Hopp til innhald

Fagstoff

Aldring

"Dei gamle er unge menneske som har blitt eldre", seier eit vakkert visdomsord. Det er så kort avstand mellom å vere altfor ung og altfor gammal. Sjølv om ein blir eldre av år, er hjartet og sinnet gjerne ungt.
Ein eldre mann tek på seg ei svart skipperlue. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Livshausten

Med alderen blir ein meir moden, ein får meir erfaring og visdom, men behovet for trivsel og glede i kvardagen er det same. Alle menneske håpar på å kunne lene seg tilfredse tilbake i livshausten og nyte dei siste soldagane med ei indre ro.

Eldrebølga

Eldrebølga er eit omgrep som ofte blir nytta i samfunnsdebattar. Dette omgrepet skildrar korleis talet på eldre i samfunnet vil auke betrakteleg dei neste tiåra. I Noreg vil ifølge Statistisk sentralbyrå talet på menneske som er 70 år og eldre, auke fra 670 000 i 2020 til rundt 1,4 millionar i 2060. Det vil seie at kvar femte person vil vere over 70 år i 2060. Talet på personar over 80 år vil bli tredobla, mens talet over 90 år blir femdobla.

Aldringsprosessen

Aldringsprosessen blir definert som summen av dei endringane som gradvis vil ramme alle menneske, berre ein lever lenge nok. Med tida svekker aldringa organismen i ein slik grad at det ikkje lenger er grunnlag for liv. Aldring kan gi menneske plager og hemmingar, og mange eldre får behov for pleie og omsorg.

Kva er gammal?

Å bli gammal er ikkje einstydande med å bli sjuk og hjelpetrengande. Aldringsprosessen påverkar den enkelte på ulike måtar. Livsvanar som ernæring, mosjon, røyking og alkoholbruk vil påverke helsa til kvar enkelt og verke inn på kor raskt ein eldest. Genetiske tilhøve er òg avgjerande for aldringsmekanismane.

Dei fleste finn positive sider ved det å bli eldre. Å kunne gjere det ein sjølv har lyst til, nyte livet og sleppe krav og mas frå omgivnadene opnar nye moglegheiter. Korleis menneske i alderdommen taklar nye og ukjende situasjonar, er, som elles i livet, avhengig av mange faktorar, som til dømes personlegdom, erfaringar, situasjonen ein har komme opp i, trua ein har på seg sjølv og andre, og innstillinga frå omgivnadene.

Nokre eldre opplever einsemd og bitterheit i alderdommen. Dei kan føle at dei er ei byrde for dei nærmaste og for samfunnet, eller at livet ikkje vart slik dei håpa på. Når ein som gammal ser tilbake på åra som har gått, vil minna i stor grad vere med på å gi alderdommen innhald. Det å gjere opp status over livet er for nokon ei glede, mens det for andre er ein smertefull prosess.

Mange meiner at ressursane innan eldreomsorga er ikkje store nok. Ikkje sjeldan omtaler media eldre som ikkje får plass på sjukeheim, eldre som døyr åleine, eller andre urovekkande tilhøve.

Gerontologi er læra om alderdommen og aldringsprosessane. Det er eit medisinsk fagområde som handlar om helsa til eldre og korleis aldring kan påverkast. Geriatri er eit medisinsk fagområde som handlar om årsakene til aldersrelaterte sjukdommar og korleis dei kan førebyggast og behandlast. Aldringsprosessen startar allereie i 20-åra og påverkar alle organa i kroppen.

Utfordringar til deg

  1. Kva forbind du med aldring eller det å vere eldre?

  2. Kvifor er det interessant å jobbe med eldre menneske?
  3. Kva forstår du med omgrepet aldringsprosessen, og kva faktorar er det som påverkar aldringsprosessen til den enkelte?
  4. Kva er "eldrebølga", og korleis kan ho påverke arbeidssituasjonen for helsefagarbeidarar i framtida?
Kjelde

Statistisk sentralbyrå. (2020, 3. juni). Et historisk skifte: Snart flere eldre enn barn og unge. https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/et-historisk-skifte-flere-eldre-enn

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.05.2023

Læringsressursar

Eldre og helse