Oppgåve: Arbeidsoppdrag

Temaoppgåve - Sjømat

Publisert: 23.09.2010, Oppdatert: 18.11.2010

Vekeoppgåve i temaet sjømat- fisk og skaldyr – praktisk.

Elevane blir delte inn i grupper på cirka fire personar.
Elevane og læraren førebur seg ved å lage arbeidsplanar og gå gjennom fagstoff som er knytt til praksis. Sjå vedlegg med presentasjonar og oppgåver. Etter gjennomgangen av fagstoffet møter alle elevane på praksisverkstaden i korrekt arbeidsuniform.

Praktiske oppgåver dag 1 til 4 (fordelte over to eller fleire periodar)

Dag 1
Kvar gruppe skal

  • filetere, pakke og merkje 5 kg rund fisk, vaske ned etter filetering og pakking
  • lage fiskekraft av avskjeret
  • lage fiskekaker av ½ kg filetar
  • lage brun saus, poteter og grønsaker
  • lage dessert!


Dag 2
Elevane møter først i grupperommet for å skrive arbeidsplanar, deretter møter dei på praksisverkstaden.

Kvar gruppe skal

  • lage 1 liter fiskesuppe
  • lage frityrsteikt fisk til 4 porsj.
  • lage panert fisk til 4 porsj.
  • lage fiskegrateng til 4 porsj.
  • koke poteter og grønsaker
  • lage remulade
  • lage dessert!


Dag 3
Elevane møter i grupperommet for å skrive arbeidsplanar, deretter møter dei på praksisverkstaden.

Kvar gruppe skal

  • lage fiskesuppe
  • koke blåskjel
  • koke torsk
  • lage frityrsteikt torsk
  • koke poteter og grønsaker
  • lage dessert

 

Dag 4
Elevane møter i grupperommet for å skrive arbeidsplanar, deretter møter dei på praksisverkstaden.

Kvar gruppe skal

  • filetere fisk (flyndre og laks/aure)
  • panere raudspette (eller anna flyndre)
  • lage bacalao
  • koke krabbe
  • lage lakserulade
  • lage dessert

 

VURDERING: Elevane blir vurderte i praksis og teori.

 

Låg grad av måloppnåing

Eleven skal kunne påpeike dårleg kvalitet på råvarer, lese og forstå reseptar, bruke mål og vekt, delta, finne fram mål og vekt, velje og bruke riktige råvarer.

 

Middels grad av måloppnåing

Eleven skal identifisere, klassifisere, bruke råvarene og auke og redusere dei etter talet på einingar, rekne ut mengd, bruke råvarer fornuftig og nøyaktig.

 

Høg grad av måloppnåing

Eleven skal kunne grunngi avgjerder, ta avgjerder, velje dei rette metodane, vere nøyaktig, improvisere ved behov, ta initiativ.

 

 

Fagstoff emne fisk

Kvalitetskriterium for fersk fisk

Kva må til for at fisken skal få best mogleg kvalitet?

  • Bløgging

  • Sløying

  • Lagring (frysing, kjøling og pakking)

  • Merking

Oppgåve

 

  1. Inndeling av fisk etter feittinnhald og familie

 

 

Oppgåver

Generelt