Fagstoff

Oppgåver; Frisør

Publisert: 30.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017

I november 2009 besøkte vi Strømmen vgs for å sjå korleis dei la opp ei veke som skulle vise elevane i Design og handverk Vg1 korleis det var å jobbe i frisørfaget. Med ei gruppe på 30 elevar i tillegg til fotograf blei det eit tøft opplegg for faglærar Lene Hylander. Den dagen vi var til stades var opplegget todelt. Seinare besøkte vi óg Skedsmo vgs.

Den eine gruppa fekk utdelt eit ark med kjenneteikn på ulike kundestilar: Naturleg, Romantisk, Kreativ, Dramatisk, Klassisk og Moderne/klassisk.

Kjennetekn

Type

Fargar

Klede

Frisyrar

Naturleg

Avslappa

Rørslefridom

Må ikkje følgje moten

Dempa fargar m/tilbehør som er grovt, diskret, ekte

Smykker: Litt grove smykkesteinar, ikkje tynne og blanke

Ruter

Moderate striper

Ikkje skinande og nusselege Struktur: lodden/grov/

skinn/kord

Naturleg og lettstelt.

Langt hår

Bob

Gutekort

Heil form

Lik lengd

Gradering

Romantisk

Feminin

Nøye med kvinneleg snitt i toppar/blusar

Olabuksa er ikkje hennar favoritt

Pastellfargar; rosa, lys blå, grå m/mjukt stoff

Smykker er ofte perler

Fløyel. Kniplingar, silke og jersey i bøygde former

Mjuke frisyrar med krøller Langt hår. Unngå kantete stamme

Gutekorte frisyrar.

Heil form

Aukande lengd

Kreativ

Designar

Eksperimentere, sjokkere

Eigen image

Brukt/lopper

Re-design

Korrekt, men aldri kjedeleg

Fargerike stoff

Lange øyredobbar og asymmetri.

Likar å sjokkere med briller/

støvlar/makeup

Kler seg etter humøret Kombinerer fløyel, neonlycra eller fargerike stoffer

Kombinasjonsfrisyrar med fleire klippe-, farge- og form-element

Aukande lengd

Heil form

Gradering

Dramatisk

Individualist

Uredd

Sjølvsikker

Overtydande

Sterke fargar i kombinasjon med svart

Ofte einsfarga klede.

Geometrisk rette mønster framfor blomstrar

Glatte flater, asymmetri

Store/sterke kontrastar i fargar

Små krøller

Klassisk

Kvalitet foran kvantitet

Stilreint/elegant

Unngår dill

Diskré fargeval i harmoni

Marine, raudt, kvitt i nøytralt med svart

Finstrikk, nøytrale, rette linjer og v-utringing i basis-klede og fargeval

Tidlause frisyrar som ikkje stikk seg ut i klipp, farge, form

Heil form

Lik lengd

Moderne/

klassisk

Eigen stil

Moteriktig

Basisplagg.

Elfenbein, tinn-grått, skifer, koks, gråbrunt

Fargerike sjal

Lag på lag-tøy med uekte smykke av god kvalitet Moderat makeup

Kombinasjon av tidlaus, velstelt og moteriktig.

Tydelege detaljar

Lik lengd

Gradering

 

Som illustrasjonsmateriale fekk elevane delt ut ark med haustens frisyrar, haustmote på klede 2009 og Makeup hausten 2009.

elever ved bord leser magasiner om hår og klipper ut bilderElevar leser om hårstil

Utstyrt med eit berg av mote- og vekeblad skulle elevane gå saman i grupper tre og tre og med skjemaet over som hjelpemiddel løyse følgjande oppgåve:

Ta utgangspunkt i kjenneteikna på kundestilar, og vel éin stil de vil presentere. Fortel om kundestilen (kva, korleis, kvifor). De kan klippe, lime, teikne og liknande i arbeidet.

bilde av elever ved hvert sitt modellhodeElevar med modellhovud
Opphavsmann: Eirik Befring

Den andre gruppa skulle jobbe meir praktisk. I den store frisørsalongen fekk kvar av elevane tildelt eit øvingshovud, og skulle utføre følgjande oppgåve:

Stilepokar. Bruk litteratur eller Internett. Ta utgangspunkt i ein stil eller ein epoke. Finn ein frisyre som du kunne tenkje deg å utføre på øvingshovudet. Her er det viktig å få fram kjenneteikna på epoken. Lykke til!

