Fagstoff

Oppgåver - Aktivitør

Publisert: 30.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017

I november 2009 besøkte vi Jessheim vgs for å sjå korleis dei la opp ei veke som skulle vise elevane i Design og handverk Vg1 korleis det var å jobbe med leire og lage masker. På Jessheim kan elevane utdanne seg vidare på Vg2 som aktivitør.

Arbeidet med leire var på det nærmaste avslutta då vi besøkte skolen, så vi fekk nokre av elevane til å vise fram resultatet av arbeidet sitt og fortelje korleis dei hadde gått laus på oppgåva. Eigentleg var det to forskjellige oppgåver elevane hadde fått. Den eine var å lage eit dyr. Den andre var å lage ein juledekorasjon med lys.

Silje Moen Larsen, Vårin Marita Iversen, Mette Nyborg og Anne-Line Holter viser fram det dei har laga.
Leverandør: NRK

 

Då vi kom, var elevane i full gang med å lage maskene sine. Faglærar Ida Åshild Lund gav rettleiing til elevane. Først ser vi Mads Olsby, deretter Edel Malen Pedersen, Ellen Sofie Laache Stakkestad og til slutt Janne Hagelund.

Lærar Ida Åshild Lund rettleier Mads Olsby, Edel Malen Pedersen, Ellen Sofie Laache Stakkestad og Janne Hagelund i korleis laga ei maske. 2009
Leverandør: NRK


Nytt besøk på Jessheim vgs

Våren 2010 drog vi igjen på besøk til design og handverk Vg1-elevane på Jessheim vgs i Akershus. Denne gongen hadde dei fått i oppgåve å utvikle heilt nye spel retta mot konkrete målgrupper. Dei skulle ikkje berre beskrive spela reint teoretisk, men også konkret utforme eventuelle spelebrett og brikker, eller det som spelet dei hadde pønska ut elles trong for å kunne spelast.

Som du vil forstå av videoen nedanfor mangla det ikkje på kreative innspel. Hege Christine Kristiansen hadde laga spelebrikker spesielt utforma for einarma. Og kanskje har du også tenkt at det er dumt å ikkje kunne spele Ludo når ein er meir enn fire samla. Solveig Svae har laga eit Ludo-spel som seks spelarar kan vere med på. Vårin Marita Iversen hadde laga eit mimespel og Katja Støe eit spel med bildeklassar. Charlotte Alexandra Arneberg hadde laga dyrelotto spesielt tilpassa for asylsøkjarar som vil lære seg norsk. Og Janne Hagelund hadde laga eit puslespel. Til slutt presenterer Silje Johnsen Martinussen sitt sportsspel.

AKTIV SPILL
Leverandør: NRK

Fire av elevane på Design og handverk på Jessheim hadde i yrkesfagleg fordjuping laga seg tunikaer. Nedanfor ser du Frid Helen Vikjord, Sanna Fasting, Samra Topich og Karoline Simble presentere kreasjonane sine.

Ryktet om at vi var på skolen for å gjere opptak av yrkesfagleg fordjuping i Design og handverk hadde nok gått. For vi blei kontakta av fire andre jenter som gjekk på Vg2 Design og tekstil. Dei hadde etablert ungdomsbedrifta Cyclone quartet som hadde utvikla sin ”multirug”, eit stort tøystykke med mange bruksmåtar. Jentene hadde komme seg vidare frå fylkesfinalen i Akershus til NM for ungdomsbedrifter. Og slik kan vi takke dei for at vi seinare har gjort opptak under NM for ungdomsbedrifter som du finn som eit tema under Design og handverk. Her let vi Phuong Ha, Guro Lure, Linda Engen og Iselin Myrvang frå Cyclone quartet presentere sin ”multiurug”.

UB "MULITRUG", Jessheim
Leverandør: NRK

På Jessheim vgs har dei også Aktivitør vg2. Og her trefte vi på Marte Hetsch Mikalsen og Espen Ringen som viste oss korleis dei kunne strikke elementa til ein tøffel på ein grovstrikkemaskin. Reidun Terese Grytøyr Stoa og Maiken Myhrer viste oss korleis dei strikka delane kunne syast saman og få riktig passform ved å fukte tøffelen og setje han på ein lest av isopor.

Aktivitør (Jessheim)
Leverandør: NRK

Relatert innhald

Generelt