Hopp til innhald

Fagstoff

Alderstypiske trekk 0–18 år

Det er store forskjellar i barna si utvikling, og det som er typisk for eitt barn, treng ikkje å vere det for eit anna. Likevel har vi nokre forventningar til kva som skjer på dei ulike utviklingsområda og aldersnivåa. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du ha kunnskap om barna si utvikling og barna sitt funksjonsnivå. Dette er viktig for å kunne vere ein god omsorgsperson som kan støtte barnet i utviklinga.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alderstypiske trekk 0–18 år


Dette tekstmaterialet tek utgangspunkt i filmen om alderstypiske trekk i barn si utvikling 0–18 år. I lenkjesamlinga ligg det i tillegg fagstoff som generelt seier noko om barn si utvikling. Det er henta frå Vg1 helse- og oppvekstfag.

Fysisk og motorisk utvikling

Fysisk og motorisk utvikling 0–1 år




Barn 8-12 måneder leker på gulvet. Illustrasjon.

Barnet begynner å halde rundt for eksempel små rangler og føre dei opp til munnen. Dei har ikkje heilt kontroll over rørslene sine enno, så dei kan fort slå seg i hovudet med leika. Det lønner seg difor å gi dei ei leike som ikkje er så hard.



Når det gjeld den motoriske utviklinga, må vi minne om at det er store individuelle forskjellar på når barna meistrar dei ulike tinga. Likevel gir dette oss ein peikepinn på når vi kan forvente at barna skal begynne å meistre ulike rørsler.

Frå cirka 2 veker

  • Spedbarnet er styrt av refleksar som mororefleks, griperefleks, søkjerefleks og sugerefleks.
  • Det kan òg løfte hovudet når det ligg i mageleie og snu hovudet frå side til side.
  • Her kan du lese meir om Refleksar.

Frå cirka 4 månader

  • Eit barn på 4 månader vil støtte seg på underarmane når det ligg på magen. Det vil òg halde hovudet stødig.

  • Ein del av refleksane har opphøyrt, for eksempel griperefleksen. Barnet begynner no å få viljestyrte rørsler.
  • Barnet kan no sjå skarpt på avstand, og auge og hender begynner å samarbeide.
  • Nokre har begynt å rulle, men dei fleste er nærare 5–6 månader før dei gjer det.

  • Frå cirka 8 månader

  • Barnet har begynt å røre seg meir, og no er det absolutt på tide å sikre heimen.

  • Ein del har begynt å krabbe, dei aller fleste rullar, og nokre blir reine rullepølser. Dei bruker det bevisst for å komme seg rundt.

  • Barnet har no god kontroll på hendene sine og begynner å utvikle handgrepet sitt. Dei plukkar no opp ting med tommelen mot heil hand.

  • Mange greier å sitje sjølv når dei er rundt 8 månader, og dei klarer å ta seg for dersom dei mistar balansen medan dei sit.

  • Mange har begynt å dytte seg bakover når dei ligg på magen, og dei greier å bevege seg rundt i sirkel. Nokre kryp framover, mens andre krabbar.

Fysisk og motorisk utvikling i barnehagealderen




To gutter sitter i et tre og leker med vanngivær. Foto.



Dei minste barna krabbar gjerne når dei kjem til barnehagen, og dei begynner etter kvart å ta dei første stega sine. Den fysiske og motoriske utviklinga skjer fort, og barna elskar å vere i rørsle og meistre nye ting. Dei klarer å gå i trapp, dei greier etter kvart å hoppe med samla bein, og dei klarer å hinke når dei er rundt 4 år.

Ein treåring har som regel god balanse og god kontroll over kroppen sin. Han koordinerer rørslene sine og kan blant anna

  • sparke ball og kaste og ta imot ball
  • danse og utfalde seg til musikk
  • springe og sykle på trehjulssykkel eller tohjulssykkel med støttehjul
  • halde ein kopp med vatn
  • byggje tårn av byggjeklossar

    Treåringane bruker gjerne heile armen når dei teiknar, og dei held ofte høgt oppe på blyanten.

Ein fireåring er ofte både høgt og lågt, og det er naturleg å hoppe på steinar og i vasspyttar, balansere der det går an, og utforske det meste. Dei greier å klippe med saks, og etter kvart klipper dei etter ein strek. Finmotorikken blir utvikla slik at dei etter kvart har større kontroll også over dei små rørslene sine.

Nokre barn er rolegare i rørslene, og det er viktig at også dei får vere i aktivitet og utfalde seg i sitt eige tempo.

