Fagstoff

Arbeid med gull og sølv

Publisert: 01.09.2010, Oppdatert: 03.03.2017

I november 2009 reiste vi på besøk til Skedsmo vgs i Akershus. Dette er ein tradisjonell yrkesskole, og dei har lagt opp det første året i Design og handverk på følgjande måte: Gjennom Vg1-kurset blir det etablert det fem stasjonar som alle elevar får grunnleggjande yrkesopplæring i gjennom fem arbeidsveker: Design og gullsmedfaget, Design og tekstilfaget, Design og trearbeidsfaget, Frisørfaget, Interiør- og utstillingsfaget og Keramikkfaget. Då vi gjorde vårt første besøk, var det elevar i arbeid i design og gullsmedfaget (metallarbeid), frisørfaget, interiør- og utstillingsdesignfaget og keramikkfaget. I gullsmedfaget møte vi faglærar Per Walfjord.

Per Walfjord sjølv drive gullsmedforretning før han blei faglærar, og gir oss ei kort innføring i metalla ein oftast kjem i kontakt med i gullsmedfaget:

Gull

Latinsk navn: Aurum (AU)

Densitet (tettleik/eigenvekt): 19,3 g/cm³

Smeltepunkt: 1064°C

Spesielle eigenskapar: Er meget smidig. Leier godt.

Sølv

Latinsk navn: Agentum (Ag)

Densitet (tettleik/eigenvekt): 10,5 g/cm³

Smeltepunkt: 962°C

Spesielle eigenskapar: Total refleksjon. Svært smidig. Leier best av alle metalla (både varme og elektrisitet).

Metalla kan kjøpast i forskjellige former som plate, tråd, rør, boltar eller granulat (små klumpar til støyping).

Legering

Sølv og gull er edelmetall som er svært mjuke. For å kunne bruke dei til å produsere gjenstandar som er bruksvennlege og haldbare, må ein legere dei. Å legere vil seie å blande, ved samansmelting, eitt eller fleire metalla, med eit anna metall. "Reinleiken" i metalla blir oppgitt i 1000-deler (0/00).

Gull-legering

Dei mest brukte legeringane av gull får derfor merket 585 eller 750. Ofte får gull merket karat. (Dette karat-omgrepet må ikkje forvekslast med karat-omgrepet brukt i samband med edelsteinar.) Nemninga for reint gull er 24 karat. Då vil 18 karat tilsvare 18/24 (750) og 14 karat tilsvare 14/24 (585). Den sistnemnde er den vanlegaste legeringa, da ho har svært gode eigenskapar for tilverknad, samtidig som legeringa er haldbar.

Til ei 585-legering gull vil forholdet vere:

585/1000 gull (Au)

215/1000 sølv (Ag)

200/1000 kobber (Cu)

Smelteområdet for denne legeringa vil vere frå 810°C til 150°C. Eigenvekten er 13,5 g/cm³

Ein kan også byte om mengda sølv og kopar, for å få ein litt raudlegare farge:

585/1000 gull (Au)

200/1000 sølv (Ag)

215/1000 kobber (Cu)

Smelteområdet for denne legeringa vil liggje litt høgare, frå 810°C til 860°C.

Sølv-legering

Når det er 925-stempla sølv, består legeringa av:

925/1000 sølv (Ag)

75/1000 kobber (Cu)

Smelteområdet på denne legeringa vil vere frå ca. 800°C til ca. 900°C.

Dersom sølvgjenstanden er stempla 830, består legeringa av:

830/1000 sølv (Ag)

170/1000 kobber (Cu)

Smelteområdet for denne legeringa vil liggje noko lågare, frå 780°C til 840°C.

 

Stempelloven

Alle edelmetall skal etter norsk lov stemplast for finleik (gehalt). Dessutan krev norsk lov at ein gjenstand ikkje berre skal stemplast med gehalt, men også med produsentstempel (ansvarsstempel).

Gull-legeringar kan berre stemplast med 750 eller 585. Dette vil seie at gjenstandane anten må innehalde minst 585/1000 eller 750/1000 gull.

