- Sy skrittsaumen

- Brett inn først 1 cm, så 3,5 cm øvst på buksa til løpegang for strikk

- Du kan også lage eigen linning som du syr etterpå

- Tre i strikken og sy ein saum på midten. Strekk stoffet når du syr

- Overlock buksebeina lengst nede og legg opp med maskinsaum

Overdel:
- Overlock sidesaumane, skuldersaumane og saumane MF (midt framme)

- Sy MF (midt framme) saumen. Sett igjen 5-7 cm til splitt øvst

- Sy skuldersaumane

- Mål i ermane. Pass på at toppmerket stemmer med skuldersaumen

- Sy ermane i plagget og overlock saumrommet saman

- Sy sidesaumane saman

- Overlock overdelen i nedre kant med maskinsaum

- Legg opp lengst nede på ermane (eventuelt kan du setje i ein strikk)

Kraven:
- Kraven kan kantast med skråkant, eller du kan leggje ein rullefald i ytterkanten

- Legg kragen rette mot rette i halsopninga og sy delane saman. Her kan du også bruke skråband som er lengre enn halsopninga, slik at du kan bruke endane til knyteband

- Pynt til slutt klovnedrakta med knappar, band og liknande

Etter at oppgåva var gjennomførd, blei elevane bedne om å vurdere resultatet basert på tre kriterium: 1) Kvaliteten på plagget, kan det seljast? 2) Jamne saumar med overlock på plagget? 3) Kostnadsoverslag.

I tillegg til å setje ein karakter frå 1 til 6 på kvart av desse kriteria, blei elevane bedne om å kommentere kva dei syntest var bra, og kva som kunne ha vore gjort betre.

 

Oppgåve 1 og 2

Du skal teikne, planleggje og lage minimum to produkt. Produkta skal brukast til oppbevaring og/eller innpakking. Materialane, teknikkane og bruken av verktøy, maskinar og utstyr vil bli bestemt ut frå kva slags produkt du lagar.

Eit produkt skal vere sydd, med ein dekor der du brukar rammetrykk. (For eksempel ei veske, toalettmappe, PC-futteral eller liknande.)

Eit produkt skal være i ein trådteknikk, for eksempel strikka eller hekla. (For eksempel ei lue eller eit panneband eller liknande.)

Vurderingskriterium

Oppgåva blir vurdert ut frå den kompetansen du viser i måten du arbeider på og i det ferdige arbeidet:

Vurdering i "Produksjon"

• korleis du har jobba med oppgåva undervegs
• korleis du har greidd å vise og grunngi utviklinga frå idé til produkt i forhold til gitte rammer
• korleis du har brukt form og farge og fagkunnskap når du har laga produkta
• korleis du grunngir dei vala du har gjort

Kvalitet og dokumentasjon

Oppgåva blir vurdert ut frå den kompetansen du viser i måten du arbeider på og i det ferdige arbeidet.

Vurdering i "Kvalitet og dokumentasjon"

• korleis det ferdige arbeidet er utført og presentert
• korleis du har reflektert over og vurdert ditt eige arbeid i eigenvurderinga

Presentasjonsmappe

Du skal lage ei presentasjonsmappe for begge produkta med dokumentasjon frå idé til ferdig produkt:

1. skisser og teikningar av begge produkta, gjerne med fargar
2. mønster, om du laga det
3. ferdige produkt (minst 2)
4. vedlegg:
• svara på spørsmåla om tekstilfiber
• svara på spørsmåla om frisyre, sminke, drakt
• prisliste på det du har kjøpt av skolen
• prøvelappar
5. prosessforklaring med bilde som skal innehalde følgjande 3 punkt:
• planlegging
• gjennomføring
• evaluering

Prosessforklaring, planlegging

- korleis du planla arbeidet
- kvar du henta inspirasjon og idear frå
- forklaring av prosessen frå idé til ferdig produkt
- korleis du kom fram til form og farge på produkta

Gjennomføring

- korleis du jobba
- kva maskinar, verktøy og utstyr brukte du (kvifor og korleis)
- kva du gjorde i forhold til helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen

Evaluering

- kva mål i læreplanen som du har vore i gjennom denne perioden
- kva som du konkret lærde disse 5 vekene
- kva du og/eller lærarane kunne gjort annleis
- kva som var mest interessant for deg denne perioden
- korleis du vurderer kvaliteten på produkta dine
- om du har valt materialar som eignar seg til produkta
- om produkta passar til bruken og har god form og farge
- om du vil gjere forandringar i prosessen eller mappa i neste periode

Prosessforklaringa skal leverast på ITL, i mappa "Tekstil" som ligg på faget kval.dok., resten til faglærar.

Relatert innhald

Generelt