Oppgåve

Oppgåver til filmen "Befruktning i mitt bilde?"

Publisert: 26.04.2010, Oppdatert: 03.03.2017


Oppgåvene tek opp tema som prøverørsbefrukting, sortering av befrukta egg, sæddonasjon og eggdonasjon.

Celleklump. Foto.Embryo på 8-cellestadiet.
Opphavsmann: Ekem
 

Menneskefoster. Foto.Menneskeembryo på 9 (7) veker.
Opphavsmann: Ed Uthman
 

 

  1. Kva er prøverørsbefrukting? Forklar forskjellen på tradisjonell prøverørsbefrukting og mikroinjeksjon (ICSI).
  2. Når blei det første barnet fødd ved hjelp av assistert befrukting i Noreg?
  3. Kva kallar vi metoden som blir brukt når vi sjekkar eit befrukta egg for arvelege sjukdommar før det blir sett tilbake i livmora? Korleis blir dette gjort?
  4. I filmen ønskte foreldra til Jason seg eit barn til. Kva for eigenskap var det viktig at barnet hadde, og kva for eigenskap ønskte foreldra at barnet ikkje skulle ha? Synest du at det er akseptabelt at somme eigenskapar blir valde spesielt og andre blir valde bort? Synest du at det er problematisk at eit barn blir til for å hjelpe ein sjuk bror eller syster? Kvifor / kvifor ikkje?
  5. Ved assistert befrukting blir det som regel laga fleire befrukta egg enn paret treng. Dei beste av desse blir frosne ned, mens resten blir kasta. Synest du at dei skal kunne brukast til forsking?
  6. I Noreg er det lov å donere sædceller til par som ikkje er befruktingsdyktige, men det er ikkje tillate å donere eggceller. Kvifor trur du mange meiner det er ein etisk forskjell på sæddonasjon og eggdonasjon?
  7. Kva synest du om moglegheita for at ei framand kvinne kan vere surrogatmor og bere fram barnet for eit par mot betaling?
  8. Meiner du at barn fødde etter sæd- eller eggdonasjon har rett på å få vite kven som er det biologiske opphavet deira?
  9. Dersom ein recessivt nedarva sjukdom dukkar opp hos éin av 10 000 fødde barn, kor mange berarar av det recessive allelet er det då i den norske befolkninga? (Hint: Hardy-Weinbergs lov)
  10. Duchenne muskeldystrofi er ein kjønnsbunden (knytt til X-kromosomet), recessivt nedarva sjukdom. Kva betyr dette for førekomsten av sjukdommen hos gutar og jenter? Forklar kvifor.