Sølv-legeringar kan berre stemplast med 925 eller 830. Dette vil seie at gjenstandane anten må innehalde minst 925/1000 eller 830/1000 sølv. Til smykke blir det brukt mest 925-legering, mens 830-legeringar blir brukte til bestikk og korpus. (Bestikk er ete- og serveringsreiskapar som kniv, skei og gaffel. Korpus er ei fellesnemning på gjenstandar som vasar, bollar, fat, lysestakar, etc. Ordet kjem frå latin, og betyr kropp eller lekam.) Sølvet blir legert med kopar, og den større kopargehalten i bestikk gjer sølvet stivare og hardare.

Lesking

Ved bearbeiding vil eigenskapane til metalla forandrast, og dei blir vanskelegare å forme til meir ein bearbeider dei. Derfor må sølv og gull med jamne mellomrom leskast for å få tilbake sine opprinnelege eigenskapar. Å leske vil seie at vi ved oppvarming gløder metallet før vi raskt avkjøler det igjen.

Forming av edelmetallene

Dei viktigaste arbeidsprosessane ein gullsmed utfører er saging, filing, trekking av tråd, produksjon av øsken, lodding og etterbehandling som kratsing, sliping og polering. Her skal vi sjå nærmare på korleis desse arbeidsoppgåvene best kan utførast.

Saging

Før vi kan begynne å sage, må vi teikne og risse inn mønsteret på metallplata. Dersom sølvplata er blankpolert, må vi matte henne så blyantstrekane blir synlege. Dette kan vi gjere ved å gni ein klump med modelleire over plata så ho blir feitta. Dette er stort sett nok til at ein kan teikne det ønskte mønsteret.

Deretter blir mønsteret rissa inn med ein rissestift eller passar. Dersom mønsteret inneheld gjennombrotne parti, må ein bore hol i dei, så ein kan få tredd sagbladet gjennom. Dette gjer vi med eit mikrobor. Før vi borar, merkjer vi av staden med ein kjørnar, så boret borar seg rett ned på riktig stad. For å minske faren for at boret sklir, kan det dyppast i vintergrønn olje. Då bit det betre.

Den vanligste kjørnaren i dag er ein autokjørnar som set merke ved at ein pressar han ned, i motsetning til ein manuell kjørnar, som ein må slå på med hammar.

Festing av sagbladet

Sagbladet skal vende ut frå bogen med taggane vende ned mot handtaket. Det må vere passe stramt. Når ein skal feste sagbladet, snur ein saga slik at bogen heng ned, og let tuppen på sagstillinga kvile mot sagknekten eller kanten på benken mens ein let skaftet kvile mot brystet eller magen. Ofte er det lurast å feste bladet ved handtaket først, for deretter å feste det oppe ved tuppen. Det er viktig å presse sagbogen litt saman ved å presse han mot naggel eller benk før ein skrur til den siste skruen. Hugs berre å bruke fingrane når du skrur. Bruk aldri tang eller anna verktøy for å skru til vinkelskruene! Dersom bladet ikkje sit ordentleg, er det mest sannsynleg at det ligg igjen restar av eit gammalt blad.

Som underlag for metallplata brukar vi ofte ein sagnaggel eller 'sagknekt', som han ofte blir kalla.

Før vi begynner å sage, set vi bladet inn med voks frå voksstiften. Dette gjer at bladet held lenger.

Når vi sagar edelmetall, er det svært avgjerande at saga blir halden i loddrett plan. Dersom ein får for skrå vinkel sidevegs på saga, vil bladet ryke. Best resultat får ein om ein også klarer å halde saga så rett som mogeleg i lengderetninga.

Saga skal førast opp og ned i roleg tempo, for om ein sagar for fort eller brukar berre ein liten del av bladet, går det fort varmt, og det ryk mykje raskare. Overarmen og skuldra skal haldast mest mogeleg i ro, ein skal berre røre på underarmen og handleddet. Hugs å la saga gjere jobben. Ikkje press på med makt. Bruk så mykje av lengda på sagbladet som mogeleg, så blir saginga effektiv.

Saging kan vere slitsamt, og det er ekstra viktig at arbeidsstillinga er riktig, og at ein sit riktig. Pass på at stolen du sit på er justert i riktig høgd. For dei fleste vil det passe at høgda på sagknekten er omtrent midt på overkroppen.