Når barna er ute og leikar i barnehagen, så bruker dei heile kroppen sin, og dei utfordrar seg sjølve til stadig å greie nye ting.
Dei klatrar, dei heng etter armane, dei spring, dei hoppar og dei sklir, og vi vaksne skal vere der for å støtte barna slik at dei får lyst til å meistre nye ting. Vi skal passe på at dei ikkje slår seg, men samtidig motivere dei slik at dei får lyst til å prøve nye utfordringar.


Fysisk og motorisk utvikling i barneskulealderen




Barn i sklie på leikeplass. Foto.



Dei fysiske forandringane er tydelege gjennom heile barndommen. Muskulaturen utviklar seg, og kroppen blir kraftigare. Barna meistrar meir og meir av fysiske aktivitetar, og den motoriske utviklinga er stor i løpet av barneskuleåra.

  • I 1. klasse treng barna ofte ein del hjelp når dei kler på seg, med for eksempel glidelås, knappar, knyting av lisser og så vidare. I 4. klasse klarer barna dette sjølve, relativt raskt.
  • Barna får betre og betre kroppskontroll og får til fleire ting. Dei syklar, går på ski og skøyter, sym, klatrar i tau og ribbevegg, løftar si eiga vekt, sparkar og kastar ball dit dei vil, og dei har god balanse. Her er det òg individuelle forskjellar, noko som ofte har med interesse å gjere.
  • Mange barn liker godt å røre seg til musikk og å syngje.
  • No kan barna vere konsentrerte over lengre periodar og øve på ting for å bli betre.
  • Finmotorikken har utvikla seg mykje.

  • 6-åringar skriv namnet sitt, ofte med store, ujamne bokstavar.
  • 10-åringar skriv lita skrift eller løkkeskrift på linjer.

  • Når dei teiknar, har dei med mange små detaljar.
  • Dei klarer etter kvart å strikke og sy.
  • Barna får betre kontroll på koordineringa av fin- og grovmotorikken dess eldre dei blir.

Finmotorikk er dei små rørslene som vi bruker når vi skriv, puslar, legg perler og så vidare.

Grovmotorikk er dei store rørslene som involverer dei store kroppsmusklane. Det er desse musklane vi bruker når vi spring, syklar, går og så vidare.

Oppgåver til filmen «Å tilrettelegge for fysisk aktivitet»
  1. Kva for konsekvensar kan for mykje stillesitjande aktivitet ha på sikt?
  2. Kvifor er det viktig at dei vaksne deltek i fysisk aktivitet saman med barna?
  3. Korleis kan vi leggje til rette for fysisk aktivitet?
  4. Gi eksempel på kva som skal til for at barn skal bli meir aktive i fritida.

Fysisk og motorisk utvikling i ungdomsskulealderen




Tenåring på snowboard. Foto.



Også i løpet av ungdomsskulealderen skjer det mykje i den fysiske og motoriske utviklinga. Tenåringane veks fort. Jentene veks raskast cirka frå 12-årsalderen og gutane cirka frå 14-årsalderen, men her er det sjølvsagt store individuelle forskjellar.

Samtidig med at ein veks i lengda, forandrar proporsjonane i kroppen seg. Hender og føter veks ganske fort, og det kan bli vanskelegare å koordinere rørslene ein periode.

Ungdommane går no inn i puberteten, der det skjer store hormonelle forandringar, og dei vil etter kvart utvikle ein vaksen kropp. Huda forandrar seg i tenåra, og både gutar og jenter kan vere plaga av kviser.

I ungdomstida blir musklane større og kraftigare, og hjartet og lungene får større arbeidskapasitet. Kroppen toler større belastningar enn tidlegare. Ungdommar har nokså god kontroll over kroppen og er ofte aktive i sport og idrett.

Det tek tid å venje seg til at kroppen forandrar seg, og tenåringane treng ekstra støtte og ros i denne perioden.

Oppgåver til lydfila «Ungdom og idrett»
  1. Kva samanheng er det mellom idrettsaktivitetane du driv med når du er ung, og det fysiske aktivitetsnivået ditt som vaksen?
  2. Kvifor bør unge drive med idrett?
  3. Korleis kan friluftsliv i barne- og ungdomsåra vere ei god investering?
  4. Ungdommane her fortel at dei trur at aktiviteten går ned når dei blir eldre. Kva trur du er grunnen til at dei trur det, og kva går det eventuelt an å gjere med det?
  5. Kva er skilnaden på aktivitetsnivået til gutar og jenter som tenåringar og som 23-åringar?
  6. Kva aldersgruppe bør vi vere særleg merksame på?
  7. Har det mykje å seie kva type aktivitet du driv med?