Elevane forsøk seg på ulike frisyrar
Leverandør: NRK

 

elev fletter hår på modellhodeFletting av hår

Dagen før vi besøkte Strømmen vgs, hadde elevane som valde frisør i Yrkesfagleg fordjuping, jobba med analyse og kommunikasjon ut frå følgjande tekstgrunnlag:

Vi oppfattar ulikt, derfor er det viktig å ta analysar. Kva er det kunden ønskjer? Er det mogeleg å oppnå kunden sine ønske ut ifrå dei føresetnadene vi har å jobbe med? Det som er middels "krøll" for deg, treng ikkje vere middels for kunden!

elev friserer modellhodeElev formar ei frisyre

Målet for deg som frisør må vere å oppnå best mogeleg heilskapleg harmoni, ut fra kunden sine ønske, behov og anatomiske føresetnader.

Midt oppe i det heile må du som frisør også tenkje på å få til ein god kommunikasjon med kunden. Korleis vel du å gå fram? Er det i det heile teke mogeleg å innfri kunden sine ønske? Alt dette er viktige element for at kunden skal få ei positiv oppleving.

Oppgåva ut frå denne teksten var at elevane hadde gått saman to og to for å utføre ein hårvask på kvarandre: 

  • Ta ein hår- og hovudbotnsanalyse 
  • Vel produkt ut frå analysen 
  • Børst gjennom håret med ei naturbørste (for å løyse knutar, tupering og restar av styling) 
  • Gjennomfukt håret med temperert vatn 
  • Fordel sjampoen i heile handflata og masser han inn
  • Skyl så ut og gjenta sjamponering og skyl godt ut
  • Klem ut overflødig vatn og tilfør kur/balsam. Balsam skal berre brukast i lengder og spissar
  • Skyl godt ut
  • Klem ut overflødig vatn, deretter klem ut vatn med handkle, ikkje gni

Til hjelp i hår- og hovudbotnsanalysen fekk elevane utdelt eit enkelt skjema som dei skulle fylle ut med opplysningar om håret og hovudbotnen til den andre:

HÅRKVALITET

Kjenneteikn

Behandling

Normalt

  

Kjemisk behandla hår

  

Termisk skada hår

  

Naturleg tørt hår

  

Mekanisk skadd hår

  

HOVUDBOTN

  

Normal

  

Tørr/sensitiv

  

Feit

  

Flass

  

Modellhovuder i hylleModellhovuder i hylle
Opphavsmann: Eirik Befring
 

Frå besøket på Skedsmo vgs

I november 2009 reiste vi på besøk til Skedsmo vgs i Akershus. Dette er ein tradisjonell yrkesskole, og dei har lagt opp det første året i Design og handverk på følgjande måte: Gjennom Vg1-kurset blir det etablert fem stasjonar som alle elevar får grunnleggjande yrkesopplæring gjennom fem arbeidsveker i: Design og gullsmedfaget, Design og tekstilfaget, Design og trearbeidsfaget, Frisørfaget, Interiør- og utstillingsfaget og Keramikkfaget. Då vi gjorde vårt første besøk, var det elevar i arbeid i design og gullsmedfaget (metallarbeid), frisørfaget, interiør- og utstillingsdesignfaget og keramikkfaget.

I frisørfaget møter vi faglærar Jeanette Skaarer Rajczi. Med seg i salongen har ho Vg1-elevane Martine Waagø, Nina Hornseth, Marie Aalvik, Kamilla Kamås og Yvonne Dahle Gruve.

Jeanette Skaarer Rajczi rettleiar elevane
Leverandør: NRK
Relatert innhald

Generelt