Fagstoff

Gentestar

Publisert: 13.09.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Image showing the thumbnail for content named \"DNA-test\"eForelesing: DNA-test.    

 

 

DNA-fingeravtrykk. Illustrasjon.DNA-fingeravtrykk.  

 

 

Lage DNA-profil ved hjelp av DNA-analyse. Illustrasjon.DNA-analyse. Lage DNA-profil.  

 

 

Restriksjonsenzym. Illustrasjon.Restriksjonsenzym Purine Nucleoside Phosphorylase.  

 

 

Vandringshastigheit til eit molekyl. Illustrasjon.Gelelektroforese, presentasjon.   

 

 

Restriksjonsenzym. Illustrasjon.Restriksjonsenzym.  

Ein gentest er ei undersøking av DNA som er isolert frå ein biologisk prøve (for eksempel ein blodprøve). Vi skil mellom to typar gentestar:

  • DNA-typing: undersøkingar av DNA som skal identifisere personar eller slektskap mellom personar, først og fremst til bruk i rettsmedisinen.

  • DNA-diagnostikk: gentestar som skal identifisere genutgåver som kan føre til sjukdom.

Strenge reglar for bruk av gentestar

Det er berre godkjende institusjonar som kan utføre gentestar, og då berre til medisinske og kriminaltekniske formål. Personen som blir undersøkt, må i tillegg ha gitt skriftleg samtykke, unnateke når det gjeld alvorlege brotsverk. Bioteknologilova presiserer at det er forbode både å be om, ta imot, lagre eller bruke opplysningar om ein annan person som er komne fram ved genetiske undersøkingar. Dette gjeld sjølvsagt også forsikringsselskap og arbeidsgivarar.

Elektroforese

Elektroforese. Foto. Elektroforese. Prøvar med DNA eller protein blir sette av i brønnane.  

Elektroforese er ein effektiv og elegant biokjemisk metode for å separere store biologiske molekyl. Både protein og DNA har ein ladning og kan derfor skiljast ved hjelp av eit elektrisk spenningsfelt. Elektroforesekaret har ein positiv og ein negativ pol.

Først blir ei gelplate med små hol (brønnar) støypt. Prøvane med proteinblanding eller DNA-bitar som ein vil skilje (separere), blir sette av i dei små brønnane. DNA-molekyl er svært store, så dei blir derfor som regel klipte i mindre bitar ved hjelp av klippeenzym før elektroforesen.

Ein vasshaldig saltløysning (buffer) som kan leie straum, dekkjer både polar og gelplate med prøvar i.

Når ein set på straumen, vil bitane vandre inne i gelen, mot den polen som har motsett ladning. Negative molekyl går mot positiv pol. Dei minste molekyla glir raskast fram fordi dei møter minst motstand i gelen. Sterkare ladning vil også auke farten.

Etter ei stund vil dei ulike molekyla ha skilt lag. Molekyl med same storleik og ladning vandrar med same fart og samlar seg i band (sjå biletet av DNA-fingeravtrykk). Dermed kan ein samanlikne og identifisere dei ulike prøvane som ein har sett i brønnane.

Restriksjonsenzym (klippeenzym)

Eit restriksjonsenzym kan kjenne att ei bestemd baserekkjefølgje på DNA, for eksempel GCTATT, og klippe DNAet der (sjå på figuren). Jo fleire slike DNA-sekvensar det er i ein DNA-prøve, jo fleire bitar blir prøven kutta i. Kvar bit gir ei stripe på DNA-profilen. les mer

Det er viktig at alle DNA-prøvane som skal samanliknast, blir klipte med same typen enzym. Når det klipte DNAet blir separert ved hjelp av elektroforese, vil talet på bitar og storleiken på bitane gi eit bestemt bandmønster som fortel oss noko om forskjellar og likskapar i dei ulike DNA-prøvane. Andre restriksjonsenzym kjenner att andre baserekkjefølgjer og vil gi andre kuttstader og ei anna mengd bitar. Restriksjonsenzyma kan klippe rett over, med venstreoverheng eller med høgreoverheng som i figuren. skjul

 

Eigentleg forsvarsenzym

Restriksjonsenzym (endonukleasar) er eigentleg bakteriane sitt forsvar mot framand DNA (virus). les mer

Dersom framand DNA kjem inn i ein bakterie, vil restriksjonsenzyma øydeleggje det (klippe det i bitar). Ei mengd slike enzym er identifiserte og masseproduserte til bruk i genteknologiske prosessar. Restriksjonsenzyma er viktige verktøy som også blir brukte når nye gen skal setjast inn i ei celle. Restriksjonsenzyma sikrar at endane på DNA-bitane passar saman.skjul