Oppgåver til filmen «Fysisk aktivitet i skoletiden»
  1. Kvifor er det viktig å tilby elevar ein time med fysisk aktivitet kvar dag?
  2. På kva måte er fysisk aktivitet bra for skulekvardagen?
  3. Kva for effekt kan skulen sjå av dette prosjektet?
  4. Korleis kan fysisk aktivitet førebyggje mobbing?
  5. Korleis kan fysisk aktivitet verke på læringsmiljøet i ein klasse?

Sosial og kjenslemessig utvikling

Sosial og kjenslemessig utvikling 0–1 år




tegningen viser en voksen mann som prater med en baby



Alle barn er fødde ulike, og vi er alle små individ frå fødselen av. Personlegdommen og temperamentet til barnet kan vise seg tidleg. Nokre barn er veldig opne og nyt at det er mykje liv rundt dei, medan andre er meir tilbakehaldne og blir ulykkelege dersom ikkje omsorgspersonane er i nærleiken. I denne perioden der barnet oppdagar nye ting rundt seg, er det viktig at dei næraste omsorgspersonane viser interesse saman med barnet. Det gjer vi ved å nikke, sjå saman, smile og gi små kommentarar. Barnet blir då trygt og kan utforske verda vidare.

Frå cirka 2 veker

  • Spedbarnet kjenner att mor og far.
  • Barna snur hovudet bort når dei ikkje vil kommunisere meir, og dei signaliserer på ein måte at no er dei slitne og treng ein pause.
  • Det er viktig at omsorgspersonane er lydhøyre for dei signala barnet prøver å gi. Barnet treng å føle seg sett og forstått, og det er viktig at det får mykje omsorg og kjærleik.

Frå cirka 4 månader

  • Frå barnet er cirka 4 månader, får det verkeleg opp auga for verda rundt seg, og det får òg auge på andre barn. Ofte er det andre barn som får fram latteren hos den vesle første gongen.
  • Frå barnet er cirka 5 månader, kan det begynne å skjelne mellom kjende og framande.
  • Barnet synest òg at det er veldig moro å sjå på seg sjølv i spegelen, men det forstår enno ikkje at det ser på seg sjølv.
  • Munnen er eit viktig sanseorgan for barnet, og difor syg det på alt, både på hendene sine og leikene. Det kjenner etter med munnen om tinga er harde, kalde, blaute, varme og så vidare.

Frå cirka 8 månader

  • Når dei er 8–10 månader, kan mange barn bli veldig fortvila når mor, far eller ein annan av dei næraste omsorgspersonane forsvinn ut av synsvidde. Dei trur at dei er borte for alltid. Dette er teikn på positiv tilknyting til foreldra og ikkje at noko er gale.

Eksempel
Eit ope barn vil smile og pludre til framande så lenge det sit på fanget til for eksempel mor eller far, men blir usikkert så fort foreldra er borte. Dette er ei sunn og naturleg haldning. Barnet vurderer den framande før det eventuelt held fram med samtalen.

  • Eittåringen begynner å bli klar over sin eigen person. Eg-et blir utvikla både gjennom oppdaging av eigne prestasjonar og gjennom dei reaksjonane andre viser.
  • Nokre barn reagerer på namnet sitt når dei er 10–12 månader.
  • Barn kan vere svært tilbakehaldne og bruke lang tid på å vurdere framande personar. Lat barnet få den tida det treng.
  • Barnet vil òg merke seg reaksjonen til foreldra på den framande. Dersom foreldra smiler og er imøtekommande mot den framande, vil òg barnet vere opnare. Dette gjeld òg andre omsorgspersonar som barnet er trygt på.

Sosial og kjenslemessig utvikling i barnehagealderen




Ungane har matpause. Foto.

Å ta tur er det same som turtaking. Det vil seie at ein byttar på å snakke og lytte i samspel med andre.

Bildeserie av en baby med mange forskjellige ansiktsutrykk. Foto.



Det viktigaste barna lærer i barnehagen, er å vere saman med andre menneske. Dei lærer samspel med andre barn og vaksne.

Dei vaksne set grenser for barnet, og barnet lærer fort kva som er nei, og kva som er ja. Barnet prøver viljen sin og prøver ut kor langt mamma, pappa eller andre vaksne vil strekkje seg. Dei opplever kanskje òg at det er forskjellige reglar som gjeld på forskjellige arenaer. Det er ikkje sikkert at det som er lov heime, er lov i barnehagen.

Barnet aksepterer ofte grensene dersom du som vaksen er tydeleg og forklarer barnet kvifor det ikkje alltid kan gjere som det vil. Samtidig er det viktig å setje pris på det barnet gjer bra, og formidle det til barnet. Det er med på å utvikle barna si evne til å opptre velvillig overfor andre menneske, og det hjelper til med å gi barnet eit godt sjølvbilete.