Ta alltid sagbladet ut av arbeidsstykket når du legg det frå deg, så ikkje sagbladet kjem i klem og ryk. Løysne på ein av vengeskruane og trekk bladet ut.

Filing

Også når du filer, er det viktig at du lar fila gjere arbeidet. Du skal berre leggje såpass mykje trykk på fila at ho kan styrast slik du vil. Fila tek berre når du skyv henne framover, ikke når du skyv henne sidelengs. Det er derfor viktig at du har god styring på fila. Å bli sitjande 'å vispe' er ikkje særleg effektivt.

Riktig trykk får ein ved å halde handtaket på fila i eit fast, men ikkje for hardt, grep inne i handa, og la peikefingeren kvile på oversida av fila. Då kan du lettare styre retninga og trykket.

Til å hjelpe oss med å føre fila riktig, legg vi fila og arbeidsstykket an mot ein filnaggel, eller som han populært blir kalla - ein filknekt.

Det er like viktig å sitje riktig når du filer, som når du sagar eller gjer anna arbeid ved benken. Ja, det er nesten endå viktigare, for det er berre ein liten feil som skal til før du får djupe riper som ikkje let seg file eller pusse vekk, og arbeidsstykket ditt er øydelagt. Tenk på at det berre er armen som skal svinge fram og tilbake, og at det berre er albogen og skuldra som rører seg. Tenk deg handa som ei direkte forlenging av armen, og fila igjen som eit direkte framhald av handa i rett linje. Dette er særleg viktig når du skal file rette flater. Når du skal file krumme flater, for eksempel utvendig på ein sirkel, er det berre handleddet som skal bøyast. La framleis armen gå rett fram og tilbake.

Både fila og filknekten må haldast reine for metallsponar som fester seg i fila eller blir liggjande igjen på filknekten. Dersom ikkje desse blir fjerna, vil dei kunne lage riper i arbeidsstykket. Både sølv og gull er svært blaute metall. Det er lett å få riper. Til å fjerne metallsponar bruker vi vanlegvis ei filbørste. Men nokre gonger kan sponen sitje altfor godt fast, og då kan vi fjerne han med ein spiss sølvbit.

Fila kan fort bli sliten. For å bevare fila lenger, brukar vi ein voksstift som vi dreg fila over med jamne mellomrom. Hugs aldri å bruke fila på bly eller tinn. Desse metalla set seg fast i hogginga og er vanskelege å fjerne.

Når vi brukar nålfilene, kan det nokre gonger vere greitt å leggje arbeidsstykket flatt og file opp frå undersida. Slik kan du lettare sjå kva du gjer. Då er sagknekten fin å leggje an mot.

Smergelstikker

Nokre gonger er det lurt å bruke smergelstikker til den endelege finishen etter at vi har filt ferdig. Dette gjeld særleg på glatte flater der det er lett å lage spor med kanten på fila. Smergelstikker finst i forskjellig grovleik, men vi brukar mellomgrov og fin.

Trekke tråd

Ofte treng vi ein tråd som er tynnare enn den vi har for handa. Då kan vi trekkje han ned i riktig storleik ved å bruke eit trekkjern og ei trekktang. Trekkjernet er ei stålplate med hol som vi fester i ei skruestikke. Hola er kone, og kvart hol er litt mindre annan storleik. Det finst trekkjern for rund tråd, firkanttråd og halvrund tråd, og også jern der fleire av desse er kombinerte i eitt jern.

Før du begynner å trekkje, må du file den eine enden på tråden slik at han blir kon. Det vil seie at han blir tynnare mot enden. Kor stort område du skal file, avheng heilt av kor tjukk og lang tråden er, og kor mykje tynnare han skal bli. Dersom du skal trekkje tråden mykje ned, lønner det seg ikkje å ha han for lang, men sidan du ofte må file bort ein del, må han også ha ei viss lengd. Dersom tråden blir for lang, blir det tungt å trekkje han heilt igjennom. Då kan ein eventuelt kappe av ein bit og trekkje denne for seg. Når du har trekt tråden nokre gonger, blir han hard og vanskelegare å trekkje. Då må han leskast (varmglødast og avkjølast raskt).

