Fagstoff

Oppgåve; Blomstersmykke

Publisert: 31.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Blomstersmykke

I november 2009 besøkte vi Nes vgs for å sjå korleis dei der la opp ei veke som skulle vise elevar i Design og handverk Vg1 korleis det var å jobbe med blomsterdekoratørfaget. Faglærarane Bodil Hauge og Susanne Mobæk hadde jobba med elevane i tre dagar allereie då vi kom på besøk. Det var tid for ferdigstilling og skisseteikning av det ferdige produktet.

Oppgåvene elevane fekk var å lage eit blomstersmykke, eller ein corsage som det ofte blir kalla på fagspråket.

Dei oppsette læringsmåla var å kunne velje formålstenlege materialar ut frå den aktuelle arbeidsoppgåva, og dessutan å kunne beherske fagterminologi i teoretisk og praktisk oppgåve, i tillegg til å presentere og dokumentere arbeidet visuelt og verbalt. Måndag og tysdag gjekk med til ei teoretisk innføring. Elevane fikk utlevert følgjande tekst: 

Som vi forstår av ordet, er eit blomstersmykke eit smykke av blomstrar.

Teknisk sett blir det tradisjonelt laga med nesten same teknikken som brudebinderi. Det kan vere eit smykke til brudgom, eit hårsmykke eller det kan vere pynt på gåve eller klesdrakt. Det kan lagast stort eller lite, og med mange teknikkar.

De kan jobbe med fire teknikkar:

Vikle: Ståltråden er på spole. Den blir blant anna brukt til binding eller vikling av kransar og girlander. Vikletråd er i mange forskjellige tjukkleikar og fargar. Desse typane vikletråd blir mest brukte til å oppnå ulik form og effekt.

Netting: Kyllingnetting brukar vi til å forme noko eller fylle opp ein vase for at buketten skal stå stødig. Nettingen er lett bøyeleg og kan formast til mange ting.

Limpistol kan brukast til å lime ting på det ferdige formarbeidet de har laga. Pass alltid godt på når du driv med limpistol. Det er alltid lurt å ha ein bolle med iskaldt vatn ved sida av seg i tilfelle ein får varmt lim på huda.

Stiftemaskinen brukar vi til å stifte saman materialar i eit smykke eller blomsterarbeid.

Eit blomstersmykke kan brukast ved fleire høve: bryllup, show, messer og ball.

Elevane fikk beskjed om at dei kunne velje mellom fem ulike stilar:

-Dekorativ

-Klassisk

-Transparent

-Vegetativ

-Formal

De kan grunngi på papir kva de har valt å lage og korleis de teknisk sett har utført dette praktisk. De skal teikne minst tre skisser som viser forskjellige idear.

De kan ut frå fargelære grunngi fargevalet dykkar.

Vi skal saman gå gjennom ein analyse av arbeida munnleg.

De kan til slutt skrive kva de syntest om faget og om det er noko de kunne tenkje dykk å jobbe med vidare.

Elevresultat frå prosjektet
Leverandør: NRK

 

Vi har vore så heldige å få vidareformidle korleis Elin S. Havreberg frå Lørenskog vgs løyste oppgåva. Ho starta med å presentere dei tre skissene ho hadde teikna:
tegning blomstersmykkeElin S. Havrebergs skisse 1

Eg har teikna eit blomstersmykke der eg skal ha ei rosa rose på midten. På den rosa skal eg lime på blad slik at ho blir ekstra stor. Så stikk eg perler litt rundt omkring i blomsten for å gjere han meir spennande. Så tek eg masse blad. Eg tek nokre som liknar på bregner. Desse brukar eg bak og utover frå rosa. Eg har to små roser på sida. Mellom rosene har eg to blomstrar i ein meir knas farge (har ikkje endeleg bestemt kva slags). Ned frå smykket heng det blad slik at dei blir meir spennande og utfyllande. Desse skal eg lage slik at dei heng i ein V.

tegning blomstersmykkeElin S. Havrebergs skisse 2

Her har eg tenkt å lage ei spenne til å ha i håret. Eg tek eit stort blad og fester spenna under. Oppå bladet skal eg ha forskjellige typar blomstrar, slik at det blir ein liten blomsteroppsats. Eg har ikkje bestemt heilt kva slags blomstrar og fargar eg skal bruke. Det blir nok ikkje akkurat som på teikninga. Eg får håpe den blir betre. Eg skal prøve å bruke forskjellige typar blomstrar i forskjellige fargar.


tegning blomstersmykkeElin S. Havrebergs skisse 3

Her har eg teikna ein hårbøyle med dekor på. Den store raude rosa skal eg lage slik at eg limer på fleire roseblad rundt den eine rosa slik at ho blir stor og fin. Rundt rosa har eg nokre brudeslør. Elles har eg blad i grønne fargar. Rundt bøylen snurrar eg stilken nedover.