Ein viktig bit av den sosiale utviklinga i barnehagen skjer rundt måltidet. Der kan både barn og vaksne sitje å ha lange samtalar. Når ein snakkar med kvarandre om kva som blir ete, får barna eit medvit om ernæring og kva som er sunt og godt å ete.

Barna bruker sansane sine. Dei luktar på maten, smaker på maten og kjenner på maten. Særleg dei minste gjer det. Barna lærer òg å handtere kniv, skei og gaffel etter kvart. Rundt måltidet bruker vi mykje tid på å snakke saman, ta tur og lytte til kvarandre.

dette er en tegneseriestripe om turtaking, der en voksen snakker til et lite barn
Opne bilete i eit nytt vindauge


Dei minste barna i barnehagen, dei mellom 1 og 3 år, har store svingingar i den kjenslemessige utviklinga si. Det er kort veg mellom latter og gråt, og dei vaksne må klare å tolke uttrykka til barna og imøtekomme behova deira. Det er viktig at små barn blir forstådde, sedde og høyrde.

For å vere ein god medarbeidar og vaksen i barnehagen er det viktig at dei vaksne greier å gå heilt inn i barna sin leik. Dei må vere opptekne av barna, sjå på barn som likeverdige menneske og ha evna til å sjå ting frå barna sitt perspektiv.

Oppgåver til filmen «Gruppeprosesser»


  1. Finn ut korleis du lagar pil og boge.
  2. Kva lærer barn av å delta i grupper?
  3. Finn ut korleis du lagar seljefløyte.
  4. Kva er fordelen med grupper som har vore mykje saman?
  5. Kva må den vaksne i gruppa følgje med på?
  6. Kva meiner ein med å «velje seg bort frå meistringsopplevingar»?
  7. Kva krev det av planlegging dersom du skal fare på overnattingstur med så små barn?
  8. Kva er prososial åtferd?
  9. Her høyrer du eit godt eksempel på empati. Kva for eit eksempel er det?
  10. Korleis får desse barna opplevingar som dei berre kan få i naturen?
  11. Kva har slike opplevingar å seie?
  12. Kva gjer gruppa god?
  13. Kva må du gjere dersom du ser at eit barn er utanfor gruppa?
  14. Kva er samspelerfaringar?
  15. Korleis kan vi gi barn samspelerfaringar?
  16. Kva kan du gjere for at det ikkje skal eksistere «verstingar» eller «vanskelege barn»?
  17. Kva er jobben til dei vaksne i gruppa?
  18. Diskuter filmen i klassen din. Kva er det viktigaste de bør lære av denne filmen?

Sosial og kjenslemessig utvikling i barneskulealderen




tegningen viser barn som klatrer i tre

bildet viser noen hender som spiller på en saksofon



I barneskulealderen betyr det mykje å ha venner. Frå barnet er 5–6 år og begynner på skulen, og fram til 7. klasse, skjer det mykje i den sosiale og kjenslemessige utviklinga.

I 10-årsalderen er barna mykje meir sjølvstendige enn dei er som 6-åringar. Når barna begynner i 1. klasse, går dei aller fleste på skulefritidsordning (SFO). Dei blir som regel følgde dit av vaksne. Det varierer kor stor plass barna har i SFO. Nokre er der kvar dag etter skulen, medan andre er der i kortare tid. Det er mogleg for barna å vere på SFO til og med 4. klasse.

I åra framover blir barna meir og meir sjølvstendige og må klare seg sjølve etter skuletid.

  • Barna begynner å sjå og forstå konsekvensane av handlingane sine.

  • Det er viktig for barnet å vere flink i noko. Meistring er viktig for identitetsbygginga.
  • Alle barn bør oppleve meistring på nokre område. Nokre er flinke i forskjellige skulefag, andre i forskjellige idrettar, eller dei speler eit instrument.
  • I dei fleste tilfella kan barna sjølve ordne opp i konfliktar. No klarer dei ofte å snakke seg fram til ei løysing.
  • Barna kan øve lenge på ein aktivitet for å få han til eller bli betre. Det gjeld både skulefag, idrett og musikk.
  • Vennskap er viktig for barna. Nokre har mange venner, andre har få.
  • Dei fleste barna er flinke til å inkludere andre i leiken sin så ingen treng å vere aleine. Det er likevel nokre barn som fell utanfor og ikkje kjem inn i gruppa. Nokre barn blir dessverre òg mobba på skulen. Desse barna treng at vi er spesielt merksame.
  • Det er vanleg med klassearrangement som karneval, overnattingsturar og liknande. Dette gir barna ei fellesskapskjensle.