Øsken

Øsken er ringar i ulike storleikar som blir brukte til mange forskjellige ting. Alt frå den vesle ringen som sit i enden av eit kjede til ringen som blir brukt som oppheng i eit smykke. Ja, vidast sett er ledda i eit armband også øsken.

Øsken lagar ein av tråd som blir rigla på eit øskenrigle. Eit rigle er rett og slett ei stang i forskjellig form og tjukkleik. Det finst ovale og runde og firkanta. Alt etter som korleis forma og storleiken på øskenet skal vere.

Sjølv om øsken kan kjøpast lause, vil det alltid vere storleikar du har bruk for som ikkje kan skaffast. Då er det greitt å kunne lage dei akkurat slik ein vil ha dei.

Når du har valgt tjukkleiken på tråden du skal bruke, tar du riglet og tråden og fester dei saman, for eksempel i ei skruestikke. Deretter tvinner du tråden rundt så han blir liggjande heilt tett inntil kvarandre.

Tek du han av riglet, vil tråden sjå ut som ei tett fjør. Deretter sagar du frå toppen i ei rett linje nedover mens du skyv "øskenfjøra" oppover. På den måten får du ei opning i øskenet.

For å setje dei saman, må du ha to tenger. Kva slags tenger du skal bruke avheng av storleiken på øskenet. Er det store øsken, kan du bruke flattenger. Dersom dei er mindre, må du bruke spisstenger. Det er viktig å vere forsiktig så du får minst mogeleg merke i øskenet når du set det saman.

Lodding

Lodding er ei varig samanbinding av to metallflater ved hjelp av eit metallisk mellomlag. Ved lodding av edle metall som sølv og gull kallar vi dette mellomlaget slaglodd. Dei to metallflatene blir bundne saman når mellomlaget ved oppvarming går over i flytande tilstand og legerer seg med metallet i dei to flatene som skal loddast saman.

Sagt på ein enklare måte: Lodding vil seie å samanføye to eller fleire metalldelar ved å bruke varme og slaglodd. Lodding blir også brukt når ein skal setje saman ein delt metalldel, for eksempel eit øsken eller ei ringskinne.

Slaglodd

Slaglodd finst både som tråd, stikke og som plate. Det aller mest vanlege i dag er likevel å bruke pasta. Slaglodd blir gjerne delt gjerne i "hard", "veik" og "ekstra veik" når det gjeld plate eller tråd. Med pasta brukar ein arbeidstemperatur som nemning. Sølv slaglodd går frå 650 oC til 720 oC. Det viktige er at slagloddet har ein smeltetemperatur som er lågare enn smelteområdet til det legerte metallet.

Ved å bruke ein tråd, kan ein stikke rett på, det vil seie at ein held stikka i den eine handa og legg den på etter kvart. Dette er vanlegast i arbeid med korpus, og krev stor dugleik og mykje trening. Av plater klipper du små paljer med metallsaksa.

For at denne typen slaglodd skal flyte, må ein tilsetje loddevatn. Dette er gjerne laga av boraks og vatn. I dag finst det mange typar loddevatn på marknaden. Fellesnemninga for desse er flussmiddel, som har som si viktigaste oppgåve er å forhindre oksidering under loddinga. I slagloddpasta er flussmiddel sett til i pastaen, så her slepp vi å tenkje på det.

 

Noko vi derimot må tenkje på, og særleg når vi loddar sølv, er at heile området rundt loddepunktet må varmast opp. Det er veldig viktig at du ikkje set flammen rett på loddepastaen først, for då fordampar flussmiddelet med ein gong. Derfor skal du varme opp rundt det heile med rolege rørsler, bortsett frå akkurat på pastaen. Det varmar du opp først når slagloddet er klart til å flyte.

Det er svært viktig at flatene er reine og har full kontakt med kvarandre. Dersom dei ikkje har det, vil ikkje slagloddet flyte over til den andre sida av samanføyinga.

Til å varme opp gjenstanden brukar vi ein loddepistol og propan. Her ser du Mathilde Guldahl som går Vg1 Design og handverk på Skedsmo vgs lodde sitt armband.

