Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eg, ein gründer?

Du har gått gjennom sidene på NDLA som handlar om bedriftsetablering, og du har no ein veldig god idé til eit produkt du har lyst til å selje. Men korleis skal du gå fram, frå idé til bedriftsetablering, finansiering, produksjon og sal?
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå saman to og to. Ha ei idémyldring først og finn eit produkt de har lyst til å satse på.

1) Kva er forretningsideen?
2) Personlege opplysningar – CV.
3) Gjer greie for produktet/tenesta/produksjonen.
4) Gjer ei enkel marknadsvurdering – kva er marknaden, kor stort er det, osb.
5) Korleis skal du marknadsføre produktet ditt? Kven er målgruppa for produktet?
6) Pris (kostnad, etterspurnad, marknad).
7) Marknadsføring og sal.
8) Økonomi, kapitalbehov og finansiering. Korleis skal du finansiere produksjonen? Set opp eit budsjett for tre år.
9) Organisering og administrasjon av verksemda.
10) Handlingsplan. Kor og når skal du starte etableringa av verksemda?

Presentasjon: Mot slutten av timen eller neste time skal de presentere bedriftsideen dykkar og ein plan for det vidare arbeidet + budsjett. I tillegg skal de levere ein skriftleg forretningsplan i Leksemappa under Arbeids- og næringsliv.

CC BY-NC-SASkrive av Elisabeth Kristoffersen. Rettshavar: Elisabeth Kristoffersen
Sist fagleg oppdatert 21.07.2017

Læringsressursar

Å drive eigen bedrift