Barna si utvikling held fram på alle område, og det vil skje mykje med dei før dei begynner på ungdomsskulen.

Oppgåver til filmen «Motivasjon og læring»
  1. Nemn nokre viktige faktorar du kan jobbe med for å skape motivasjon.
  2. Kva er eit godt læringsmiljø?
  3. Korleis heng motivasjon og meistring saman?
  4. Kvifor er det viktig å sjå kvar enkelt elev og leggje vekt på det som er bra.

Sosial og kjenslemessig utvikling i ungdomsskulealderen




Fire unge kvinner løper hånd i hånd. Foto.



Når elevane begynner på ungdomsskulen, får dei fleste mange nye venner, mens nokre opplever overgangen til ungdomsskulen som vanskeleg. I denne perioden er den sosiale og kjenslemessige utviklinga i stor grad med på å prege identitetsbygginga.

I denne perioden er ungdommane meir klare over kva som skjer med dei, og i løpet av ungdomsskuletida utviklar mange seg frå å vere barn til å bli små vaksne, men dei kan nok i enkelte samanhengar føle seg som barn og ønskje å bli behandla som barn. I neste augneblink vil dei imidlertid bli behandla som vaksne.

Éin ungdom kan bli sett på som inn og kul, mens andre må slite med kjensla av ikkje å bli sedd i det heile. Dette er ein sårbar periode i livet, og det er viktig å støtte ungdommane og sjå alle. Legg merke til dei gode eigenskapane hos kvar enkelt, og del det gjerne med den det gjeld.

Ungdomsskuleelevane samanliknar seg ofte med andre. Dei ser på kroppane til dei andre, og kroppsutviklinga er svært viktig for den kjenslemessige utviklinga deira. For nokre er dette problematisk. Puberteten er kjenneteikna av store humørsvingingar for mange elevar, og dei er temmeleg sårbare i denne perioden.

Dei første alvorlege ungdomsforelskingane finn vi ofte i ungdomsskulen, og elevane prøver ut grenser. Dei lurer på kven dei er, kva meininga med livet er, og kvar vegen går vidare. For mange er det å velje utdanningsløp for vidaregåande skule den første store avgjerda dei må ta.

Leikutvikling

Leikutvikling 0–1 år




jente med byggeklosser.foto.



Leikutviklinga begynner med at barnet utforskar alle rørslene i omgivnadene sine, særleg i andlet. Vidare er det å bli kjend med eigen kropp sentralt. Når barnet kan gripe om ting, leikar det med leiker, og etter kvart leikar det med andre barn eller vaksne.

Frå cirka 2 veker

  • Barn kan sjå med ein gong dei blir fødde, og frå dei er cirka 2 veker gamle, ser barna på cirka 20–30 centimeters avstand.
  • Barnet er mest oppteke av andlet, og det synest at det er veldig spanande å sjå på eit «levande» andlet.
  • Det er òg fascinert av kontrastar.

Frå cirka 4 månader

Barnet tek etter leiker, fører leiker til munnen, smaker og kjenner på dei. Det liker for eksempel å leike med

  • uro med musikk
  • rangler med lyd
  • leiker med stoff som er lette å halde rundt
  • speglar
  • leiketeppe med mange fargar

Frå cirka 8 månader

  • No undersøkjer og utforskar barna kroppen sin. Dei byggjer seg opp ein kroppsidentitet ved å ta på, smake og kjenne.
  • Ein morosam leik i denne alderen kan for eksempel vere å stikke tærne i munnen og suge på dei.
  • Borte titt-titt er ein morosam leik no. Her lærer barnet at ting ikkje blir borte sjølv om det ikkje kan sjå dei. Barnet trur at tingen er borte for alltid når han er borte, og når han plutseleg tittar fram att, er det ei veldig morosam overrasking. Etter kvart vil òg barnet prøve å finne ut kvar tinga blei av, så dersom du gøymer deg, vil det prøve å finne deg.

Leikutvikling i barnehagealderen




bildet viser to barn som sitter på en gyngehest sammen



I leiken kan barna prøve ut forskjellige roller. Dei kan leike mor, far og barn, og dei tek ulike perspektiv. Dei lærer å kommunisere med kvarandre, og gjennom samspelet i leiken utviklar barnet seg på mange forskjellige område. Dei lærer å ta omsyn til andre barn sine ønske og behov, dei lærer forskjellige måtar å tenkje på, og dei lærer å bli sjølvstendige og å ta ansvar.

Små barn leikar ofte ting dei kjenner, for eksempel det å leggje dokka til å sove og syngje godnattsong. Større barn prøver ut andre ting i leiken. Når dei har vore på tur, kan dei for eksempel ha lyst til å leike ting som dei har sett på museet eller toget.