SMYKKEDESIGN
Leverandør: NRK
 

 

Sølv er det metallet som leier varme og straum best. Når du loddar sølv, krev det derfor mykje varme. Som underlag er det derfor fint å ha ein trekolbit, då denne gir mykje varme tilbake. Skamoplex er eit anna stoff som toler mykje varme, men det gir ikkje så mykje varme tilbake.

 

I gullsmedverkstaden på Skedsmo vgs brukar dei ei skamoplexplate med 'tredjehand'. Ei 'tredjehand' er to tenger med doble kuleledd som går på skinner og kan justerast i alle retningar. Ved sida av brukar dei gjerne ei loddetang. Ho liknar på ei korntang, men den pressar seg saman av seg sjølv.

Dersom du har lært deg å lodde sølv, vil du også meistre lodding av gull. Gull leier nemleg ikkje varmen på same måte, og kan derfor i større grad punktloddast.

Koken

Etter loddinga blir ofte arbeidsstykket misfarga (frå heilt svart til gyllent). For å fjerne dette, og også restane etter flussmiddelet (loddevatnet), brukar ein eit beiseapparat. Dersom vi ikkje fjernar flussmiddelet, blir det liggjande som ei glasshard hinne som slit veldig på filene.

Væska i beiseapparatet blir kalla koken. Det finst mange typar kok. Nokre skal berre brukast på sølv eller gull. På Skedsmo vgs brukar vi eit pulver som heiter Vitrex. Det fine med dette spesielle merket er at det verkar like fint på sølv som gull.

Ein grunn til at væska i beiseapparatet blir kalla koken, er kanskje at den må varmast opp. Det er det beiseapparatet gjer. Det varmer væska opp til 70 oC.

Etter at sølvet har lege i koken, får det ei tynn, mattkvit hinne som blir kalla kokhud. Denne kan vi fjerne ved kratsing.

Kratsing

Smykket vil, etter at det har vore lodda og lege i koken, få ei mattkvit hinne. For å få bort denne må vi kratse. Både kratsing, sliping og polering skjer med ein motor som roterer ein eller to spindlar. Kratsing skal skje ved lågare fart enn slip og polering, så det er viktig at motoren har to fartssteg.

Til kratsing brukar vi ei børste av messing eller mjukt stål. Det er viktig at børsta heile tida er våt. Det finnes ulike ferdiglaga kratseblandingar som kan tilrådast, men på Skedsmo vgs brukar vi reint vatn, og det verkar fint. Overflata får ein mjuk, litt matt utsjånad. Mange vil helst ha denne som den endelege finishen.

Sliping

Til sliping blir det brukt skiver av hard filt eller samansydde tøyskiver. Det er likevel ikkje skiva i seg sjølv som sliper, men pastaen ein legg på skivene. Til slip blir det brukt ein grov, ganske tørr pasta.

Polering

Etter at alle riper og hakk er slipte bort, polerer vi for å få fram den speglblanke glansen. Dette blir gjort på same måte som når vi sliper, men no blir det brukt mjuke tøyskiver og polérpasta.

Polérpasta finst i forskjellige fargar og med forskjellige eigenskapar for forskjellige metall. På Skedsmo vgs brukar vi ein raud og ein kvit. Den raude er mest effektiv, men den kvite er reinslegare å bruke.

I alle tilfelle er arbeidet med å slipe og pusse den delen av arbeidet vi blir mest skitne av. Når du utfører sliping og polering, er det derfor viktig å ha arbeidstøy som toler litt skit.

HMS i gullsmedarbeidet

I alle yrke er det lovbestemt med rutinar for helse, miljø og sikkerheit (HMS). Dei viktigaste reglane vi har i gullsmedverkstaden på Skedsmo vgs er desse:

Ved bruk av loddeapparat skal det brukast vernebriller.

Ved bruk av mikro bormaskin skal det brukast vernebriller.

Ved bruk av stor bormaskin skal det brukast både vernebriller og hårnett/strikk.

Ved bruk av slip- og polérmaskin skal det brukast både vernebriller, hårnett/strikk og støvmaske.

Ved koken blir det normalt ikkje brukt noko vern. Væska i koken gir ikkje frå seg nokon spesielt giftig damp. Men ved direkte berøring er væska skadeleg for augo. Dersom du får dette i augo, må du straks skylle dei lenge med rennande vatn.

Relatert innhald

Generelt