Fagstoff

Nyttige adresser når du arbeider med temaet narkotika

Publisert: 08.02.2011, Oppdatert: 03.03.2017

Elev rekker opp hånda. Foto.

I Noreg er det satsa mykje på informasjon og kampanjar som skal førebyggje at barn og unge byrjar med narkotika. Denne satsinga har blant anna gitt oss mange svært gode nettressursar om temaet.

Som fagarbeidar bør du kjenne til desse nettressursane slik at du kan bruke dei i arbeidet ditt med barn og unge. Under finn du ei kort skildring av dei nettressursane det er lenkje til.

Helsedirektoratet

Helsedirektoratet har eit eige tema om rusmiddel. Her finn du fleire nyttige sider. I tillegg har Helsedirektoratet lenkjer til mange andre gode nettstader som tek for seg rusførebygging.

 

ung.no

Ung.no har ei eiga temaside om rusmiddel. Her finn du blant anna

  • faktastoff
  • spørsmål og svar
  • quiz og mykje meir

Ungdom mot narkotika

Her kan du finne fagstoff om ulike narkotiske stoff.

 

Forebygging.no

Her finn du fleire sider om rusmisbruk. Dette er fagstoff for den som ønskjer å fordjupe seg i temaet.

 

Landsforbundet Mot Stoffmisbruk

LMS arbeider for betre hjelp til dei som blir ramma av narkotikaproblematikken, både til den rusavhengige og til familien. Blant anna har organisasjonen ein støttetelefon for pårørande. Dei held kurs over heile landet, kjem med høyringsfråsegner om rusmiddelpolitikk og gir ut tidsskriftet Mot Stoff. (Kjelde: LMS)

 

Folkehelseinstituttet

Her finn du eigne faner om temaet rus.

 

Forbundet Mot Rusgift

Gjer deg kjend på nettstadene over

Noter ned adressa på andre gode nettstader du finn.

 

Som barne- og ungdomsarbeidar er du ein viktig rollemodell for barn og unge. Du skal ha kunnskapar om skadeverknader ved bruk av narkotiske stoff og kva som kan gjerast for å førebyggje at barn og unge byrjar ruse seg.

Oppgåver

Til fordjuping

Relatert innhald

Fagleg