Barna sin leik dreier seg ofte om å late som. Dei kan late som om dei er andre menneske, og dei kan gjere om stemma si. Nokre barn leikar alltid med austlandsdialekt når dei leikar vaksne, medan andre barn snakkar svensk. Det blir veldig annleis.

Barn leikar ting som dei kjenner til frå dagleglivet.

Eksempel

Når barna leikar at mamma og pappa skal gå på jobben, hender det at dei berre går ut av dokkekroken og er borte lenge og er på jobben. Så kjem dei heim att og lagar middag. Dette er ein typisk kvardagsaktivitet som barn gjerne tek med i leiken sin.

Leiken er òg viktig for å utvikle fantasien. Med å tenkje nye tankar og for å utvikle kreativiteten sin prøver barna nye spanande ting som dei kanskje ikkje ville våga dersom dei var seg sjølve, men når dei leikar, så er det greitt å tore å prøve nye ting.

Oppgåver til filmen «Digital barnehage»


Utfordringar til deg

  1. Kva er spesielt med denne leikeplassen?
  2. Kva kan barna lære her?
  3. Kva for ulike ferdigheiter må barna bruke?
  4. Kva tenkjer du om slike leikeplassar?
  5. Kvifor er det ei auka satsing på data i barnehagen, trur du?


Oppgåver til lydfila «Lek i barnehagen»


  1. Kva er forskjellen på læring i barnehagen og læring i skulen?
  2. Korleis kan læring bli ein del av leiken?
  3. Kva kan barn lære i leiken?
  4. Bruk rammeplanen for barnehagen og finn ut kva han seier om leik og læring.

Leikutvikling i barneskulealderen




Bildet viser ei huske



Det skjer mykje med barna si leikutvikling i løpet av barneskulealderen, og dei går mellom anna frå å leike rolleleik til meir organiserte og regelstyrte leikar.

  • Dei første skuleåra leikar barna framleis rolleleikar, og ofte har dei små figurar som dei leikar med.
  • Leiken krev ofte samarbeid for å fungere. Barna kan for eksempel lage dei flottaste byggverk saman, spele ballspel saman og leike regelleikar der dei må ta omsyn til bestemte reglar og til kvarandre.
  • Barna liker å spele forskjellige typar spel. Dei lærer å vente på tur, og dei må vere budde på å tape. Jo eldre barna blir, dess vanskelegare spel klarer dei.

Mange spel fører til at barna øver opp forskjellige ferdigheiter: Yatzy øver gongetabellane, i kortspel må du bruke forskjellige rekneferdigheiter, Gruble utviklar språket, og så vidare.

  • Mange barn blir inspirerte av tv-program. Dei finn gjerne på eigne dansar, og dei syng til.
  • I uteleiken, særlig om vinteren, kan det lett bli hardhendt leik. Noken leikar, for eksempel Konge på haugen og aking, må ha faste reglar så ingen blir skadde. Det er viktig at barna forstår kva som kan vere eit uhell, og det gjer dei stort sett no.

Leikutvikling i ungdomsskulealder


Her kan du lese om nokre alderstypiske trekk i leikutviklinga for barn i ungdomsskulealder.

Vi kan spørje oss om ungdomsskuleelevar leikar. Svaret er klart: Ja, det gjer dei.

Forskjellen er berre den at dei leikar annleis enn dei gjorde i barneskulen, og det er individuelt store forskjellar.

Ut over hausten i 8. klasse ser vi klare endringar. Leiken blir mindre fysisk, og han får eit lågare støynivå. Ungdommane er opptekne av kva dei eldre elevane meiner om dei, og dei ser på kva dei eldre elevane gjer. Det er færre elevar som leikar ute i skulegarden.

Mykje av leiken går no føre seg i organiserte former, for eksempel idrett. Men det er òg mange som driv med uorganisert aktivitet, og svært mange bruker pc til ulike typar spel.

Andre elevar driv med jo-jo, dei sjonglerer, dei byggjer lego og spelar kort. Dei vil gjerne ha høgt tempo og krevjande aktivitetar, men ikkje nødvendigvis prestasjonspress, og det er svært viktig at aktiviteten er prega av lyst.

Språkutvikling

Språkutvikling 0–1 år




tegningen viser en voksen som sitter på kne bøyd over en baby - og kommuniserer



Heilt frå fødselen av kommuniserer barnet med omverda. Med lydar, kroppsspråk og mimikk forstår vi kva barnet «seier», og etter kvart kan det føre ein liten samtale.