tegning blomstersmykkeElin S. Havreberg - ferdig produkt

Ferdig produkt

Eg valde skisse 2 sidan det var den mest spesielle og det var noko som ikkje andre skulle lage. Når eg teikna skissa, så teikna eg alle blomstrane litt små i forhold til det store bladet. I prosessen fann eg ut at det blei litt kjedeleg, så derfor har eg teke på nokre ekstra, som dei rosa. Eg har lagt steelgraset framover i staden for i bogar over blomsten. Eg festa steelgraset på rosa med ei knappenål. Eg festa knappenåla slik at stråa kryssar kvarandre. Eg har ikkje like mange blomstertypar og blad som på teikninga, sidan det hadde blitt veldig mykje.

Kva eg treng:

  • Grønnlakkert tråd
  • Floratape
  • Knappenål med dekorhovud
  • Myrtetråd
  • Nellik Dianthus (standard Delphi)
  • Rose (Duett)
  • Etaøy (Hlix Hedera)
  • Eucalyptus (urierea)
  • Rose /sensational fantasy rugosia)
  • Steelgress (Tenax zerophyllum)
  • Monstea Delicious (vindusblad)
  • Tang

Korleis ein lagar det

Når ein skal lage denne oppsatsen, må ein finne seg eit passe stort vindaugsblad som er heilt på overflata. For å bøye bladet som ein vil, tek ein ståltråd og set først gjennom senen i midten av bladet. Deretter bøyer ein ståltråden ned mot stilken, og surrar han rundt. Då kan ein bøye bladet som ein vil. Det er lurt å klippe av nokre blad, elles blir det overfylt. For å feste dei må ein bruke teknikken 'gaffelstifting': Du tek ståltråd og surrar rundt stilken slik at han sit fast. Legg så resten nedover. Slik gjer ein på alle tre. Surr så rundt med floratape for å feste han godt. Når du skal ta på dei tre andre nellikane, blir dei altfor store med ein heil. Derfor tek ein og riv av nokre blad slik at han blir mindre. For å feste han tek du gaffelstiftinga med å snurre på ståltråd og floratape. Du klipper av stilken på rosa. Du tek to ståltrådar og pressar gjennom nedst på rosa i krysstifting. Så surrar du igjen ståltråden og tek floratape på. No kan du feste det heile saman med floratape. Deretter kan du setje på det som skal hange ned. Lag dei to rankane som skal hange ned i rosa (med dei raude bæra), den eine litt kortare enn den andre. Desse lagar du på same måte. Du bryt av stilken og legg han over den andre, og fester dei med mystetråd. Eg har brukt sølv for å få ein kontrast. Slik gjer du heile vegen nedover. Dersom han blir litt slapp, kan du tre ein stivare ståltråd slik at du kan forme han som du vil. På eføyen gjer du det same som du gjorde i starten, og fester han under rosa. Til slutt tek du to steelgras på toppen over rosa for å skape nokre nye linjer som er rette i ei anna retning, noko som gjer komposisjonen meir spennande. Du fester stråa under rosa. Der knappenåla med pyntehovud bli festa på rosa, kryssar du steelgraset og let det liggje nedover. Eg har brukt tang for å klippe til blomstrar, stilkar og ståltråd.

Eigenvurdering

Eg er fornøgd med det eg har fått til på denne tida. Det har vore veldig gøy å vere her og lage desse to produkta. Eg er ganske fornøgd med resultatet. Det er noko som er litt her og der, men elles bra. Då eg begynte å teikne, trudde eg det skulle bli kjempefint. Det viste seg likevel at det ikkje gjekk heilt som eg ville, sidan vi ikkje hadde alle dei blomstrane som eg hadde tenkt. Men etter kvart fann eg nokon som likna, og som eg likte, og då såg det lysare ut igjen. Eg blei overraska over kor lang tid det tek og korleis eg skulle gjere det. Det såg ikkje heilt bra ut mens eg dreiv på, men når læraren hjelpte meg, blei det betre, og til slutt syntest eg at det blei overraskande bra. Vi fekk på nokre ting som ikkje var med på skissa, og det blei veldig fint. Eg har lært mykje av å lage armband og hårpynt. Det eg kanskje kunne gjort litt betre, var å ikkje spørje læraren så mykje om hjelp undervegs som jeg gjorde. Men eg var ganske usikker, og det er første gong eg lagar eit blomstersmykke. Det blei litt travelt med denne skriftlege biten av oppgåva. Ho hadde sikkert blitt betre og mer heilskapleg om vi hadde hatt betre tid, men eg trur ikkje at eg har utegløymt noko vesentleg.

 

Relatert innhald

Generelt