Fagstoff

Opplysningstida

Publisert: 23.03.2011, Oppdatert: 28.07.2017
Portrett av Ludvig HolbergLudvig Holberg 

Den mest sentrale dansk-norske forfattaren på 1700-tallet er Ludvig Holberg (1684–1754).

Eit nytt syn på verda

Frå midten av 1400-talet ser vi dei første teikna på ei utvikling i Europa som vi med eit overordna omgrep kallar for det moderne prosjektet. Denne utviklinga begynner å skyte fart på 1700-talet og varer heilt fram til vår eiga tid. Ho er prega av rasjonalitet, framstegstru og optimisme og fører etter kvart til gjennomgripande endringar på alle samfunnsområda.

Både kulturelle straumdrag og nye oppdagingar og oppfinningar er med på å bane veg for det moderne prosjektet, blant anna

  • renessansen og humanismen, som set mennesket og jordelivet i fokus.
  • oppfinninga av boktrykkarkunsten omkring 1450, som gjer det mogleg å spreie kunnskap raskare og til fleire enn tidlegare.
  • dei naturvitskaplege oppdagingane på 1500- og 1600-talet, som viser at naturen og universet er styrte av naturlover og som fører til at mellomalderens geosentriske verdsbilete blir avløyst av det heliosentriske.
Les meir

Frå geosentrisk til heliosentrisk verdensbilde

I 1543 beskriv astronomen Nikolaus Kopernikus (1473–1543) eit astronomisk verdsbilete som bryt med den rådande førestellinga om at jorda er sentrumet i universet. Kopernikus hevdar at jorda beveger seg rundt sola, ikkje omvendt, og at det er sola som er midtpunktet i universet. I denne heliosentriske modellen er jorda berre ein planet blant mange. På 1600-talet formulerer Isaac Newton (1642–1726) gravitasjonslova og rørslelovene som underbyggjer framstillinga til Kopernikus, og på 1700-talet er det heliosentriske verdsbiletet akseptert hos dei fleste lærde.

Fornufta som rettesnor

Det nye verdsbiletet møter likevel lenge sterk motstand frå kyrkja fordi det stemmer langt dårlegare med Bibelens ord enn den tradisjonelle geosentriske modellen. Gjennom heile mellomalderen har kyrkja hatt makta til å definere kva som er akseptert og sann kunnskap om Gud og verda. Vitskapsmenn som Kopernikus, Galilei og Newton er sterkt religiøse menneske, men i konflikten mellom kyrkja si lære og sjølvvunnen kunnskap vel dei å stole på si eiga fornuft. På denne måten rokkar dei ved makta og autoriteten til kyrkja.

skjul

 

Fornuft

Modernitet

Sjå gjerne dette video-klippet om modernitet dersom du vil vite litt meir om samfunnsendringane dei siste fem hundre åra.

For Newton og dei fleste andre lærde på 1600- og 1700-talet er mønstra og lovmessigheitene i naturen eit prov på Guds skaparhand. Dei ser på naturen som eit perfekt urverk, med Gud som den fornuftige urmakaren som har skapt både uret og lovene det fungerer etter. Menneska har fått fornufta og tenkeevna i gåve. Dei skal avsløre naturens løyndommar og gjere seg til herre over han.

Denne forståinga av verda og mennesket får etter kvart konsekvenser for alle andre samfunnsområda. Politikk, lovverk, økonomi, religion, alt skal granskast kritisk. Mennesket skal ikkje lenger berre godta at andre bestemmer og tenkjer for det, det skal tenkje sjølv.

Fridom

Fordi mennesket er utstyrt med ein guddommeleg gneiste – fornufta –, har det blant anna grunnleggjande naturlege rettar som står over menneskeskapte lover. Blant desse er retten til liv, til fridom og til eigedom. Denne tanken finn vi nedfelt i den amerikanske sjølvstendefråsegna frå 1776, der desse rettane blir erklærte for sjølvinnlysande sanningar:

Forsida på den store franske ensyklopedien  

Med opplysning som formål

 

Å samle all kunnskap i verda og gjere han tilgjengeleg for alle:

 

Dette var ambisjonen bak den franske ensyklopedien, eit enormt leksikon skapt i samarbeid av over hundre framifrå vitenskapsmenn, filosofar og forfattarar i perioden frå 1750 til rundt 1780.

 

Les meir
Opplysningsfilosofen og forfattaren Denis Diderot (1713–1783) var redaktør og leiar for prosjektet, som møtte til dels sterk motstand, særleg frå den katolske kyrkja.

 

Men ensyklopedien blei ein enorm salssuksess, og enda verket blei offisielt forbode både i 1752 og i 1759, godtok styresmaktene i det stille at arbeidet heldt fram.

skjul

"We hold these truths to be self-evident, that all men are created equal, that they are endowed by their Creator with certain unalienable Rights, that among these are Life, Liberty and the pursuit of Happiness."

(Den første europeiske menneskerettsfråsegna er den franske fråsegna om mennesket og borgarane sine rettane frå 1789. Ho byggjer i stor grad på den amerikanske sjølvstendefråsegna.)

Framsteg

For opplysningstidas tenkjarar er kunnskap ikkje noko mål i seg sjølv. Dei vil bruke han til beste for menneska og er overtydde om at kunnskap og opplysning vil lyfte og foredle både menneske og samfunn, steg for steg. Vi kan seie at utviklinga mot ei moderne verd er styrt av "tre f-ar": fridom, fornuft og framsteg. Verda skal framover, menneska skal bli frie – og fornufta skal styre denne prosessen.

Litteraturen på 1700-talet

Forfattarane på 1700-talet er inspirerte av dei nye tankane. Både sakprosaen og skjønnlitteraturen frå denne tida speglar trua på at fornuft og opplysning er vegen til framsteg og til eit meir rettferdig samfunn. Men vegen fram mot målet er lang: Storparten av befolkninga på 1700-talet har ikkje meir skolegang enn ei viss opplæring i kristendom og lesing; utdanning og personleg og politisk fridom er noko dei fleste knapt kan drøyme om.

Fagstoff og oppgåver til kapitlet

I den språk- og litteraturhistoriske tidslinja finn du ein periodeomtale som gir deg oversikt over tid og samfunn, litteratur og språk. I tillegg inneheld tidslinja grundige omtalar av to sentrale forfattarar frå perioden, Ludvig Holberg og Johan Herman Wessel. Oppgåver og tekstar du skal lese, finn du på kapittelsidene.

Litteratur

Litteratur

 

Andersen, P. Th. (2008) Modernismen. Tverrestetiske peilinger i musikk, billedkunst og litteratur. Bergen: Fagbokforlaget.

 

Bredsdorff, Th. (1975) Digternes natur. En idés historie i 1700-tallets danske poesi. København: Gyldendal.

 

Grossbongardt, A. (2009) Umsturz wider Willen. Der Spiegel Geschichte Nr. 5/2009: Die Geburt der Moderne, s. 84–87.

 

skjul