Frå cirka 2 veker

  • Spedbarnet vil prøve å herme etter lydar. Dei første 4–6 vekene er det mest vokallydar som a, ay og ai
  • Frå cirka 2 månader begynner mange med konsonantar i tillegg og lagar lydar som a-gy og a-gi.
  • Spedbarnet sin måte å kommunisere på kallar vi turtaking. Vi kan forklare det med å seie at foreldra seier noko, og så svarer barnet.

Eksempel på turtaking

Mamma seier: «Så fin du er!» medan ho ser på barnet og ventar på at han skal svare. Svaret er ofte berre eit gah eller ei rørsle, men det er nok til å skjønne at barnet liksom har svart. Dette samspelet mellom barnet og omsorgspersonane er veldig viktig for den vidare utviklinga til barnet.

  • Barnet er i stand til å gjenkjenne stemmer og songar det har høyrt i svangerskapet. Det vil difor kjennast trygt for barnet når mor eller far pratar og syng til barnet.
  • Gråt er barnet sitt viktigaste signal for å tilkalle foreldra sine. Eit barn som får merksemd kvar gong det græt, lærer at det kan stole på foreldra sine, og det vil utvikle tillit både til seg sjølv og til foreldra. Blir barnet derimot oversett, vil det etter kvart gi opp å få dekt behova sine og etter kvart gråte mindre og miste tilliten.

Frå cirka 4 månader

  • Barnet viser at det vil ha kontakt, og det går etter kvart an å ha ein heil liten samtale.
  • Munnmotorikken utviklar seg og gjer det mogleg for barnet å bruke tunga på ein ny måte.
  • Det kan no setje saman lydar til eit variert lite pludrespråk.
  • Det pustar gjerne luft gjennom munnen og lagar flotte spyttbobler.
  • Det begynner å bli nysgjerrig på kva som skjer rundt det, og det snur seg etter stemmer og andre lydar. Nokre kan no bli veldig urolege når dei skal amme.
  • Det etterliknar lydar og bablar meir enn før.

Frå cirka 8 månader

  • Barnet lagar no mange lydar og forstår fleire og fleire ord, for eksempel mamma og pappa.
  • Det hermar etter lydar.
  • Barnet bruker fleire sansar for å utvikle språkforståinga si.

Dersom barnet for eksempel skal lære kva ein ball er, vil barnet både sjå, smake og kjenne på ballen. Det må høyre ordet ball, og alt dette til saman gjer at alle inntrykka blir lagra i hovudet til barnet. Til slutt, etter mange gjentakingar, har barnet lært seg omgrepet ball og tydinga av det.


Språkutvikling i barnehagealderen




bildet viser to barn som snakker til hverandre

Det verbale språket er eit viktig kommunikasjonsmiddel for barnet, saman med kroppsspråket



Språkutviklinga i barnehagealderen er enorm. Ordforrådet aukar jamt i heile førskulealderen. Det er slik at dei minste barna som kjem i barnehagen, kanskje kan seie mamma eller pappa eller bable nokre ord og lydar, men når dei går ut av barnehagen, kan dei fleire tusen ord.

Barn utviklar seg i ulikt tempo. Nokre er veldig tidleg ute med å snakke og kan meistre mange og lange setningar når dei er temmeleg små. Andre ventar til dei er 2–3 år og er heilt sikre på at dei klarer å seie det dei vil, før det kjem tydelege ord.

Når barn skal lære seg å snakke, så begynner dei med enkeltord. Etter kvart set dei saman fleire ord til heile setningar. I byrjinga seier dei enkle ting som: «eg vil ha …».

Når dei blir litt større, begynner barna å tøyse og tulle med språket. Dei øver seg på lydar, seier mange rare ord, og dei framfører rim og regler.

Eksempel: «Så den salaten blei eten opp – som ein prat.»

Desse tulleversa kan vere ting som for oss vaksne ikkje heng saman, men som for barna er ein leik med språket.

Når barna kjem opp i skulealder, har stort sett dei fleste av dei kontroll over lydar, og dei har eit stort ordforråd og ei god ordforståing.

Oppgåver til filmen «Debattprogram om barnehage og språkutvikling»
  1. Forklar kva undersøkinga som det blir referert til i byrjinga av programmet, seier.
  2. Kva er debattantane ueinige om?
  3. Set opp argument for og imot. Finn ut kven som meiner kva.


Oppgåver til filmen «Språkutvikling»
  1. Kva går STRAKS-prosjektet ut på?
  2. Kva styrkjer ein hos barna med eit slikt prosjekt?
  3. Lag eit innlegg der du argumenterer for at dette er eit godt prosjekt når det gjeld språkutviklinga til barna.



