Fagstoff

Fileoppgåve

Publisert: 30.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017

I mars 2010 reiste vi til Kongsberg vgs for å finne ut korleis det var å gå Vg2 ur- og instrumentmakarlinja. På Kongsberg finn vi den einaste skolen i landet som gir yrkesfagleg grunnutdanning i ur- og instrumentmakarfaget.

I verkstaden fann vi faglærarane Per Henriksen og Bjørn Arne Nordahl og elevane Hanne Røtterud Fladby, som tek sikte på å bli storurmakar, og Lars Preben Kåsa, som vil bli vanleg urmakar.

For å vise korleis ei oppgåve i yrkesfagleg fordjuping kunne vere for Vg1-elevar som ville snuse på ur- og instrumentmakarfaget, fekk Lars Preben ei fileoppgave, som er noko av det første Vg2-elevane tek fatt på.

 

Forskjellige filetyparFileutstyr

 


Fileoppgåve

Det skal lagast tre forskjellige stiftar i stål med lengd 50 millimeter. Stiftane skal vere koniske med største diameter kvar for seg 3, 2 og 1 millimeter og minste diameter kvar i sin tur 2, 1 og 0 millimeter. Stiftane skal filast kone ved hjelp av fil, stifthaldar og filkloss oppspente i skrustikke. Emnet kan med fordel kappast 5 millimeter lengre enn ferdig lengd, slik at heile konusen kan filast ferdig på ei oppspenning.

Stiftoverflata skal når ho er ferdig, vere jamn, utan merke etter fila, og ho skal framleis vere rund, ikkje oval. Stiftane blir kappa til ferdig lengd og avrunda i enden, bortsett frå den tynnaste, der den eine enden skal gå ut i spiss.

Emnet blir spent opp i stifthaldaren og lagt i passande spor på filklossen. Stifthaldaren skal dreiast mot ansiktet, og fila strykast over stiften mot dreieretninga. Deretter skal haldaren dreiast tilbake. Fila blir trekt tilbake, og heile operasjonen skal gjentakast til stiften er ferdig. Du kan kontrollere måla med eit mikrometer.

Det er viktig å skifte tak i stifthaldaren etter fire - fem strøk med fila, slik at stiften held seg rund. Det er veldig lett i starten å file for mykje på den eine sida, slik at stiften blir urund. Her gjeld det gamle ordet om at øving gjer meister!

Elevar og lærarar ved urmakerlinja
Leverandør: NRK

 

Per Henriksen viser oss stolt korleis han enkelt kan hente ut arbeidsteikningar til eit transporthjul med 63 tenner med drev og aksel ferdig monterte, samtidig som han sit med det ferdige resultatet i handa. Ved ur- og instrumentmakarlinja ved Kongsberg vgs er dei nemleg aktive brukarar av datateikneprogrammet SolidWorks. Per Henriksen viser oss stolt korleis tredimensjonale teikningar av innmaten til ei klokke kan snuast og vendast på for å sjå nærmare på kvar detalj ved å zoome inn på nettopp denne. Og det beste av alt, seier han, er at vi kan ta ut og målsetje arbeidsteikningar direkte frå programmet. Nedanfor ser du korleis arbeidsteikninga for fileoppgåva ovanfor tek seg ut.

 

arbeidstegning stiftStift - konisk

 

arbeidstegning transporthjulAssem transporthjul

 

arbeidstegning transporthjulTransporthjul 63 tenner

 

arbeidstegning transporthjulTransporthjul - drev

 

arbeidstegning transporthjulTransporthjul - drev, pinne

 

arbeidstegning transporthjulTransporthjul - drev