Oppgåver til filmen «Samisk barnehage»


  1. Kva er hovudmålsetjinga for den samiske barnehagen i Oslo?
  2. Korleis kan barnehagen greie å ta vare på identiteten og språket til barna utanfor det samiske forvaltingsområdet?
  3. Kvifor er det viktig å ta vare på ein kulturell identitet?


Oppgåver til filmen «Forsinket språkutvikling»
  1. Korleis kan du vite at eit barn har eit språkproblem?
  2. Kva for ein grov hovudregel kan det vere lurt å ha i bakhovudet når ein vurderer språket til barna ved 2- og 3-årsalderen?
  3. Kva er spesifikke språkproblem?
  4. Kvifor er det viktig å få hjelp så tidleg som mogleg når barn har språkproblem?
  5. Kva er eit språkbad?



Oppgåver til filmen «Innestemme»
  1. Kva er innestemme?
  2. Kva for refleksjonar gjer du deg når du ser denne filmen?
  3. Korleis kan vaksne vere gode rollemodellar?

Språkutvikling i barneskulealderen




bildet viser en gutt som sitter på gulvet å leker

Kapittelbøker
er ofte godt eigna for høgtlesing, og dei kan ha ei handling som varer over fleire kapittel. Nokre bøker kan derimot ha avslutta historier i kvart kapittel.



Språkutviklinga frå 1. til 7. klasse er naturleg nok veldig stor.
I seksårsalderen har barnet eit gjennomsnittleg ordforråd på 2000–3000 ord. Ordforrådet aukar heile tida, men det er store individuelle forskjellar.

  • Bøker er viktig for språkutviklinga. Små barn treng å bli lesne mykje for og få ord og handling forklart for seg. Det er viktig å fortsetje med dette når barnet blir eldre.
  • Barn lærer som regel å lese i løpet av dei første skuleåra. Med øving blir dei betre og betre. Lesetempoet og forståinga aukar dermed.
  • I 4. klasse er det mange som les kapittelbøker som ofte finst i seriar. Jo meir dei les, jo større blir ordforrådet og omgrepsforståinga.
  • Barn lærer på forskjellige måtar, og i 4. klasse begynner dei å bli bevisste på korleis.

  • Nokre er mest visuelle. Det betyr at dei lærer best med å bruke auga, lese og sjå.
  • Andre kan vere auditive, og då liker dei å lytte og bruke høyrsla.
  • Nokre barn er taktile. Då vil dei gjerne kjenne på, ta på og bruke fingrane.
  • Dei som er kinestetiske, lærer best med å få bruke heile kroppen.
  • For å lære nye ting bruker vi forskjellige verktøy: sangleikar, rim, regler, spel, rekneklossar og songtekstar på norsk eller engelsk.

Oppgåver til filmen «Motivasjon og læring»
  1. Nemn nokre viktige faktorar du kan jobbe med for å skape motivasjon.
  2. Kva er eit godt læringsmiljø?
  3. Korleis heng motivasjon og meistring saman?
  4. Kvifor er det viktig å sjå kvar enkelt elev og leggje vekt på det som er bra?

Språkutvikling i ungdomsskulealderen




bildet viser to snakkebobler

Mobiltelefon. Foto.



Ungdommar blir no meir opptekne av å lese aviser. Dei bruker Internett meir til kunnskapsinnsamling, og dei begynner å lese andre typar bøker.

Dei aukar forståinga av og evna til å bruke ulikt språk i ulike samanhengar, for eksempel blant venner og i skuletimane.

Språkutviklinga er ein prosess som går føre seg heile livet. Eit godt utvikla munnleg språk er svært viktig for korleis vi alle les og skriv.

Ungdommar nyttar ofte slanguttrykk som høyrer til i den alderen.
Det kan variere kva som er inn, men ofte er det nokre uttrykk som «alle» bruker ein periode. Språkbruken vår påverkar korleis andre ser på oss, og språket er eit viktig verktøy for å vise andre kven vi er, og kven vi vil identifisere oss med.

Språket er personleg, og det er nært knytt til identitetsutviklinga og til kjensler. Språket blir ofte brukt for å bearbeide kjensler, og ved å bruke språket på denne måten blir ungdommane betre kjende med seg sjølve.

Vi ser òg at data- og mobilbruk påverkar språkutviklinga til ungdommane.

Eksempel

Når ungdommar skriv tekstmeldingar, bruker dei ofte dialekt og mykje forkortingar, for eksempel d i staden for det og gid i staden for glad i deg.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Stine Vik, Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg, Louise Solberg, Rune Westrum Skei og Turi de Besche.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2018

Læringsressursar

Utvikling hos barn